Anmeldelse

The Legend of Zelda: Echoes of Wisdom

Eit sjarmerande og djupt engasjerande eventyr

Zelda legg ut på tur i sitt første sjølvstendige eventyr, og det med stort hell.

Nintendo

No står vi altså her, med eit flunkande nytt Zelda-spel, og alt er både nytt og velkjent på ei og same tid. Det vi har fått er ein retur til Zelda på gamlemåten. Eit spel som i utforming kan minne mykje om ein av mine absolutte favorittar; A Link to the Past. The Legend of Zelda: Echoes of Wisdom er ei stor lita verd som er enkel å navigere, men likevel så full av ting å sjå, gjere og leite seg fram til at timane flyg av garde.

Echoes of Wisdom er eit spel som etter mitt syn er langt meir underhaldande og engasjerande enn både Breath of the Wild og Tears of the Kingdom. Eg har litt avsmak for spel der eg må springe mykje utan musikk. Her er det full rulle heile tida, alltid moro, og heilt blotta for dødtid. Kvar millimeter er utnytta og du finn ingen store, opne område utan mykje å gjere. Musikken rullar og går utan stopp, og kjende melodiar blandar seg med nye i ei musikalsk drakt som ivaretek essensen av Zelda-musikk på nydeleg vis.

Om du er ein av dei som saknar korleis Zelda var før i tida, med store kart fulle av grotter som skulle utforskast på jakt etter nøklar, hjarte og store fiendar, er Echoes of Wisdom for deg.

Dette ser verkeleg ikkje bra ut!
Nintendo

Prinsesse på tur

I Echoes of Wisdom møter vi som vanleg Zelda og Link i ein dramatisk situasjon. Ting blir derimot snudd litt på hovudet denne gongen, og i det Link prøvar å redde Zelda ut av ein krystall, blir han sugd inn i ei mystisk rift. Igjen sit Zelda og blir kontakta av ein flygande skapning som gjev ho ein magisk tryllestav og ei bøn om å fikse problema. Rifter opnar seg over heile verda, et opp landsbyar og slott og sluker dei som bur der.

Medan folk og landområde blir etne opp av desse riftene byrjar eventyret til Zelda, og det blir umiddelbart tydeleg at Nintendo ser på kreativitet som ein viktig del av kva Zelda-serien er no. Med tryllestaven kan Zelda kopiere mykje av det ho møter i verda. Det kan vere fiendar, eller det kan vere senger, eller kanskje ei potteplante.

Formålet med denne kopieringa er å skape ekko av det som er kopiert, og desse ekkoa kan og må brukast når verda skal utforskast. Monsterekko blir henta fram for å hamle opp med fiendane Zelda ikkje er barsk nok til å banke opp sjølv, og daglegdagse ting som senger blir stabla opp på kvarande for å kome seg opp til ein avsats der ei hule ligg og ventar.

Bruken av ekko er ikkje berre ein viktig del av spelet, det er spelet. Det er lenge sidan eg har hatt slik kreativ moro som eg har møtt på i dette spelet, men å springe rundt i Hyrule og kome over noko du vil ha tak i, og så prøve å finne ut kva du kan bruke for å kome deg dit sluttar aldri å vere fantastisk moro. Som regel er det mange måtar å gjere ting på. Du kan bygge bruer med møblar, gli over kløfter ved å henge fast i fuglar, og jamt over finne dine eigne løysingar. Ofte har eg lurt på om det eigentleg er meininga eg skal kunne nå område eg har utforska. Iveren etter å gå på oppdagingsferd er stor, og løna umiddelbar.

Klassiske grotter er tilbake!
Nintendo

Flott balansegang

Spelet er pakka inn i varme fargar, sjarmerande figurar og ein haug viltre monster. Det gamle og kjende er tilbake, men mykje av det som først dukka opp i Breath of the Wild dukkar òg opp her, om enn i ei hakket meir karikert form. Det er likevel kanskje litt meir historie her enn det treng vere. Eg spelar ikkje slike spel for å høyre på folk tyte om koreis dei aldri vil bli like sterke som far sin, men eg må det likevel, og eg kjenner tommelen raskt blir utolmodig når eg må gjennom litt vel mykje dialog.

Dette er likevel ein liten bit av spelet. Det som tek opp tida di mest av alt er å gjere ulike oppdrag, enten essensielle eller valfrie. Alle er moro. Sjølv valfrie og trivielle oppdrag er verde å få med seg. Dei tek ikkje lang tid, og løna di kan raskt vere ein liten bit av eit nytt hjarte til livslinja.

