Kommentar

Effektiv sjølvsabotasje

Kva i alle dagar er det Sony driv med?

PlayStation

– Har du kjøpt det no?

– Nei.

– Kva med no? spør kompisen min, veka etter.

– Eg har ikkje tid.

– Denne gongen, då? spør kompisgjengen neste helg.

– Niet.

Spelet det er snakk om, er sjølvsagt Helldivers 2. Det er lenge sidan venegjengen min har vore så lidenskapeleg opptekne av eit fleirspelarspel, og dei er ikkje akkurat aleine om det.

PC-lanseringa av PlayStation-spelet har blitt ein gigantisk hit. Pengane renn inn for utviklar Arrowhead og utgivar Sony, i alle fall fram til denne veka.

Onsdag tråkka utgivar Sony hardt og grovt i salaten, på ein måte ein sjeldan ser i spelbransjen.

Spelet har i skrivande stund 230.000 negative meldingar på Steam. Dei aller fleste har kome sidan onsdag.

FRÅ 6. MAI MÅ spelarar kople Steam-kontoen med ein PlayStation Network-konto (PSN), og frå 4. juli blir det obligatorisk å logge inn med ein PSN-konto, inni spelet.

Det er som kjend svært kontroversielt å ha eigen innlogging inni Steam-spel, men du kan gjerne svelgje det om du får det frå lansering. Spel som F1 23 og Halo Infinite har hatt same funksjon frå start.

Irriterande, men slik er det.

Helldivers skulle også ha dette. Servertrøbbel gjorde derimot at dei måtte legge den planen på hylla.

Og det burde vore slutten på visa.

Alle forstår at å kome med dette i etterkant, er ein elendig idé. Men det er ikkje den største tabben.

Den kom då det viste seg at PSN berre er tilgjengeleg i rundt 70 land, og at spelarar verda rundt risikerer å miste tilgang til eit spel dei allereie har kjøpt.

SONY MÅ HA vore fullt klar over dette.

Viss dei som ikkje har PSN-tilgang faktisk mistar tilgang til spelet, bør dei sjølvsagt få tilbake pengane med ein gong.

Det burde aldri vore mogleg å kjøpe spelet i desse landa, om dette stemmer.

Norske spelarar er altså ikkje ramma av dette surret.

Søndag morgon har Sony fjerna moglegheita til å handle Helldivers 2 frå land som ikkje har tilgang til PSN-konto, som tydar på at spelarane faktisk kan miste tilgangen.

Kvifor var ikkje dette kommunisert betre før lansering? For ein faktaboks på Steam-sida er ikkje nok.

UTGIVAR SONY har plassert eit presist skot i både sitt eige og utviklar Arrowheads kne.

Det er mogleg å lage ein PSN-konto ved å velje eit godkjend land utan å bu der sjølv, men det bryt med retningslinjene til Sony. På Discord skriv ein Arrowhead-utviklar at du kan registrere deg i eit anna land om du er på reise, utan å seie eit ord om kva som skjer med dei som eig spelet frå før.

Det er direkte forbausande, at Sony har klart å rote dette til så totalt. Dei burde lagt seg flate på flekken. Handteringa av denne saka er fullstendig amatørmessig.

Arrowhead-sjef Johan Pilestedt har beklaga i sosiale medium, men som han skriv på X, så er det ikkje han som bestemmer.

Sjølv om Sony bestemmer seg å snu, har denne flausen gjort uoppretteleg skade på ryktet deira. Eg trur folk har sympati med Arrowhead, men flodbølga av negative tilbakemeldingar vil koste dei dyrt, uansett kva som skjer.

Også er det så utruleg unødvendig. Tilliten blant spelarsamfunnet er verd mykje meir enn dei nye brukarane på PSN, Sony.

Det er nok no.

OPPDATERING: I etterkant av publiseringa av denne artikkelen, har Sony valt å droppe kravet om PSN-tilgang.

Kommentarer (13)

Logg inn for å delta i diskusjonen.
Tråd
Bjoolz
ett år siden

Flere av disse 70 landene krever også at du lager kontoen fra en Playstation konsoll.

 

Image

Brother Ursus
ett år siden

...and then I took an Arrowhead to the knee 😄

Iki
ett år siden

Kan vi la være å late som om det er Sony som har gjort en feil her?

 

Arrowhead hadde alltid dette kravet.

Det har CEO selv innrømmet.

Han har innrømmet at de hadde kravet allerede 6 måneder før lanseringen.

Han har også innrømmet at kravet ble skrutt av rundt lanseringen, som følge av problemer med linkingen, på hans kommando.

Noe som stod beskrevet på Steam siden fra starten av.

Der det var forklart at psn konto var et krav, men midlertidig avslått.

Det er også kommet frem at arrowhead ønsket en psn linking for å forhindre juks i spillet, da det ville gjøre det lettere for dem å banne brukere.

NinjaVal
ett år siden
Hva er grunnen til at folk i enkelte land ikke kan opprette en psn konto? Så vel feks Latvia, så hvis en person i Latvia kjøper seg en PS5 kan de ikke lage seg en konto? Det er så mye rart her
rabler
ett år siden

Det slutter nok aldri å overraske hvor barnslige, hårsåre og idiotiske spillere faktisk kan være og det er aldri godt å vite hva som setter i gang en ny rage-kampanje.

Dette var nok ikke det lureste Sony har gjort, men som vanlig er responsen over alle støvleskaft idiotisk.

Siste fra forsiden