– Lønsnivået i norsk spelbransje er tett knytt til at veldig mange av utviklarane også er gründerar, seier Siw A. Hødnebø Espeland.
Ho er dagleg leiar og deleigar av Encircle Games.
For tida jobbar dei med utviklinga av strategispelet Luup, og fekk nyleg tildelt 1,3 millionar kroner til prosjektet av Norsk filminstitutt.
Planen er lansering i slutten av 2027. Encircle Games har også spelet Wigged Out i Early Access.
– Det at mange av oss er gründerar, gjer også at løna går litt opp og ned. Men eg ser at bransjen er blitt meir profesjonalisert. Løna har også blitt meir stabil over tid, seier Espeland.
Løna til leiarane i norske spelselskap ser du i slutten av artikkelen.
– Vanskeleg
Det finst ikkje bransjestatistikk for lønsnivået i norsk spelnæring.
Det er neppe særleg presist. Gamer.no kjenner til interne lønsstatistikkar med snitt som ligg betydeleg lågare enn dette.
Lønsnivået varierer mykje mellom dei meir etablerte selskapa som Funcom og dei små, nyoppstarta indieselskapa.

Tabellen nedanfor gir ein idé om leiarløna, men lønsnivået blant dei tilsette gir den beste indikasjonen på korleis det går med næringa.
Espeland fortel at Encircle Games har tent nok til å gi eigarane utbytte, og at dei lever greitt på inntektene.
– Det siste året har me fått meir stabilitet. Kjem det svingingar i bransjen, kan me gå opp eller ned i løn. Det har me ein open dialog om, seier ho.
Det overordna målet er å sikre ein trygg arbeidsplass.
– Det jobbar me mot heile tida. Men det er vanskeleg å spå korleis bransjen utviklar seg.
LES OGSÅ: Dette seier Funcom-sjefen om eiga løn »
– Kniven på strupen
Den internasjonale spelbransjen har slite dei siste to åra.
– Mange opplever å ha kniven på strupen. Det er veldig krevjande tider for alle som driv i kreative næringar, men spel har også hatt ein enorm vekst over mange år. Me håper dei pilene vil peike oppover på sikt, seier Åse Kringstad.
Kringstad er sjef for Virke Produsentforening, som organiserer rundt 20 arbeidsgivarar i den norske spelbransjen.

Virke er tett på.
Kringstad har ikkje høyrt om nedbemanningar eller permitteringar utover det Gamer.no har omtalt det siste året, men er klar på at det er tøffe tider for spelnæringa.
Ho opplever at norsk spelbransje går rett veg.
– Selskapa har profesjonalisert og organisert seg, og det er eit tydeleg teikn på ein moden bransje, seier Kringstad.
LES OGSÅ: Rain Games måtte permittere »
Ein mangel
Arbeidstakarsida i norsk spelbransje er ikkje organisert – i alle fall ikkje offisielt.
Dei organiserte utviklarane er spreidd over alle vindar gjennom organisasjonar som Tekna, Nito, El- og IT-forbundet og så vidare, men så langt har ikkje Virke nokon motpart for lønsoppgjer.
Kringstad ser det som det siste steget i å profesjonalisere den norske spelbransjen. Då kan arbeidstakarane forhandle om tariffavtalar.
Filmforbundet har tatt initiativ til å organisere arbeidstakarane, men det har ikkje blitt noko av det heilt enno.
– Me ønsker at begge partar blir organiserte. Det legg rammene for eit ryddigare arbeidsmiljø for heile bransjen, seier Kringstad.
Det er arbeidstakarane som må bestemme korleis dei vil organisere seg, og det vil ikkje Virke legge seg opp i.
LES OGSÅ: Sa opp jobben og satsa alt for å bli spelutviklar »
Ingen skrekkhistorier
Sylvia Duerr, leiar av Norsk nettverk for dataspillbedrifter (Noneda), ler når Gamer.no spør om gode skrekkhistorier om arbeidsforholda i norsk spelbransje.
– Det har eg heldigvis ikkje høyrt noko om, seier Duerr.
Såkalla «crunch», altså det å jobbe ekstremt mykje for å ferdigstille prosjekt på kort tid, er noko bransjen har tatt eit oppgjer med dei siste åra.
Det erfarer Duerr også i Noreg.

– Det jobbar ein mykje for å unngå i selskapa. Eg trur mange set pris på det, seier ho.
Noneda har heller ikkje statistikk på løn, men er i dialog med mange som kjem inn i næringa.
– Det er lågare løn enn mange forventar, slik er det i ein bransje med mange gründerar. I det siste har det vore veldig vanskeleg å få tak i midlar til prosjekta, men at folk finn seg i lønsnivået, handlar nok om lidenskapen til dei som jobbar med spel.
– Sjølvsagt er det ikkje alle som kan bli i bransjen, då. Det er ikkje levbart i lengda, spesielt om ein stiftar familie. Då treng ein meir stabile vilkår.
LES OGSÅ: Slik gjekk det med norske spelutviklarar »
Suksessar avlar meir suksess
Noneda har som dei andre sett ei profesjonalisering av bransjen over tid, men meiner det er eit stykke igjen.
– Dess fleire suksesshistorier me ser, slik som Hyper Games i fjor med Snusmumrikken, dess større positiv effekt får det på bransjen, seier Duerr.
Hyper Games har fått til ei skikkeleg profesjonalisering av selskapet sitt, fortel ho.
Noneda arbeidar med å hjelpe ferske selskap med korleis dei kan møte investorar og utgivarar.
– Det er enormt med kreativitet, stå-på-vilje og talent i bransjen, men kanskje ikkje gå mykje erfaring med det profesjonelle. Det tar tid, seier Duerr.
Det aller største norske spelet i år blir Funcoms Dune: Awakening. Spelet er venta i butikkane 20. mai, og kan fort løfte bransjeomsetninga i 2025 og 2026 til langt høgare nivå enn nokosinne.
Og her ser du Funcom-sjef Rui Casais og dei andre toppane i bransjen sine personlege inntekter frå 2023:
For ordens skuld; journalisten er oppført med ei inntekt på 409 265 kroner i 2023. Han betalte 137 061 kroner i skatt.