Sommaren er her, og med det vil eg tru latskapen gjer seg til kjenne hos dei fleste, til og med hos hardbarka gamers som ser på senebetennelse som eit nødvendig vonde. Som vanleg tørkar det litt opp i denne tida av året, noko vi lett kan sjå på den noko stakkarslege lista med spel vi har vore gjennom i månaden som har gått. Vi storkosa oss med Mirror's Edge: Catalyst og Hearts of Iron IV, men bortsett frå det var det lite å skrive heim om.
Månadens store fokus var likevel den årlege E3-messa i Los Angeles som gav oss eit solid innblikk i kva det komande året vil by på av spelmessige opplevingar.
Vi har valt å gjere ting bittlitt annleis med månadens oppsummering av komande spel. Som ein konsekvens av den årlege speltørka slår vi saman juli og august til ei smørje. Hald difor i tankane at datoar meir enn to veker framover i tid kan endre seg.
Star Ocean 5: Integrity and Faithlessness
Plattform: PlayStation 4
Ute: 1. juli
Star Ocean-serien blei starta på Super Nintendo heilt tilbake i 1996. Sidan då har serien vitja dei fleste konsollgenerasjonar, og har jamt over halde solid kvalitet. Serien er utvilsamt beste kjend for sine fantastiske kampsystem. Historiene har no og då vore av lågare kvalitet, noko vi får håpe det femte spelet i serien kan rette på.
I Star Ocean 5: Integrity and Faithlessness møter vi helten Fidel, som bur på ein underutvikla planet. Rimeleg raskt blir kan kasta inn i eit eventyr som sender han frå den eine planeten etter den andre. Vi blir lova eit utvikla kampsystem der heile sju karakterar deltek i kjempinga, og du kan skifte mellom dei når som helst. Historia skal ha fått eit litt mindre fokus for å ikkje kome i vegen for gameplayet, og men vil likevel ha fleire ulike sluttar basert på vala dine.
Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Star Ocean 5: Integrity and Faithlessness
Inside
Plattform: Xbox One, Windows
Ute: 29. juni (Xbox One), 7. juli (Windows)
Danske Playdead susa inn på spelutviklarscena i 2010 då dei lanserte det fantastiske gåtespelet Limbo. Der fekk vi møte ein liten gut som måtte overleve ei livsfarleg og dyster verd med di hjelp. Inside ser ut til å byggje vidare på dei erfaringane Playdead gjorde under utviklinga av sitt fyrste spel, og blir enda eit dystert og mørkt spel fullt av gåter.
I spelet møter vi igjen ein liten gut, men denne gong er det ikkje berre ein farleg skog som må overlevast. I Inside prøvar vonde krefter å ta over verda ved å eksperimentere på menneske. Guten forvillar seg inn i ein fabrikk der han blant anna kan ta kontrollen over livlause kroppar for å løyse dei mange gåtene og utfordringane spelet kastar mot spelaren. Om Limbo er noko å døme etter, blir Inside eit av sommarens mørkaste eventyr.
Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Inside
No Man's Sky
Plattform: PlayStation 4
Ute: 9. august
Heilt sidan spelet for først gong blei vist fram i 2013 har No Man's Sky vore eit av dei mest etterlengta indiespela i verda. Spelet byr på ei enorm verd der du kan setje deg i eit romskip for å fly gjennom verdsrommet. Der kan du reise til galaksar, solsystem og ikkje minst planetar for å vere den første til å utforske heilt nye verder og økosystem. Vi tok ein kikk på det tidlegare i år, og var strengt tatt litt usikre på kva vi skulle tru, men ein ting var sikkert; vi ville spele meir.
