Like a Dragon, serien som for inntil nyleg var kjend som Yakuza utanfor Japan, har nokre gode år bak seg. Med Yakuza: Like a Dragon nådde den etablerte serien eit nytt publikum, og ikkje minst nye høgder. Utviklarane tok sjansar, prøvde noko nytt og brått gav alt arbeidet utteljing. Yakuza var endeleg ei greie i Vesten, for fleire enn spesielt interesserte.
No er Like a Dragon er i ferd med å ete seg sjølv. Eg kjende på det allereie i fjor, då eg spelte massive Like a Dragon: Infinite Wealth berre eit par månader etter førre spel i serien. Eg var utmatta. Formelen deira er god, men spela er store og byr på stadig meir fyllstoff. Eg rekk knapt å bli mentalt ferdig med eitt spel før det kjem eit nytt. I det minste har alle spela hatt knakande gode historier, inntil Pirate Yakuza in Hawaii dukka opp.

Kva er dette for noko?
Det har alltid vore mykje tøys og tull i Like a Dragon-spela. Dramatiske historier blir blanda med bisarre figurar og ein form for humor som berre er mogleg i Japan. Likevel har historiene vore dramatiske og fulle av alvor. Denne miksen av alvor og humor er ein av nøklane til seriens suksess. Vi har farta rundt i japanske byar saman med Kazuma eller Ichiban og fått ta inn nokre av dei beste historiene spelverda har å by på, medan humor sit laust mellom slaga.
Som den kjende manusforfattaren David Koepp bak til dømes Jurassic Park seier; humor er oksygen. For mykje oksygen kan derimot vere farleg. Det kan faktisk ta livet av deg, og eg fryktar akkurat dette no er i ferd med å skje med Like a Dragon-serien.
Dette spelet prøvar å berre vere humor. Det droppar ei god historie, og fortel i staden noko banalt vrøvl om sjørøvarar som akkurat no, i vår tid, siglar rundt på havet i gamle seglskuter og krigar mot kvarandre. Det er eit nesten hjernedaudt konsept, men det betyr ikkje at det er dårleg. Det som gjer det dårleg er at ingen har klart å skrive ei god historie, om den så er alvorleg eller humoristisk. Det er knapt ei historie her, det er berre ein serie med ting som skjer utan at noko eigentleg har tyngde eller meining.
I Like a Dragon: Pirate Yakuza in Hawaii møter vi den gamle travaren Goro Majima, men på originalt vis startar spelet med at han vaknar på ei strand, akkurat slik Ichiban Kasuga gjorde i fjor, men i klassisk japansk stil hugsar han ingen verdas ting. Som eit blankt lerret med for mykje sjølvtillit og ein Mathew Mercer i storform som leverer sitt mest motbydeleg stykke arbeid på årevis, endar han raskt opp som pirat. Ja, pirat. Pirat med god, gammaldags seglskute, kanonar, kul hatt med fjøyr, samt bøljan blå.
Hurra?

Men fungerer det?
Idiotiske påfunn kan fungere berre dei er godt gjennomførte, og det er Pirate Yakuza in Hawaii berre halvvegs. Dette er eit Like a Dragon-spel, og det må vere lov å seie at om du har spelt eitt, har du spelt alle. Vi får nokre få nye område å utforske, men dei er ikkje særleg store. I staden får vi ei seglskute som vi fartar rundt på havet med. Eit hav som ser ut som om det var laga på eit par timar, og utartar seg deretter.
I tillegg får vi reise til Honolulu, og springe rundt i den same byen vi utforska i Infinite Wealth for eit år sidan. Der får vi òg gjere mykje av det same vi gjorde i fjor. Vi plukkar opp spådommar for å levere inn til ein maskot, vi tek bilete av sjåverdige stadar og vi plukkar opp litt for mange sideoppdrag som gjerne byr på eit minispel du berre orkar å spele ein gong.
Det stoppar likevel ikkje der, og vi får mykje nytt å gjere. No skal vi sanke inn dusørpengar ved å banke opp farlege skurkar, og invitere alt frå bikinimodellar til kampsportmeistrar med som mannskap på skipet vårt. Alt dukkar opp som nye symbol på kartet, meir å gjere, men ikkje mykje nytt.
Gatene er krydra med drittsekkar som ber om å bli banka, der dei jagar etter deg så snart dei luktar at du er nær. Eg kan ikkje hugse at desse folka alltid har vore så irriterande, men eg sit igjen med ei kjensle av at dei blir fleire og hissigare for kvart spel. Ikkje at det betyr noko. Dei er veike sveklingar du mest sannsynleg pryler på maks fem sekund. Dei er ikkje meir enn eit irriterande hinder som stel tid medan du berre vil nå fram til noko.
Kampsystemet denne gong er av den klassiske Yakuza-sorten. Det vil seie i sanntid og med eit høgt tempo. Du skfitar mellom ulike stilartar, den eine er kjapp gatekamp, medan den andre er i piratform med to sablar og ein krok du kan kaste mot fiendar for å trekke deg mot dei. Det er sabla moro til tider, og desse utvikalrane kan gode kampsystem. Diverre er spelet altfor enkelt, og det var ikkje mange kampane som bydde på ei utfordring god nok til at ein verkeleg får leika seg, uavhengig av kva vanskegrad eg spelte på.

