Feature

Senua's Saga: Hellblade II – PC

Dette kan bli stort

Ninja Theorys kritikarroste spel er ein smakebit på ei lovande framtid.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Det er nesten sju år sidan unike Hellblade: Senua's Sacrifice overraska oss med ei oppleving heilt utanom det vanlege. Denne veka er Senua's Saga: Hellblade II ute til PC og Xbox.

Oppfølgaren utfordrar definisjonen vår av kva eit spel kan vere.

Meldar Øystein Furevik kalla det eit «fantastisk ubehageleg spel eg aldri vil gløyme», og gav det 10 av 10 moglege poeng.

Teknisk er Hellblade II eit einaste stort eksperiment med lyd og bilete.

Det er eit av dei første spela bygd i Unreal Engine 5 (UE5) frå botnen som verkeleg pressar spelmotoren til det ytste.

Spelet er ein forsmak på kva me kan vente dei neste åra.

Spennande tid

Dei er litt over to år sidan UE5 lanserte, og spelmotoren har festa utviklar Epic Games sitt grep om spelverda.

Me veit til dømes at polske Cd Projekt Red har droppa eigen spelmotor til fordel for UE5. Neste runde Witcher kjem i UE5-drakt.

Det er mykje spennande som skjer.

UE-utviklar Epic Games har blant anna varsla kamp mot ein av dei store akilleshælane til PC-speling.

Epic har jobba målretta for betre utnytting av moderne prosessorar, som har fått langt fleire kjernar dei siste åra – samtidig som dei fleste spel er avhengig av kraftige enkeltkjernar.

Hellblade II viser elles fram mange av dei mest interessante funksjonane ved UE5.

Imponerande

Me har gått i djupna på dei tekniske sidene ved spelet denne veka.

Kombinasjonen av dramatisk lyssetting, binaural audio, ein enorm detaljrikdom og sanntidsanimasjonar i ein klasse for seg, skapar ei oppleving som verkeleg kan ta pusten frå deg.

Det er lenge sidan eg har vore så imponert over dei tekniske sidene av eit spel.

Innstillingsmenyen på PC er ganske enkel, men det er ikkje eit veldig stort minus når alt fungerer så godt som det gjer. Synsvinkel-brytar er sjølvsagt noko eg saknar.

Det verkar elles som spelet er laga for ultrabreie skjermar, for spelet har svarte rammer i 16:9-oppløysingar.

Har du ein 32:9-skjerm eller liknande, er dette eit spel du verkeleg bør få med deg.

Menyen lar deg førehandsvise kvar innstilling for seg, slik at du enkelt ser kva det gjer med spelet og biletefrekvensen. Separat biletetid for skjermkort og prosessor er også eit sjeldan, velkome syn.
Mikkjell Lønning/Gamer.no
Vis mer

Køyrer godt

Ytinga er det lite å seie på. Nokre få gongar opplevde eg hakking, fordi spelet lasta inn nye område, men spelet køyrer jamt over silkemjukt på ein kraftig PC.

Nvidia-flaggskipet RTX 4090 er det einaste skjermkortet som kan køyre spelet i 4K med alt på maks, med biletefrekvensen i snitt over 60 (eit par stadar er det nærmare 50), men spelet er framleis nydeleg i lågare oppløysingar.

Me tok ein runde med nokre av dei ulike skjermkorta til Nvidia i eit område med representativ yting:

4000-serien er inne i sitt siste år, så det er ikkje overraskande at dei begynner å slite litt. Men nesten 30 bilete i sekundet i 4K på RTX 4070 er ikkje å forakte.

Ikkje overraskande takkar RTX 4060 for seg i 4K, men biletetida er likevel stabil med lite hakking.

Biletefrekvensen aukar betydeleg på dei lågare innstillingsnivåa, men dei visuelle forskjellane er oppsiktsvekkjande små. Slik sett er det mykje å hente for dei svakare skjermkorta.

4K – RTX 4090FPS gjennomsnitt1% low
High6254
High + DLSS Quality9178
High + DLSS Quality + Frame generation136123
Medium7768
Low8977
Anbefalte innstillingar (sjå under)8068

DLSS og frame generation er sjølvsagt stor hjelp. Frame generation får ganske dårleg kantutjamning i rørsle, så eg ville stått over det med mindre ein slit veldig med biletefrekvensen.

