Feature

Desse spela gler vi oss til i oktober

Det blir selskapskos, iskalde grøss og store eventyr i fleng denne månaden.

Dei siste vekene har vi kosa oss godt med mange ulike spel. Vi starta hausten med eit av sommarens siste spel, det nydelege Visions of Mana, og kasta oss vidare over alt frå Harry Potter: Quidditch Champions til EA Sports FC 25, og norsk galskap i The Holy Gosh Darn.

Vidare har vi testa Civ-«dødaren» Ara: History Untold, hygga oss med eit gjensyn med George og Nico i Broken Sword: Shados of the Templars Reforged, samt kosa oss med The Plucky Squire.

No er det derimot som alltid tid for å vende blikket mot nye spel på nye horisontar.

Passar med eit sommarhus her omkring.
Konami

Silent Hill 2

Plattform: PlayStation 5, Windows
Ute: 8. oktober

Opp gjennom historia finnest det fleire underhaldningsprodukt som stikk seg ut og etablerer seg som definitive klassikarar. Silent Hill 2 er definitivt eitt av dei. Dette PlayStation 2-spelet omskreiv regelboka for korleis ein skulle få spelaren til å skjelve av skrekk, og det i ei tid då Resident Evil var rimeleg høgt oppe på skrekkradaren.

I år får vi ein nyversjon, ikkje frå Konami sjølve, men frå det polske studioet Bloober Team som tidlegare har stått back Blair Witch og The Medium. I essensen skal Silent Hill 2 by på den same historia, men med eit markant grafisk løft som òg fører med seg nødvendige justeringar i spelestilen. Verda blir større, meir responsiv, og forhåpentlegvis minst like utriveleg som den var i 2001.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Silent Hill 2

Stilisert og stemningsfullt frå Persona-studioet.
Atlus

Metaphor: ReFantazio

Plattform: PlayStation 4, PlayStation 5, Xbox Series S/X, Windows
Ute: 11. oktober

Etter den enorme suksessen med Persona 5 i 2016, ville regissør Katsura Hashino utvide horisonten. Åtte år seinare kjem resultatet i form av Metaphor: ReFantazio. I dette massive rollespelet går Persona-studioet bort frå å balansere skuleliv med demonjakt, og tek oss med inn i eit nytt fantasy-univers.

I denne verda startar eventyret med kongens død. Utan ein arving er framtida ustabil og prega av kaos der mange stridast om kven som skal få ta over makta. Du tek på deg rolla som ein ung mann som hamnar midt oppe i alt dette, og må legge ut på ei lang reise for å stabilisere landet. Vi blir lova eit omfattande rollespel med turbaserte kampar, stil med substans og eit fokus på å både kjempe mot monster og å pleie forhold til dine medmenneske. Mykje nytt, og mykje velkjent der med andre ord.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Metaphor: ReFantazio

Alle er klare til fest.
Nintendo

Super Mario Party Jamboree

Plattform: Nintendo Switch
17. oktober

Denne hausten er Nintendo tilbake med eit flunkande nytt Mario Party-spel. I Super Mario Party Jamboree får vi det største spelet i seriens 26 år lange historie. Vi blir lova heile 110 forskjellige minispel som han opplevast i ein haug ulike spelmodusar. Spelet byr på sju ulike brett, samt ein haug nye gjenstandar du kan nytte for å gjere livet lyst og fint for deg, men mørkt og surt for konkurrentane medan ein jaktar på stjerner.

Sjølv om mange sikkert vil spele dette spelet benka saman framfor ein TV, vil spelet by på heilt eigne opplevingar for dei som vel å spele på nett. Der får vi blant anna bryne oss på ein modus der heile 20 spelarar skal konkurrere om å få høgst poengsum i minispela. Eventuelt kan du satse på litt lagbasert moro når åtte spelarar samarbeider om å knuse Bowser.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Super Mario Party Jamboree

Ingen fortalde dama at laust, langt hår i ein kampsituasjon ikkje er eit sjakktreff.
Activision Blizzard

Call of Duty: Black Ops 6

Plattform: PlayStation 4, PlayStation 5, Xbox One, Xbox Series S/X, Windows
Ute: 25. oktober

I årets utgåve av Call of Duty er det igjen på tide med eit Black Ops-eventyr. Vi skal til Gulfkrigen i 1991 der CIA-agenten Russel Adler brått dukkar opp igjen etter å ha vore borte i fleire månader med ei åtvaring om ei skjult makt som har inflitrert CIA. Slikt blir det naturlegvis bråk av, og mange gode grunnar til å dra fram det som i 1991 var dei sprekaste skytevåpna på marknaden.

