Under E3-messa i 2011 viste EA for første gong glimt frå Insomniac sitt aller første multiplattformspel. Den gong heitte det Overstrike, og gjennom ein stramt regissert konseptvideo fekk vi sjå at utviklarane bak Ratchet & Clank og Resistance ser ut til å ha både humor og våpenglede inntakt. Sidan den gong har det derimot vore farleg stille om spelet.
Men i dag har EA i ei pressemelding kunngjort at Overstrike skiftar namn til Fuse, samtidig som dei har gjeve oss meir informasjon om spelet. Fuse blir eit lagbasert og historiedrive spel der du i rolla som ein av fire heltar må kjempe for å redde planeten frå den utanomjordiske energikjelda Fuse.
I spelet vil du få tilgang på vanvittige og eksperimentelle våpen basert på den farlege energikjelda, og dei kan ha veldig uventa konsekvensar. I tillegg vil du kunne hoppe mellom dei fire karakterane når som helst, sjølv om du skulle spele på nettet saman med andre.
Samarbeid vil bli viktig, og ved å kombinere eigenskapar kan spelarane få nye oppgraderingar som gjer dei enda sterkare.
Ted Price, Insomniac Games-stiftar og CEO utbroderar:
– Fuse demonstrerer det Insomniac gjer best: sinnssjuk våpendesign, over toppen-action og ei god dose humor. Vi er spesielt spente på å sjå korleis spelarane kjem til å bruke samarbeidsfunksjonen med dei ulike Fuse-våpna for å stoppe det destruktive våpenkappløpet som er i ferd med å utvikle seg i spelet.
Fuse blir lansert i mars 2013.
For å halde deg oppdatert på alle dei ferskaste lanseringsdatoane, sjekk ut vår spelkalender.
Les også: Anmeldelse: The Ratchet & Clank Trilogy Les også: Anmeldelse: Resistance 3