DLSS-implementeringa ser ut til å vere godt handverk.

Det er svært små forskjellar mellom dei ulike innstillingsnivåa visuelt sett, men biletefrekvensen varierer veldig. Her mellom High og Low. Vis mer

Testar me oss kjapt gjennom innstillingsmenyen, blir det fort klart at skuggekvalitet, «global illumination» og volumetriske effektar er det som stel kreftene til maskinen din. Sistnemnde mest.

Skrur du desse tre ned på «low», og lar alt det andre vere på «high», får du langt høgare biletefrekvens med minimalt tap av visuell kvalitet.

Fantastisk detaljrikdom

Eit av trekkplastera til UE5 er Nanite, ein teknikk for å teikne virtuelle modellar. Ved å berre teikne det kameraet viser, kan du ha langt større detaljrikdom utan å myrde skjermkortet ditt.

Det er når Senua stig gjennom det Dimmuborgir-liknande landskapet i spelet, der sola speglar seg i små vassdropar på glatte, teksturerte steinar, at du berre må stoppe opp for å ta inn inntrykka og slå på foto-modusen.

Slike augeblikk er det mange av. Nanite hindrar også at teksturar poppar ut av ingenting, som løftar realismen i spelet betydeleg.

Teksturane er imponerande detaljerte. Merk at spelet får svarte rammer med mindre ein speler på ultrabrei skjerm.
Mikkjell Lønning/Gamer.no
Vis mer
Volumetrisk skodde er det mykje av, og det går hardt utover biletefrekvensen.
Mikkjell Lønning/Gamer.no
Vis mer

Nokon vil kanskje irritere seg over at spelet brukar ei rekkje ulike effektar du ikkje kan slå av. Det er effektar som kromatisk aberrasjon, filmkorn og djupneskarpleik.

Dette heng saman med Ninja Theory sin kunstnariske visjon for spelet. Dei har laga eit eige kamera inni UE5 som simulerer effektane du får av ei anamorfisk kameralinse, i røynda.

Det gir spelet ein heilt særeigen estetikk. Samtidig har dramatisk lyssetting ei sentral rolle i å framheve det som er i fokus, og det er ganske openbert at dei som står for kinematografien er dyktige fotografar.

Unikt lydbilete

Lydbiletet har fått mykje merksemd. Som i det første spelet har Hellblade II såkalla binaural lyd, ein teknikk som simulerer korleis menneske høyrer lyd i utgangspunktet.

Røystene i hovudet til Senua snakkar gjerne til ho frå fleire retningar på ein gong. Difor anbefaler også utviklaren hovudtelefonar.

Det bør ein verkeleg bruke. Du går glipp av ein sentral og viktig del av opplevinga om du speler utan skikkelege hovudtelefonar.

Spelets bruk av «global illumination» er basert på UE5s Lumen, som er eit slags alternativ til strålesporing.
Mikkjell Lønning/Gamer.no
Vis mer

Konklusjon

Senua's Saga: Hellblade II er eit av dei vakraste spela eg har vore borti. Ninja Theory har levert ein velpolert PC-versjon som verkeleg flyttar grensene for kva mellomstore utviklarar kan få til.

Dette er ikkje det første, pene UE5-spelet me har fått, men det er utan tvil det mest imponerande.

Hellblade II set tonen for kva me kan forvente av grafikk dei komande åra, både på PC og neste generasjon av konsollar igjen.

Me har ei lys framtid i vente.

