Tidlegare i år lanserte Silikon Knights-veteranane i Precursor Games ein Kickstarter-kampanje for Shadow of the Eternals, den andelege oppfølgjaren til GameCube-grøssaren Eternal Darkness: Sanity's Requiem. Den kampanjen gjekk på ingen måte bra, og dei enda opp med å avbryte kampanjen for å finne ein betre måte å gjere ting på.
No er dei tilbake på Kickstarter, fortel dei oss i ei pressemelding. I løpet av den neste månaden håpar dei på å samle inn 750 000 dollar for å lage det Lovercraft-inspirerte spelet. Med seg på laget har dei fått Solid Snake-skodespelar David Hayter som skal ha stemma til etterforskaren Paul Becker.
Galskap og grøss
I Shadow of the Eternals tek vi i utgangspunktet på oss rolla som Paul Becker. Han reiser til sjukehuset Pleasant View for å etterforske ei blodig massakre som etterlet seg berre to levande. Den eine ser ut som ein forretningsmann og den andre ein motorsykkeltøffing.
Ingen av dei to veit kven dei er, men er likevel innstilt på å ta livet av kvarandre. Gjennom fleire avhør av dei to vil Paul Becker etter kvart grave fram eit mysterium som sender oss tilbake til 1600-talet og massemordaren Erzsébet Báthory. Som mange sikkert veit var Báthory med på å skape mange vampyrlegender. Ho drakk ikkje blodet til dei mange jentene ho ofra, men ho bada i staden i blodet deira i eit mål om å alltid vere vakker.
I tillegg til å spele som Paul Becker vil vi på 1600-talet få spele som Báthorys tenar og elskar Klára. Ho blir pressa av myndigheitene for å skaffe informasjon om ei forsvunnen jente.
Utviklarane lovar at spelet vil by på både action, magi og utforsking. Kampane blir på si side taktiske og du vil kunne velje kva kroppsdel du vil angripe. Magien krev tid og kan vere risikabel å utføre. Viktigast av alt blir derimot utforsking, der du enten må liste deg forsiktig forbi farar, undersøke gjenstandar, eller snakke med folk for å kome deg vidare.
Vil inkludere fansen
Precursor Games lovar at alle som støttar kampanjen vil få vere med på utviklinga gjennom eit nettforum. Der kan folk dele idear, om dei så er innanfor gameplay, visuell design eller kva personar og skapningar du møter i spelet.
I tillegg kan du få direkte innverknad på viktige historieelement i spelet, lovar utviklarane. Korleis Precursor Games ser føre seg at det skal fungere når potensielt hundrevis av folk sleng ut alle ideane sine seier dei ikkje noko om, men vi får tru dei har ein plan på plass.
Shadow of the Eternals skal etter planen bli ferdig til oktober neste år. Om dei samlar inn nok pengar vil dei skru saman ein PlayStation 4-versjon.
Les også: Sviande nederlag for Silikon Knights Les også: Refleksjon: Ikke glem skrekkspillene