Skip o hoy!
Den store gimmicken til Pirate Yakuza in Hawaii er at du no er sjørøvar. Strengat tatt endrar det ikkje mykje i spelet. Jo, du får eit skip, men det er så simpelt at det mest framsår som ein av dei mange sideaktivitetane serien alltid har bydd på. Alt du gjer er å sigle på eit kart, plukke opp gjenstandar du kan bruke til å byggje betre utstyr til skipet, angripe andre seglskuter, borde dei og gå i land på øyer der du etter ein kamp eller to går heim att med ein skatt.
Tidleg reiser vi òg til skipsgravplassen Madlantis der vi deltek i sjørøvarskutekampar i ein eigen arena. Vi skyt på andre skip med haiar og laserkanonar, bordar og angrip mannskapet saman med vårt eige mannskap i digre kampar som burde ha vore eit skikkeleg høgdepunkt. Diverre er dei over nesten før dei har starta og er ganske tafatt antiklimaks.
Antiklimaks er eit ord som pregar heile spelet. Det framstår så vanvittig ambisjonslaust. Kva er det utviklarane eigentleg vil med dette spelet? Fortelje ei pirathistorie? Eg vil tippe dei hadde gjort det mykje betre ved å gjere det skikkeleg, lage eit spel sett til ein annan epoke slik dei gjorde med Like a Dragon: Ishin. By på litt historisk kontekst, og vri den til noko sprøtt.
I staden tek dei ein etablert figur, fjernar minna hans og skyller han i land på ei øde øy. Det er så fantasilaust at eg nesten blir provosert.

Konklusjon
Like a Dragon: Pirate Yakuza in Hawaii er meiningslaust. Den einaste grunnen til å spele det er om du er livslang fan av serien, og er desperat etter meir. Eventuelt har du aldri spelt serien før, og er nysgjerrig på kva greia er, men i så fall finnest det mykje betre alternativ. Yakuza: Like a Dragon til dømes. Det spelet perfeksjonerer formelen, og har den perfekte blandinga mellom spøk og alvor.
Dette spelet er det derimot vanskeleg å setje ord på. Det er ikkje eit dårleg spel. Dei individuelle delane er for det meste gode, og spelet byr på mykje underhaldning som kan få timane til å gå kjapt. Det er derimot mykje å pirke på. For mykje gjenbruk, for mykje unødig snakking, for mange hinder plasserte berre for å hale ut speletida. Dette blir alt for simpelt. Dette er Gjenbruk: Spelet. Underhaldande, men ein kynisk, billeg produksjon skapt for å loppe fansen for nokre fleire kroner.
Like a Dragon-formelen er god. Eg slit med å ikkje kose meg når eg spelar desse spela, men det får vere grenser. Etter dette bør serien få ei god, lang pause slik at utviklarane kan tenkje ut om dei verkeleg treng fortelje fleire historier i dette universet. Om fleire idiotiske spel som dette er kva vi har i vente, kan dei godt spare seg bryet.
Like a Dragon: Pirate Yakuza in Hawaii kjem i sal for PlayStation 4, PlayStation 5 (testa), Xbox One, Xbox Series S/X og Windows 21. februar.