Feature

God of War Ragnarök – PC

Eit av tidenes beste actionspel er blitt endå betre

Då var det på tide å investere i skikkeleg gaming-PC, ja.

Sony

Eg har sakna Kratos og Atreus. Dei nye God of War-spela er blitt ein av mine soleklare favorittseriar, og denne veka er Ragnarok lansert i full master race-modus på PC.

Me har pløya gjennom dei første 15 timane på utkikk etter teknisk kluss og surr, og heldigvis er det ikkje all verda å finne.

Spelet har fått ein drøss med negative tilbakemeldingar på Steam, men det skuldast først og fremst det same problemet som Sony har hatt sidan Helldivers II – nemleg at du treng Sony-konto på PC.

For oss her i Noreg er ikkje det noko problem, og du treng berre å logge inn éin gong for å få tilgang på prestasjonar og PlayStation-trofe.

Ikkje noko å stresse for, altså.

Best på PC – sjølvsagt

Høgare oppløysing, ulåst biletefrekvens, støtte for ultrabreie sideforhold og ein del nye grafikkalternativ er blant trekkplastera for PC-versjonen.

Visuelt sett er det penare enn PlayStation 5-versjonen, men det er først og fremst punkta over som gjer dette til den beste utgåva av spelet. Eg mistenker at Sony bremser litt for å opne for ei PS5 Pro-oppussing etter kvart.

Teksturarbeidet er imponerande godt løyst.

Du får – som på PS5 – ein heil drøss med ulike måtar å tilpasse spelet gjennom menyane, og også moglegheita til å justere ned kor ofte kompanjongane dine kjem med tips om du er treig i gåteløysinga.

Jetpack Interactive står bak PC-versjonen. Dei laga også PC-utgåva av det første God of War-spelet i den nye serien, som var aldeles strålande.

God of War Ragnarök er ikkje noko unntak.

Få feil

Optimaliseringsarbeidet i spelet imponerer.

Det har kome nokre meldingar om at det ikkje er mogleg å starte spelet om du har eit skjermkort med mindre enn 6 GB videominne, men eldre kort kan likevel køyre det med litt innstillingstriksing og ein modifikasjon.

Så langt er det også nokre få postar på sosiale medium om problem med yting.

Nye God of War er ei visuell gåvepakke, men krev ikkje altfor mykje å køyre. Her er krava, då utan KI-oppskalering.
PlayStation
Vis mer

Eg har spurta meg gjennom første delen av spelet, og er kome til slutten av Vanaheim. På vegen har eg stort sett brukt eit Nvidia RTX 4090.

Dei einaste tekniske problema eg har vore borti, er at ikona ikkje ser særleg bra ut i anna enn 4K og litt hakking ved nokre ytst få stadar dersom spelet køyrer i nokre timar.

Det er bagatellar.

4090-en leverer jamt over svært høg biletefrekvens i 4K:

RTX 4090 (Ultra)Gjennomsnitt FPS1 % minste-FPS gjennomsnitt
3840x2160 (4K)10487
2560x1440150119
1920x1080175138

Desse målingane er tatt i Svartalvheim, som er ganske representativt for dei første 10–15 timane.

Unntaket er områda rundt Yggdrasil, der biletefrekvensen kan falle ned på 50–60 i 4K. Det tippar eg blir nappa ut etter ei oppdatering eller to.

Her kan du vente deg litt trøbbel med biletefrekvensen. Det blir endå verre utanfor hytta til dvergane.
Gamer.no
Vis mer

Nydeleg spel

Grafikkmenyen har ein del snacks å leike med. Strålesporing og ein slider for synsvinkel er sakna, men elles har du det meste du treng.

Det er snart to år sidan God of War Ragnarok kom ut. Sjølv om grafikken ikkje er heilt 2024-standard på PC, er det eit nydeleg spel.

Vanlegvis anbefaler me eit sett av innstillingar du bør skru ned for å få litt meir yting utan å ofre særleg med visuell kvalitet, men forskjellane både når det gjeld utsjånad og yting er ganske små.

Det visuelle, både teknisk og kunststilmessig, er meisterleg handverk.
Gamer.no
Vis mer

Det er litt keisamt for dei med kraftige skjermkort, men ein fordel for dei med rimelegare kort.

Skjermkortet kjem til å vere flaskehalsen omtrent uansett kva du har i maskinen, og då er det greitt at low-innstillingane ikkje er heilt 2008.

RTX 4090 (4K)Gjennomsnitt FPS1 % minste-FPS gjennomsnitt
Ultra10487
Ultra + DLSS Quality140114
Ultra + DLSS Quality + Frame generation164145
High11495
Medium130109
Low161131

Du skal følge godt med for å merke noko visuell forskjell på High og Ultra. High er slik sett gullhårsonen her.

Det verkar som skuggekvalitet, modellkvalitet og refleksjonar et mest av biletefrekvensen blant innstillingane opp frå High til Ultra, så du kan begynne å skru ned dei om du vil halde mest mogleg på ultra og likevel løfte biletefrekvensen litt.

Forskjellane mellom ultra og low er tidvis ganske små. Her ser biletet svært likt ut, og det er berre 15 FPS som skil dei to. Vis mer

Kva innstillingar som krev mest, vil variere litt frå kva område du er i.

Til dømes har Nivlheim ein del meir tåke og skodde enn andre område, som gjer at «atmospherics»-innstillinga er meir krevjande der.

