Feature

Desse spela gler vi oss til i september

Ein regnskyll full av spel i alle sjangrar er på veg til ein spelestasjon nær deg denne månaden.

Astro Bot, The Legend of Zelda: Echoes of Wisdom og Warhammer 40,000: Space Marine II.
Sony Interactive Entertainment, Nintendo, Focus Home Interactive

No er det haust. Sommaren har for dei fleste i landet regna vekk, og med det gjeve oss alle gode grunnar til å heller sitje inne med gode spel. Vi har spelt litt av kvart denne månaden, frå det underhaldande Star Wars Outlaws til det imponerande Flock, og det litt skuffande Dustborn.

Ingenting kunne måle seg med kor ubegripeleg dårleg Borderlands-filmen skulle vise seg å vere. Ikkje alle spel bør bli film, det er tydeleg. No er det derimot tid for å få eit innblikk i mylderet av spel som ventar i årets første haustmånad.

Ja, dette er nok akkurat det det ser ut som.
Behaviour Interactive

The Casting of Frank Stone

Plattform: PlayStation 5, Xbox Series S/X, Windows
Ute: 3. september

Fire unge, aspirerande filmskaparar tek turen til Cedar Hills, Oregon sommaren 1980 for å lage ein skrekkfilm. Kva kan gå gale? Ganske mykje, om vi kjenner Supermassive Games rett, for her kjem det neste spelet frå folka som gav oss filmatiske skrekkopplevingar somUntil Dawn og The Dark Pictures Anthology. Akkurat i tide til haustmørkret.

Nytt denne gong er at spelet er sett til horroruniverset Dead by Daylight, men bortsett frå det ser spelet ut til å vere bygd på same lest som tidlegare spel frå Supermassive. Her er det opp til deg kva som skjer med filmskaparane, om dei kjem seg levande gjennom det som ventar, eller om dei endar opp med å gå ein frykteleg skjebne i møte. Om du er ein av dei som straumer via Twitch, kan du la publikum stemme over kva som skal skje.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på The Casting of Frank Stone

Astro Bot er klar for nye sprell.
Sony Interactive Entertainment

Astro Bot

Plattform: PlayStation 5
Ute: 6. september

Mange blei svært begeistra for Astro's Playroom som kom innebygd med PlayStation 5. I dette plattformspelet fekk ein leike seg med plattformutfordringar som roboten Astro i eit lite spel som var krydra med små hyllestar til den lange historia til PlayStation-konsollen. Mange ville ha meir, og det er det vi no får med Astro Bot.

I dette eventyret får vi heile 80 ulike nivå spredd over seks galaksar og 50 planetar. På desse nivåa må du prøve å finne mannskapet til Astro, og for å få til dette kan du leike deg med meir enn 15 nye eigenskapar som alle byr på nye spelestilar. Vi har til dømes froskehanskar som lar deg slå til ting langt unna, og ein diger svamp som lar deg suge opp vatn. Astro's Playroom fekk mykje skryt for å verkeleg vise kva DualSense-kontrollaren kunne brukast til, og Astro Bot lovar å ikkje vere noko dårlegare.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Astro Bot

Her blir det ikkje mykje liv når du er ferdig.
Focus Home Interactive

Warhammer 40,000: Space Marine II

Plattform: PlayStation 5, Xbox Series S/X, Windows
Ute: 9. september

Om du er ein av dei som vaks opp med å samle figurar i Warhammer 40,000-universet veit du veldig godt at StarCraft er for pyser. Det er Space Marines som er den eigentlege sjefen, og i Warhammer 40,000: Space Marine II får vi sjå kvifor. Her skal du i rolla som nettopp ein Space Marine gønne ned store mengder fiendar som Tyranids med galaksens heftigaste våpen.

I spelet tek vi på oss rolla som Ultramarine-soldaten Titus, som òg var hovudperson i det første spelet. Du vil veksle mellom å skyte mindre fiendar frå avstand, og å meie dei ned større og farlegare fiendar med med sagtakka nærkampvåpen. Kampanjen kan spelast gjennom aleine eller som eit lag med tre spelarar, og for dei som treng meir når historia er over, byr spelet på ein eigen samarbeidsmodus, samt lagbaserte slag der seks mot seks spelarar møtest til brutale konfliktråd.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Warhammer 40,000: Space Marine II

Det blir ikkje lett å halde folk i live i Frostpunk 2.
11 bit studios

Frostpunk 2

Plattform: Windows
Ute: 20. september

Frostpunk 2 fortset der Forstpunk slapp. 30 år etter isstormen i Frostpunk møter du no ein ny og mykje skumlare fiende; menneskets natur. Du får no bygge større byar med heilt eigne distrikt dedikert til ulike oppgåver. Nokre kan vere reine industridistrikt, medan andre igjen kan vere fokusert på å forske fram nye hjelpemiddel.