Ikkje nok med det, men Zombies er sjølvsagt tilbake. Denne modusen byr som vanleg på hakket meir historie enn den eigentleg treng når alt berre handlar om å ta fiendens hjerne før dei tek din. Vidare byr spelet naturlegvis på eit solid fokus på fleirspelarmodusen der vi skal få 16 kart ved lansering.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Call of Duty: Black Ops 6

Når sjekketrikset ditt er «vil du vere med meg heim og sjå på skjeletta i skapet mitt?»
EA

Dragon Age: The Veilguard

Plattform: PlayStation 4, Xbox Series S/X, Windows
Ute: 31. oktober

I Dragon Age: The Veilguard har gudane blitt galne og no ser det ut til at dei har tenkt til å gå til angrep på Thedas. Då blir det opp til deg, i rolla som Rook å samle eit følgje med heltar for å reise ut på eventyr og stoppe galskapen. På vegen blir vi lova ei variert reise full av magiske landskap og massive monster, same eit reisefølgje som alle har sine eigne unike historier du kan utforske. For dei som meiner romantikk er meir interessant enn å redde verda kan du sjølvsagt sjekke opp og ha deg med alle, om du spelar korta dine riktig.

Vi blir lova ein omfattande karakterbyggar som ikkje berre let deg lage akkurat det du vil ha slik at du kan ta ferie frå deg sjølv ei stund, men òg skru saman ein krigar som kjempar mot fiendane på den måten som kler din smak best. Spelet byr på sju reisevener, der du kan ha to med deg i kamp til ei kvar tid.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Dragon Age: The Veilguard

Unknown 9: Awakening byr å action og mystiske krefter.
Reflector Entertainment

Nytt og gammalt

Resten av månaden byr på eit assortert utval spel i mange sjangrar. Blant dei større spela finn vi actioneventyret Unknown 9: Awakening, MechWarrior 5: Clans og ikkje minst Diablo IV-utvidinga Vessel of Hatred.

Vidare finn vi MMORPG-et Throne and Liberty som er gratis å spele. Kill Knight kostar nok nokre kroner, men vi får tru det er verdt det når du angrip svermar av fiendar i dette actionspelet med fugleperspektiv.

I Amber Isle skal du kose deg med å mekke ting saman med søte dinosaurar. Det i kontrast til Starship Troopers: Extermination som no ser seg ferdig med Early Access og går ut i full versjon.

Om det blir for hektisk, men du likevel gjerne vil ha litt fart og spenning kan kanskje Sonic X Shadow Generations vere spelet for deg. Her får vi både nye og gamle eventyr i ei pakke.

Drova: Forsaken Kin er eit mørkt og dystert pikselrollespel der du skal få lage din eigen spelestil. Neva er på si side eit vakkert sideskrollande plattformeventyr frå utviklarane av Gris. Om vakre spel er di greie, bør du òg ta ein kikk på eventyret Europa, sterk inspirert av Studio Ghibli-filmane.

Fruitbus er igjen noko heilt anna, for her skal du køyre rundt i frukbussen din og servere herlege frukoppskrifter. Hakket mindre triveleg blir det i Worshippers of Cthulhu som etter planen skal ut denne månaden. Her skal du bygge by og tilbe Cthulhu på ei og same tid. Kos.

Klassisk turbasert moro i Romancing SaGa 2.
Square Enix

Nokre spel får nye versjonar denne månaden. Mest ambisiøst er nok Romancing SaGa 2: Revenge of the Seven som byr på ein flunkande ny versjon av Super Nintendo-spelet, utvikla av teamet bak Trials of Mana.

Det noko tarvelege Predator: Hunting Grounds får nytt liv på PlayStation 5 og Xbox Series S/X, og det gjer eventyrperla To The Moon òg.

Cryptmaster er eit nymotens teksteventyr som kjem til konsoll etter å ha fått god mottaking tidlegare på PC. Til konsoll kjem også Wildermyth der vi følgjer eventyrarar gjennom eit heilt liv.

Til slutt kan vi ta med at MMO-et New World kjem til konsoll i form av New World: Aeternum, Darksiders II er oppussa i Deathinitive Edition, og Horizon Zero Dawn kjem til PlayStation 5 i Remastered-utgåve.

Det var alt for no. God speling, og god Rocktober.

Siste fra forsiden