– Eg er elendig i Counter-Strike, og blir berre gåande i ring

Politikar Mímir Kristjánsson trur satsing på e-sport og gaming kan bli ein måte å nå ut til unge, frustrerte menn.

Erlend Garvik i Einherjar viste Raudt-politikarane Ole Ronny Koldal og Mímir Kristjánsson rundt i lokala på kjøpesenteret.
Mikkjell Lønning

SANDNESPOSTEN/GAMER.NO: Mímir Kristjánsson er moglegvis årets mest hyppig portretterte mann i media. Det er ein drøy månad sidan han lanserte den nye boka si, der han fortel om farens forhold til alkohol og sitt eige livet liv som «fyllik».

Sjeldan får norske bøker så mykje omtale i pressa.

Og det har gitt klirrande mynt i kassa for Raudt-politikaren. Forlaget har trykt opp eit tredje opplag, og Kristjánsson har hausta gode tilbakemeldingar frå kritikarane.

– Det har gått utruleg bra. Men det kjekkaste er jo det som renn inn av e-postar, tekstmeldingar og meldingar på sosiale medium. Kanskje særleg frå dei med liknande familiehistorier. Så er det veldig mange snille menneske som gir meg råd til korleis eg kan drikke mindre, som er moro. Eg har fått høyre alt frå Jesus til psykedelisk sopp.

– Så trist

Politikaren er på tur til Sandnes for å nå ut til unge, frustrerte menn. Ei gruppe som venstresida i stadig mindre grad klarar å mobilisere.

Kristjánsson har dratt med lokalpolitikarkollega Ole Ronny Koldal frå Sandnes Raudt inn i det me må anta dei ser på som sandneskapitalismens katedral; Kvadrat.

– Er den politiske vegen til den unge mannens hjarte gjennom å fortelje ope om eige forhold til rus? Du tar ein Velle?

– Hehe. Ja, menn har framleis dei største og tyngste problema med alkohol, og det er dei som er verst til å snakke om problema. Eg trur gjerne dette startar i litt høgare alder, då. Det er nok mange menn, særleg fedrar, som kan kjenne seg igjen i at dei kunne drukke mindre – utan at det betyr at det ikkje er gode foreldre eller kan jobbe. Eg har fått mange mailer frå folk som ikkje har fortald det til kona si ein gong. Og det er jo så trist. Det er tydelegvis så tabubelagt og vanskeleg å snakke om, at ein ikkje når ut.

Ole Ronny Koldal og Mímir Kristjánsson farga inngangspartiet til Kvadrat raudt, då dei var på stemmefiske i Sandnes.
Mikkjell Lønning

– Raudt er ikkje eit veldig woke parti. Woke-greiene er litt på veg tilbake i samfunnet, men det er noko som hovudsakleg har funnest på internett og i USA. I dei politiske partia i venstresida og fagrørsla i Noreg er ikkje det ei veldig stor greie. Så er det nok nokre ting i woke-ideologien eg trur dei fleste i Noreg syns er bra, som at ein aksepterer folk for kven dei er og ein ikkje seier unødvendig slemme ting til kvarandre, seier Kristjánsson.

– Woke er i stor grad berre vanleg folkeskikk for mange. Men viss det skal vere ulovleg å seie noko som gjer meg lei meg, har ein dratt det i heilt feil retning. Det ser ein lite av her i Noreg. Det er nok meir eit USA-fenomen, meiner Koldal.

– Elendig

Den raude delegasjonen er på Kvadrat for å besøke e-sporttilbodet Einherjar. Tilbodet opna i 2022, etter at Kvadrat gjennomførte ei undersøking om kva ungdom sakna på senteret.

Raudt vil gjere meir for den norske e-sporten, og ser til anna breiddeidrett for inspirasjon.

Men har stortingsrepresentanten deira faktisk noko erfaring med speling? Eller er besøket hos Einherjar berre eit PR-stunt?

– Eg har ein nivå 85 trollsjaman ein stad i World of Warcraft. Det var vel så langt det gjekk an å kome den gongen. Men eg har aldri vore noko stort gamingtalent. Eg slit så veldig med denne auge-handkoordinasjonen. Eg er elendig i Counter-Strike, og blir berre gåande i ring, seier han og gestikulerer som om han held eit våpen.

– Så blei det mykje League of Legends på LAN med kompisar i 20-åra. Og mykje Civilization.

Mikkjell Lønning

– Det blir vel ikkje mange sigrane i strategispel når ein skal omfordele ressursane og dele ut pengane sine heile tida?

– Hah! Eg var ein grufull diktator i Civilization. Heldigvis må du ikkje vere heilt den same personen i spel, som du er i røynda.

– Og du har ikkje ein gong vore innom God of War for å veksle morske replikkar med namnebror din der?

– Nei, faktisk ikkje. Eg er klar over at han er ein sentral figur der, og viss du googlar fornamnet mitt, så kjem du fort ned i eit spelhòl.

– Kva tenkjer de elles om å satse på e-sport no som Saudi-Arabia i praksis har stålkontroll over idretten internasjonalt?