Sidan det er Frostpunk 2 blir alt dette sjølvsagt mykje enklare sagt enn gjort. Gnissingar mellom folk grunna ting som sosiale skilnadar kan skape mykje uro, og som leiar for ein vaksande metropol blir det ditt ansvar å ta det som tidvis kan vere heilt brutale avgjersler. Alle er ikkje einige om kva veg sivilisasjonen skal gå, og ulike fraksjonar kan ha vidt forskjellige oppfatningar rundt korleis ting bør gjerast.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Frostpunk 2

Dette ser jo unekteleg søtt ut.
Nintendo

The Legend of Zelda: Echoes of Wisdom

Plattform: Nintendo Switch
Ute: 26. september

Dei siste åra har det vore digre, opne verder som den vi møter i Breath of the Wild og Tears of the Kingdom som har prega Zelda-serien. Om du er ein av dei som heller lengtar tilbake til gamle dagar, og meiner Link's Awakening er det beste Zelda-spelet i nyare tid, har det vore ganske skrale tider.

Det er i ferd med å endre seg. No er Echoes of Wisdom rett rundt hjørnet, og dette spelet deler den vimsete visuelle stilen til Link's Awakening. Her får ein sjeldan gong spele som Zelda sjølv, og med ein tryllestav kan du lage kopiar av så og seie alt du finn i verda. Frå møblar til våpen og fiendar. Det er tydeleg at kreative løysingar står sentralt når du må hjelpe Zelda og Link med å rydde opp når mørke krefter nok ein gong prøvar å ta over.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på The Legend of Zelda: Echoes of Wisdom

Taktiske utfordringar i Sumerian Six.
Devolver Digital

Nesten for mykje?

Det er ikkje akkurat få spel som set kurs vår veg i september, og dei fleste sjangrar har noko nytt i vente. Sumerian Six er eit lovande spel for alle som elskar taktiske kampar. Her får vi ta opp kampen mot demoniske naziar, og det er nokon som fortener pryl må det vere dei. Fleire demonar får vi i Demonschool, eit spel lettare inspirert av dei to første Persona-spela.

Om du heller vil skape noko av verdi er det fleire spel i vente denne månaden. I The Elder Scrolls: Castles må du få eit slått til å fungere og i Satsifactory må du bygge fabrikkar i førsteperson.

For sporsentusiasten har vi Harry Potter: Quidditch Champions i vente, og om du heller vi ha ballar nærare landjorda gjer gratisfotballspelet UFL seg klart til å ta opp kampen mot EA Sports FC 25.

Medan vi er inne på ting folk likar å gjere på fritida si kan vi ta med bilkøyring. Test Drive Unlimited Solar Crown er rett rundt hjørnet, og om vi strekker strikken litt ekstra langt kan vi ta med det integalaktiske lastebilspelet Star Trucker i same jafs.

Om den statiske tida vi alle kjenner og fryktar desto eldre vi blir er noko du vil gjere noko med, har vi to spel for deg denne månaden. I The Holy Gosh Darn får du hoppe fram og tilbake mellom fortid og framtid og himmel og helvete, medan du i Starstruck: Hands of Time får spele ei diger hand som øydelegg ein miniatyrby.

Elsie er ein retroplattformer med pikselgrafikk, og om du ikkje får nok pikselgrafikk er UFO 50 spelet for deg. Her får du ei gåvepakke med små retrospel i alle tenkelege nostalgiske former.

Klassikaren Broken Sword: Shadow of the Templars er tilbake.
Revolution Software

Det er haust, og med det treng vi noko ekkelt, og då kjem skrekkspelet Hollowbody som bestilt. Zoochosis er eit minst like ekkelt spel der du skal reise rundt i ein dyrehage full av muterte beist.

Funko Fusion er ein fanfest som byr på alt mogleg rart frå Jurassic Park til The Mummy til Back to the Future og mykje meir. Hakket rolegare vil eg tru det blir i Caravan Sandwitch der vi reiser rundt på ei utforskande ferd i villmarka.

The Plucky Squire er eit sjarmerande eventyr der todimensjonale figurar oppdagar den tredimensjonale verda. Hakket mørkare blir det i Enotria: The Last Song som byr på månadens påkrevde dose Soulsinspirert action.

Ara: History Untold blir noko heilt anna, her får vi eit Civilization-inspirert strategispel i stor stil.

Ein heil bunke gamle spel kjem ut på ny denne månaden, og vi ramsar opp i fleng. Storspela Final Fantasy XVI og God of War: Ragnarök kjem til PC denn månaden, og ein haug med spel får heilt nye og oppussa versjonar:

Age of Mythology: Retold, Ace Attorney Investigations Collection, Lollipop Chainsaw RePOP, Dead Rising Deluxe Remaster, Disney Epic Mickey: Reburshed, og ikkje minst Broken Sword – Shadow of the Templars: Reforged der utviklarane her teikna opp på ny alle bakgrunnar og animasjonsceller for å optimale det klassiske eventyrspelet for moderne maskinvare.

Det var alt for september. God speling, og sjåast om ein månad.

Siste fra forsiden