Ledige stillinger
Data Platform Developer
Søknadsfrist:
Løpende
Bilmekaniker
Søknadsfrist:
Løpende
Servicerådgiver
Søknadsfrist:
Løpende
BPA assistent
Søknadsfrist:
Løpende
Forsikringsrådgiver
Søknadsfrist:
Løpende
Funksjonsassistent
Søknadsfrist:
Løpende
IT Engineer – Cegal
Søknadsfrist:
31.03.2025
Bilselger
Søknadsfrist:
Løpende
Nybilselger
Søknadsfrist:
Løpende
Prosjektleder
Søknadsfrist:
Løpende
Produktingeniør
Søknadsfrist:
Løpende
BPA assistent
Søknadsfrist:
Løpende
DevOps Engineer
Søknadsfrist:
Løpende
Selger i Face2face Creatives
Søknadsfrist:
Løpende
Erfarne Data Engineers
Søknadsfrist:
Løpende
Lead Mainframe Specialist – zHardware Systems (HMC/HCD)
Søknadsfrist:
Løpende
Forsikringsrådgiver
Søknadsfrist:
Løpende
Erfarne utviklere
Søknadsfrist:
Løpende
Salgskonsulent
Søknadsfrist:
Løpende
Automasjon commission Engineers / Teknikere
Søknadsfrist:
Løpende
Restaurantmedarbeidere
Søknadsfrist:
Løpende
Selger (22%)
Søknadsfrist:
Løpende
Produksjonsmedarbeider / Tekniker
Søknadsfrist:
Løpende
Systems Consultant – Virtualization
Søknadsfrist:
Løpende
Bruktbilselger
Søknadsfrist:
Løpende
Selger (30-70%)
Søknadsfrist:
Løpende
Head of Workshop
Søknadsfrist:
Løpende
Tekniker på Livredningsutstyr
Søknadsfrist:
Løpende
Data Platform Developer
Søknadsfrist:
Løpende
Bilmekaniker
Søknadsfrist:
Løpende
Servicerådgiver
Søknadsfrist:
Løpende
BPA assistent
Søknadsfrist:
Løpende
Forsikringsrådgiver
Søknadsfrist:
Løpende
Funksjonsassistent
Søknadsfrist:
Løpende
IT Engineer – Cegal
Søknadsfrist:
31.03.2025
Bilselger
Søknadsfrist:
Løpende

Kommentarer (7)

Logg inn for å delta i diskusjonen.
Tråd
GrinderX9
10 måneder siden

Synes dere kunne ha testa det med 30XX serien også. Det mange av oss som ikke er millionærer.

Eplebit
10 måneder siden

Jeg er faktisk litt bekymret for UE5. For det første virker det rett og slett for krevende for konsoller. Hellblade 2 må ned i under 1080p for å klare 30fps på Series X, mens spill som Immortals of Aveum måtte helt ned i 720p for å klare 60fps. Gitt at konsollene må klare seg med FSR-oppskalering som rett og slett ikke holder mål så sitter man ikke igjen med den beste bildekvaliteten.

Det andre er for PC-brukere. UE4-spill har i lang tid hatt voldsomme problemer med traversal stutter på PC, og dette virker ikke å være fikset i UE5. At selv et spill som Hellblade 2 som knapt har traversal i følge Digital Foundry sliter med traversal stutters er ikke lovende. Andre UE5-spill som Lords of the Fallen har større problemer her.

Nå har jo stutters vært et evig problem med UE4, så sånn sett blir det forhåpentligvis ikke _verre_. Men det er veldig skuffende at dette fortsatt er et problem og gitt at omtrent alle ser ut til å flytte over til UE5 nå så ser det ut til at det bare er noe vi må regne med å leve med i ca. alle spill fremover...

Fleskelars
10 måneder siden
GrinderX9 skrev:

Synes dere kunne ha testa det med 30XX serien også. Det mange av oss som ikke er millionærer.

He ? 3080Ti OC Suprim kortet mitt kosta 23.000 ,,,,,
RookieNO
10 måneder siden

Poenget var vel at de aller fleste IKKE kjøper grafikkort som koster like mye som en ok specca gamerrig.

Så er det selvfølgelig forskjell på hva folk ønsker å bruke på hobbyen sin, men jeg vil tro at det max er rundt 10% av de som kjøper en spillmaskin som bruker 23k på grafikkortet sitt. 

GrinderX9
10 måneder siden
Fleskelars skrev (31 minutter siden):
GrinderX9 skrev (20 timer siden):

Synes dere kunne ha testa det med 30XX serien også. Det mange av oss som ikke er millionærer.

He ? 3080Ti OC Suprim kortet mitt kosta 23.000 ,,,,,

Som RookieNO skriver så var poenget at ikke alle kan eller vil bruke så mye penger på et grafikkort. De aller fleste har ikke tatt skrittet over i 40XX serien enda. Sier ikke at det ikke er interesangt å se hvordan toppklasse kort yter, men det er begrenset verdi for de fleste.

Siste fra forsiden