Anmeldelse

Broken Sword: Shadow of the Templars Reforged

Eventyrklassikar i ny drakt

George og Nico er er flottare enn nokon gong i dette oppussingsprosjektet.

Øystein Furevik/Gamer.no

Den nesten 30 år gamle peik- og klikk-klassikaren Broken Sword: The Shadow of the Templars er i år tilbake i ny og oppussa drakt. I spelet møter vi amerikanaren George Stobbart som tenkjer han berre skal nyte hausten i Paris med ein liten kafètur. Umiddelbart går det skeis då ein klovn hoppar og dansar inn i kafeen, og set frå seg ei bombe som snur opp ned på livet til George.

Det som ventar er eit av dei mest minneverdige peik- og klikk-eventyra frå 90-talet. Eit eventyr som tek oss med til fleire ulike stadar i både Paris og Europa, samt ein liten svipptur til midt-austen, medan vi kanskje lærer litt om europeisk middelalderhistorie i same slengen.

Dette vekkjer mange minne.
Øystein Furevik/Gamer.no

Utdatert sjanger?

Peik- og klikk-eventyr er kanskje ikkje den type spel vi ser mest av no for tida. Tiktok-generasjonen har moglegvis litt for lite tolmod til akkurat det, men på 90-talet var denne sjangeren brennheit. Frå King's Quest til Monkey Island og seinare Broken Sword, var peik- og klikk-sjangeren ein serie med spel med ulik tonart og tematikk som hadde gåter i sentrum. Gå til område, studer område, finn ting, finn gåte, bruk ting til å løyse gåte.

Broken Sword var ikkje annleis, men det var gjort litt annleis. Det bydde på ei detektivhistorie med tunge historiske element. Det tok oss med til verkelege stadar i verkelege land, og skapte med dette eit fundament under den spanande historia som andre spel ikkje hadde.

Kor godt dette fundamentet er nesten 30 år seinare er ei anna sak. Eg var fjorten år då eg spelte spelet, og sprekkane er litt tydelegare så mange år seinare.

Det er likevel heilt nydeleg å vere tilbake. Høyre stemma til George som opnar spelet, og sjå dette sære og fascinerande persongalleriet igjen. Historia turar framover i eit stødige tempo, tek oss til stadig nye område, og introduserer oss for ei lang rekke personar som så og seie alltid har sine sære og bisarre sider. Det er dramatikk, mord og alvor i spelet, men òg mykje humor. Mykje herleg tørr, britisk humor.

Eitt og anna kunne likevel ha vore betre. Tidleg møter George Nico Collard, ei vakker, ung dame George kjapt blir interessert i. Ser vi at det utviklar seg eit forhold mellom dei? Nei, det berre brått er slik, og dette gjeld ikkje berre kjærleiken. Turar til Irland of Spania, for å nemne noko, endar med filmsekvensar som hintar om at no skal vi finne noko viktig, berre for å gå i svart og plante oss på sofaen til Nico der vi kjapt oppsummerer kva som har skjedd. Det er lett å få kjensla av at noko manglar.

Den nye grafikken gjev mykje av persongalleriet langt tydelegare personlegdom.

Eit ekte oppussingprosjekt

For å pusse opp Broken Sword har Revolution verkeleg gjort jobben sin. Dei har ikkje berre pynta på det eller oppskalert det med billege verkty. I staden har dei gått tilbake og skanna inn dei originale blyantteikningane som blei brukt i originalversjonen. Desse har dei så fargelagt på ny, samt lagt til langt fleire små detaljar.

Dette gjeld ikkje berre bakgrunnane, men og kvar einaste animasjonscelle, noko som resulterer i eit sylskarpt bilete, speiselt om ein samanliknar med originalen som med dagens oppløysing nesten ser ut som graut i samanlikning. Artig nok kan ein ved eit knappetrykk skifte mellom nytt og gammalt, og det gjekk for meg sport i å alltid sjekke korleis originalen såg ut.

For det aller meste er det ei absolutt forbetring. Spesielt personane og alle animerte element er noko heilt anna. Små endringar er gjort, men jamt over sit vi igjen med langt meir ekspressive og levande figurar som er som henta rett ut av ein teiknefilm, og det er lett å få kjensla av at spelet no endeleg har blitt det spelet utviklarane opphaveleg ynskja det skulle vere.