– Det er vel mest eit argument for at andre land også bør drive med det. Folk ser på e-sport verda rundt uansett. Så er det Saudi-Arabia driv med veldig langt unna det dei held på med i etasjen over her, svarar Kristjánsson.

Brenn for arbeidet

Ein er i aller høgaste grad i det norrøne sjiktet hos Einherjar. Organisasjonen har gitt Kvadrat kallenamnet Midgard, og trappa opp er døypt Bifrost. Sjølve lokala kallar dei for Åsgard.

Einherjar er som kjend krigarar som døydde i kamp, og som blei henta opp av valkyrjene til Åsgard.

– Eg var ei tradisjonell mor som hata gaming og ville ha sonen min ut i leik, seier dagleg leiar Hilde Gunn Ørland.

Hilde Gunn Ørland er fulltidsløna frå Kvadrat. Ho skulle gjerne ha tilsett fleire.
Mikkjell Lønning

Ørland hadde følgd dottera i ulike idrettar, og hadde ein drøss med styreverv. Målet var å sjå korleis ein kunne hente det beste frå idretten og overføre det til e-sport. Det meiner ho at dei har fått til.

Barn i barne- og ungdomsskulealder er målgruppa for Einherjar. Her går det i spel som League of Legends, Fortnite, Valorant, Rocket League og Rainbow Six Siege.
Mikkjell Lønning

– Det er altfor mykje ungdom som droppar ut av skulen og fell på utsida av samfunnet. Det er ei av mange grupper me verkeleg brenn for. Me har redda ein del ungdom. Berre det å redde éin, betyr utruleg mykje, seier Ørland.

– Må me legge ned?

Einherjar

Vis mer

Einherjar er ein breiddeklubb innan e-sport, som har etablert seg på ti ulike stadar i Rogaland dei siste åra.

Målet er å bygge opp om ein breiddeidrett som balanserer speling og fysisk aktivitet, og som gir ungdom sunne haldningar. Dei vil sørge for at all ungdom blir inkludert, og prøver å legge dei første steinane for morgondagens arbeidstakarar gjennom læring og utvikling via e-sport.

Einherjar samarbeider blant anna med barnevernet og flyktningtenestene i kommunane, der dei prøver å fange opp dei som fell utanfor systemet. Det er visstnok lang kø, opplyser dagleg leiar Ørland.

– Denne gruppa kjem inn for 1-til-1-undervisning. Det varmar hjartet å få bidra til å hjelpe dei som treng det mest, seier ho.

Organisasjonen driv med gruppespeling i ei rekkje ulike lagspel. Dei har også rom for ordinær skuleundervisning på dagtid, og har ein ungdomsklubb på fredagar.

Ørland er den einaste som får fulltidsløn hos Einherjar. Organisasjonen har etablert ti avdelingar rundt i Rogaland på nokre få år, men har ein sårbar økonomi.

Dei er heilt avhengige av støtte for å drive. Framtida er usikker.

– Om fem år må me skifte ut datamaskinane, og det kostar ein halv million. Kvar skal me få dei pengane frå? Det går bra i 2024 og 2025, men kva skjer etterpå? Me vil jo gjerne vekse og ta imot fleire barn, seier Ørland.

Ho understrekar at ho er svært takksam for hjelpa dei har fått.

I vår fekk Einherjar 2,5 millionar kroner frå Sparebankstiftelsen SR-Bank. Det opna for ei utviding av senteret, men dei må stadig søke nye summar frå både private og offentlege instansar.

– Det verkar openbert at Sandnes kommune burde støtte dykk, seier Kristjánsson.

Kommunen er allereie inne med støttemidlar basert på medlemstala, men Koldal oppmodar Einherjar til å søke om støtte til framtidige arrangement. Dei planlegg blant anna eit slags kretsmeisterskap i gaming for ungdom.

Motvekt til radikalisering

Erlend Garvik er avdelingsleiar og trenar på Einherjar. Fleire av medhjelparane er på arbeidstrening frå NAV.

Garvik trur tilbod som dette kan hindre at ungdom veks opp som dei karikaturane mange har av spelarar, der ein sitt dagen rundt i mørke kjellarar hengande over tastaturet.

Han er også opptatt av at ungdommen skal få ei motrøyst til dei radikaliserande kreftene dei kan bli utsett for på internett.

– Radikalisering er eit kjempeproblem på nett, og det kan skje når desse ungdommane ikkje blir tatt seriøst heime eller i samfunnet. Då er det veldig viktig at det finst stadar der ein kan gå og ha normale relasjonar, seier Garvik.

– Ungdommar som speler sit med enorme datakunnskapar. Det er kompetanse samfunnet har bruk for, meiner Ørland.
Mikkjell Lønning

Kjønnsbalansen er – ikkje overraskande – einsidig. Rundt 95 prosent av medlemmene i Einherjar er gutar. Samtidig er den største enkeltgruppa som speler saman, ei gruppe på 14 jenter.

– E-sport er den mest inkluderande idretten som finst. Du treng ikkje skilje mellom kjønn, etnisitet eller språk, og kan ha alle på eitt lag. Det handlar om kva du får med deg og kva du har mellom øyra, seier Ørland.

Siste fra forsiden