Den store stjerna er likevel grottene. For mange Zelda-veteranar var dette eit ganske sårt tap i Breath of the Wild, og det er flott å ha dei tilbake, like kreative som vi hugsar dei. Desse byr på ei kjend oppskrift der du utforskar grottekompleks i fleire nivå. Du samlar inn nøklar, låser opp dører og må navigere deg gjennom ei og anna praktisk utfordring der du får vise kva du har lært om korleis spelet fungerer.

Du møter på det eine puslespelet etter det andre, og genistreken er at det sjeldan er veldig vanskeleg. Det er akkurat der at du raskt kjem deg gjennom og kjenner på at du faktisk gjer noko heile tida. Om kvar vesle nøtt skulle vere brutalt vanskeleg å forstå tippar eg at mange ville gått lei fort. Dette er ikkje eit spel der du brukar mykje tid på å finne ut kva neste steg er, i staden berre tek du det, og går vidare.

Er du skada er senga den beste medisin.
Nintendo

Alle medaljar har ei bakside

Sjølv om Echoes of Wisdom byr på mykje herleg underhaldning er likevel ikkje alle element fulltreffarar. Eg er svært kritisk til korleis Nintendo har løyst ekkoinventaret. Skal du leite fram eit ekko held du inne ein knapp og får opp ei svært lang vassrett liste som blir lengre og lengre, og fyller seg opp med mange nye ekko for kvart nye område du går inn i.

Det er tungvindt som fy, og det blir etter kvart så mykje å velje i at det er lett å gløyme at eit ekko eksisterer. Meir enn ein gong har eg kome meg vidare via unødig tungvindte løysingar fordi betre alternativ har forsvunne i eit mylder av ekko eg nesten ikkje visste eg hadde. Min feil kanskje, men Nintendo gjer det ikkje lett å hugse alt heller.

Kampane er òg ei utfordring. Å mane fram monster for å kjempe for deg er ein artig idè, men ikkje alltid ei god teknisk løysing. Det kan vere veldig moro å hente inn ein diger bastard med øks for å daske nokre moblins, men det er ikkje alltid like triveleg. Enkelte fiendar, som til dømes flygande, symjande eller skytande fiendar er trege i avtrekkaren. Det er lett for fiendar å stikke av på den tida angrepet tek å bli utført. Som regel går det heilt fint, men hjelpe meg kor møk lei eg er av å prøve å sende fuglar mot fuglar berre for å sjå dei fly i ring rundt kvarandre.

Nesten som for å gni salt i såret får du spele som du er vand med. Zelda har magisk kraft som let ho omforme seg til ein sverdsvingar, og her får du bruke sverd, boge og meir. Det er så mykje meir moro at det nesten blir hånleg. Å svinge rundt seg med sverdet er både kjekkare og meir effektivt, men du får berre halde på så lenge du har nok magi i meteret. Er ein inne i rifter får ein konstant påfyll av denne magien, men utanfor må ein belage seg på å lage energigivande smoothiar hos den lokale smoothiesjappa. Det er lett å fantasere om korleis spelet kunne ha vore betre med meir slik kamp.

Med denne magiske strålen kan du gripe tak i både ting og monster.
Nintendo

Konklusjon

The Legend of Zelda: Echoes of Wisdom er eit flott og engasjerande eventyr som hentar tilbake dei beste minna og mekanikkane frå gamle Zelda-spel, og blandar det med mykje nytt frå heile seriens historie.

Resultatet er eit fargerikt, koseleg og djupt engasjerande spel som aldri stoppar å underhalde. Det er alltid ein ny stad å gå, noko nytt å finne eller gjere og ting å bli betre i.

Det har nokre bølgedalar, og det er absolutt ting som gjerne kunne ha vore betre, men sjølve strukturen er nydeleg. Den kreative bruken med å kopiere gjenstandar og monster for å bruke dei sjølv er konstant underhaldande, og byr på store mengder moro og engasjement der ein pønskar ut kursen vidare.

Om dette er framtida Nintendo ser føre seg med Zelda-serien framover, der vi får både storslagne spel som Tears of the Kingdom, og meir kompakte og lettbeinte eventyr som Echoes of Wisdom om kvarandre, er det ei framtid eg tek i mot med opne armar.

8
/10
The Legend of Zelda: Echoes of Wisdom
Eit engasjerande og kreativt eventyr.

Siste fra forsiden