Dei pene bakgrunnane er òg nydelege, men ei hakket meir ujamn oppleving. Jamt over ser det heile veldig bra ut, det er ingen tvil om det, og eg føretrekk absolutt å spele med ny grafikk kontra gammal. Eg er likevel ikkje heilt overbevist om at ting alltid er gjort på beste måte. Mange scener er nydelege, fulle av liv, nye detaljar og dei tolkar originalane på eksemplarisk vis. Spesielt område der mykje skjer er veldig bra. Det som før kunne bli kaotisk og utydeleg no er skarpt og detaljert.

Det finnest likevel unntak, og enkelte område, spesielt dei med mykje gras, tre eller store flater som fjellsider og berg ser no og då nesten ut som om kunstnaren har blitt lei og ville få det unnagjort fort. Dei originale bakgrunnane kjem som regel litt betre ut. Dei har litt meir karakter, hakket meir sjel.

Tenk fort!

Lett å spele

Det er ikkje berre det visuelle som har fått seg ei oppgradering. Sjølve kontrollsystemet er òg endra for å gjere det heile enklare og lettare å forstå. Som dei fleste peik- og klikk-eventyr styrer du det heile med musa. Du klikkar dit du vil gå, og held den over ting for å sjå om du kan finne noko spanande. Kontrollane var alltid enkle, men no brukar ein berre høgre og venstre museknapp for å velje om ein vil sjå på noko, eller gjere noko med det.

Vidare har utviklarane lagt inn eit ganske omfattande hintsystem du kan slå av og på i så stor grad som ein vil. Tida der ein må på nett for å finne ein guide er med andre ord utvilsamt over.

No vil alle ting av potensiell interesse kunne lyse opp slik at vi slepp leite gjennom landskapet med lupe. Du kan i tillegg velje at alt du har klikka deg ferdig med og ikkje kan bruke meir, blir gråa ut og gjort utilgjengeleg for vidare klikking. For enda meir hjelp kan du velje at spelet skal fortelje deg kva ditt neste steg bør vere i form av at markøren lyser blått når du kjem i kontakt med det.

På toppen av alt dette ligg ein eigen hintmeny. Her får du ei oppsummering av kva du har gjort så langt, alltid kjekt om ein skulle måtte ta pause nokre dagar av ein eller annan grunn. Deretter kan ein velje å få eit hint om kva ein bør gjere, og ein kan velje om nye hint skal bli tilgjengelege så ofte som kvar 30 sekund, eller så sjeldan som kvar heile time.

Ein kan sjølvsagt stille spørsmål ved kor mykje spel som er igjen om ein set på all denne hjelpa, men eg vil meine det er betre enn å måtte gå til ein guide kvar einaste gong ein sit fast. Ein kan uansett slå av alt og spele spelet på gamlemåten om ein så ynskjer.

Dei nye versjonane skil seg no og då markant frå originalen.

Konklusjon

Broken Sword: The Shadow of the Templars er og blir eit herleg og underhaldande eventyrspel. Då det blei lansert i 1996 tok det animerte spel til nye høgder, og blanda fiksjon med historie på ein utruleg spanande måte eg vil tru gav mange meir interesse for verdshistoria enn kva dei trauste skulebøkene nokon gong var i stand til.

Sjølv om alderen merkast no og då, har det likevel halde seg veldig bra. Historia er god og spanande, karakterane artige, og dei mange situasjonane ein hamnar i er spanande og underhaldande. Det er sjeldan tida går så for når ein spelar spel i denne sjangren.

Forbetringane som er gjort er svært gode, og det er heilt fantastisk å kunne spele denne klassikaren med så lekker grafikk som det Broken Sword Reforged byr på. Dei nye figuranimasjonane er natt og dag samanlikna med originalen, og viser verkeleg kor mykje betre desse er enn 3D-modellane brukt i nyare spel.

Å spele Broken Sword: Shadow of the Templars Reforged har vore ei sann glede, og no kan vi berre håpe på at Revolution pussar opp Broken Sword: The Smoking Mirror på same vis.

Broken Sword – Shadow of the Templars: Reforged lanserast for Windows (testa), PlayStation 4, PlayStation 5, Xbox One, Xbox Series og Nintendo Switch 19. september.

8
/10
Broken Sword - Shadow of the Templars: Reforged
Eit gledeleg gjensyn med ein gammal klassikar.

Siste fra forsiden