«Sjølv om opplevinga gav ein del avsmak, er eg framleis bombesikker på at eg vil sjå meir av No Man's Sky. Eg vil utforske min vesle del av galaksen; eg er nøydd til å lande på min første ordentlige planet, og eg lengtar sårt etter moglegheita til å namngi dei teitaste skapningane på denne sida av Spore. Eg ser med andre ord svært fram til mine første timar med No Man's Sky – nøyaktig kor lenge eg kjem til å bli verande, det er eg langt mindre sikker på.»
Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på No Man's Sky
Deus Ex: Mankind Divided
Plattform: PlayStation 4, Xbox One, Windows
Ute: 23. august
To år etter avslutninga på Deus Ex: Human Revolution, vender Adam Jensen tilbake i Deus Ex: Mankind Divided. Etter hendingane i Deus Ex: Human Revolution har det oppstått eir markert skilje mellom ordinære mennekse, og menneske med mekaniske forbetringar. Sistnemnde har blitt støtt ut frå samfunnet, og blir sett på som ein trugsel for samfunnets tryggleik.
I denne splitta verda jobbar Adam Jensen for Task Force 29, ei verdsomfattande politigruppe som kjempar mot terroraksjonar over heile kloden. Naturlegvis for ein oppfølgjar får Adam Jensen ei rekke nye verkty å ta i bruk, både om du vil gå fram som ein bajas, eller om du vil luske rundt i det skjulte. Spelet skal kunne rundast ved å berre snike seg frå krok til krok, og korleis du handterer utfordringane som ligg framfor deg, vil ha stor innverknad på det endelege utfallet av historia.
Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Deus Ex: Mankind Divided
World of Warcraft: Legion
Plattform: Windows
Ute: 30. august
Med den nylege lanseringa av den lenge etterlengta Warcraft-filmen er det berre på sin plass at Blizzard pustar nytt liv inn i World of Warcraft ved å lansere ein ny ekspansjon. I World of Warcraft: Legion tek vi opp tråden frå den førre utvidinga Warlords of Draenor, og må igjen kjempe mot The Burning Legion.
Utvidinga byr på det nye området The Broken Isles, noko som naturlegvis betyr nye oppdrag og utfordringar. Ved sidan av dette får vi ein heilt ny helteklasse i form av demonjegaren. Erfaringsnivåtaket blir auka til 110, og Blizzard slenger på ein bunke nye legendariske våpen og soner du kan ferdast i. På toppen av det heile har spelar-mot-spelarsystemet fått ei solid overhaling.
Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på World of Warcraft: Legion
Monster, blod og taktikk
Vidare i sommar får vi bryne oss på ei rekke svært ulike opplevingar. For blodtørstige bilentusiastar freistar Stainless Games med Carmageddon: Max Damage, som dukkar opp på konsoll. Hakket meir human racing får vi i konsollversjonen av bilspelet Assetto Corsa. PC-versjonen har vore ute i nesten to år.
For den eventyrlystne byr Ratchet & Clank-studioet Insomniac på det Metroidvania-inspirerte spelet Song of the Deep. Der reiser vi til havdjupet på jakt etter ei ung jentes far.
Rollespelarane får eit par godbitar å kose seg med i sommar. Capcom er klare med Monster Hunter Generations. Serien er vanvittig populær i heimlandet Japan, men har aldri nådd dei heilt store salstala i vesten. Om dette ikkje er heilt i di gate kan kanskje konsollversjonen av The Banner Saga 2 vere meir for deg.
Det vakre og underhaldande utforskingsspelet Grow Home får ein oppfølgjar i sommar. Namnet på spelet blir Grow Up, og denne gong er gartnarroboten B.U.D. heilt aleine på ein heil planet.
Treng du litt meir intens action i månadane som kjem, byr SNK på eit nytt kapittel i slåssespelserien King of Fighters, medan Omega Force har bygd eit hektisk actionspel basert på den japanske mangaserien Attack on Titan.
Heilt til slutt kan vi melde om at Activision planlegg å sleppe eit actionspel basert på sommarens Ghostbusters-film.
Det var det for denne gong, sjåast til hausten!