Gammal travar held stand

RTX 3060 er framleis det mest populære skjermkortet ifølge Steam sin eigen statistikk, og det er meir enn kraftig nok for å spele God of War på dei høgare innstillingsnivåa:

RTX 3060 (Ultra)Gjennomsnitt FPS1 % minste-FPS gjennomsnitt
3840x2160 (4K)2420
4K, DLSS Balanced3932
2560x14403831
2560x1440, DLSS Balanced5645
1920x10805140
1920x1080, DLSS Balanced6652

Skru ned innstillingane litt, så ligg du godt over 60 bilete i sekundet gjennom heile spelet med ein del eldre, rimelegare skjermkort.

Frame generation vil sjølvsagt løfte biletefrekvensen betydeleg om du har eit skjermkort frå siste generasjon, men Nvidia-brukarar må førebels nøye seg med AMD sin frame generation her.

Nye God of War er ei visuell gåvepakke, men krev ikkje altfor mykje å køyre. Her er krava, då utan KI-oppskalering.
PlayStation
Vis mer

Konklusjon

Eg er fullstendig hekta på God of War Ragnarök, sjølv om det er eit knapt år sidan eg spelte gjennom det på PS5 sist.

Det er ein stor fordel med ulåst biletefrekvens i actionspel som dette, og det er noko heilt anna å oppleve dei ni rika i 100–150 FPS i 4K enn det var i 60 FPS og 1440p på PS5.

Eg skulle ønske utviklarane hadde gjort det vesle ekstra for å løfte den grafiske kvaliteten, men Ragnarök er framleis eit vakkert eventyr.

Dette er eit av dei beste actionrollespela nokosinne laga, og dette er den beste versjonen av spelet.

Så kva er det du ventar på?

Ledige stillinger
Bilmekaniker
Søknadsfrist:
Løpende
Systems Consultant – Virtualization
Søknadsfrist:
Løpende
Produksjonsmedarbeider / Tekniker
Søknadsfrist:
Løpende
Salgskonsulent
Søknadsfrist:
Løpende
Prosjektleder
Søknadsfrist:
Løpende
Tekniker på Livredningsutstyr
Søknadsfrist:
Løpende
BPA assistent
Søknadsfrist:
Løpende
BPA assistent
Søknadsfrist:
20.03.2025
Nybilselger
Søknadsfrist:
Løpende
Restaurantmedarbeidere
Søknadsfrist:
Løpende
Selger (22%)
Søknadsfrist:
Løpende
Selger (30-70%)
Søknadsfrist:
Løpende
Automasjon commission Engineers / Teknikere
Søknadsfrist:
Løpende
BPA assistent
Søknadsfrist:
Løpende
Bruktbilselger
Søknadsfrist:
Løpende
Funksjonsassistent
Søknadsfrist:
Løpende
Forsikringsrådgiver
Søknadsfrist:
Løpende
Produktingeniør
Søknadsfrist:
Løpende
Lead Mainframe Specialist – zHardware Systems (HMC/HCD)
Søknadsfrist:
Løpende
Erfarne Data Engineers
Søknadsfrist:
Løpende
Forsikringsrådgiver
Søknadsfrist:
Løpende
Bilselger
Søknadsfrist:
Løpende
Data Platform Developer
Søknadsfrist:
Løpende
DevOps Engineer
Søknadsfrist:
Løpende
Servicerådgiver
Søknadsfrist:
Løpende
Head of Workshop
Søknadsfrist:
Løpende
Erfarne utviklere
Søknadsfrist:
Løpende
Bilmekaniker
Søknadsfrist:
Løpende
Systems Consultant – Virtualization
Søknadsfrist:
Løpende
Produksjonsmedarbeider / Tekniker
Søknadsfrist:
Løpende
Salgskonsulent
Søknadsfrist:
Løpende
Prosjektleder
Søknadsfrist:
Løpende
Tekniker på Livredningsutstyr
Søknadsfrist:
Løpende
BPA assistent
Søknadsfrist:
Løpende
BPA assistent
Søknadsfrist:
20.03.2025

Kommentarer (18)

Logg inn for å delta i diskusjonen.
Tråd
LampeLars94
6 måneder siden

Dette er faen meg ikke et av tidenes beste actionspill.

Hvordan kan man lire av seg slikt fjas?

Peteguy
6 måneder siden

Skulle ønske jeg ikke hadde spilt dette på ps5 så jeg kunne testet det på pc. Lite replay value på de 2 siste spillene. En av de beste action-adventure spillene i nyere tid kan jeg si meg enig i. Valhalla var også en veldig god avslutning.

Edit:typo

MrLuni
6 måneder siden

For meg så er det 5-6 spill som er soleklar, sylskarp, "sprenger skala", perfekt 10/10 spill.

God of War og Ragnarok ligger under dette og kan regnes som et spill.

(ganske sikker på at feelingen er forsterket om du selv er foreldre siden det er mye far og sønn story)

Til dem som kanskje lurer.

Divinity: Original Sin 2

Final Fantasy 7 og 8 da jeg spilte dem når dem kom ut.

Metal Gear Solid serien da alle kan regnes som et spill.

Finnes kanskje andre men ikke som jeg kommer på farta.

MrLuni
6 måneder siden
LampeLars94 skrev:

Dette er faen meg ikke et av tidenes beste actionspill.

Hvordan kan man lire av seg slikt fjas?

For meg så er det 10/10 hele veien.
Elgen-Hansi
6 måneder siden
LampeLars94 skrev (1 time siden):

Dette er faen meg ikke et av tidenes beste actionspill.

Hvordan kan man lire av seg slikt fjas?

Fordi det er subjektivt kanskje?

Eller er du gud og dommer over hva som er bra her i verden?

Siste fra forsiden