Feature

Desse spela gler vi oss til i mai

Det blir mykje herleg retromagi, strategi og norrøn action denne månaden.

Montasje Gamer.no

April månad har vore om ikkje travel, ein spanande månad på spelfronten. Vi fekk endeleg benke oss ned med Fallout-TV-serien til stor glede for mange, og eit knippe fine spel dukka opp. Stellar Blade bydde på supersexy babes og action for alle som har sakna det, Eiyuden Chronicle: Hundred Heroes gav oss eit japansk rollespel på gamlemåten, medan Tales of Kenzera: Zau gav oss eit spanande metroidvania i ei verd inspirert av afrikansk mytologi.

Med det ser vi framover igjen for å sjå kva mai du skjøne milde har å by på.

Romstrategi ventar i Homeworld 3.
Gearbox Publishing

Homeworld 3

Plattform: Windows
Ute: 13. mai

Homeworld-serien er ein gammal romstrategiserie utvikla av veteranane hos Relic Entertainment. Serien starta så langt tilbake som i 1999, og det er no over 20 år sidan sist vi fekk eit nytt spel i serien. Grunnane til det er mange, eigarskap over både studio og rettar til serien har skifta hender fleire gongar, men landa til slutt hos Geardbox. Det tredje spelet i serien kjem frå eit studio sett saman av blant anna fleire Homeworld-veteranar.

Homeworld 3 blir som sine forgjengarar eit taktisk strategispel i rommet. Her må du styre flåter med romskip til krig mot kvarandre enten gjennom ein lengre kampanje, eller gjennom fleire ulike fleirspelarmodusar som byr på både samarbeid og PvP. Utviklarane lovar òg støtte for modifikasjonar slik at spelarane skal kunne la kreativiteten flyte fritt.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Homeworld 3

Songs of Conquest er endeleg ferdig.
Lavapotion

Songs of Conquest

Plattform: Windows
Ute: 20. mai

For alle som har sakna gode spel i same gate som Heroes of Might & Magic er Songs of Conquest det vi har venta på. Det er eit strategispel som blandar utforsking av store eller små kart med taktiske kampar og bygging av basar. Det byr på uvanleg lekker pikselgrafikk og går denne månaden inn for full lansering etter to år i Early Access. Vi veit det er bra, vi har spelt det i to år, og vi var heilt over styr med begeistring då vi først prøvde det:

«Det er lenge sidan eg har sett ei meir komplett Early Access-pakke. Dette spelet er så godt som ferdig. Det er nesten fritt for tekniske problem, vi får to fulle kampanjar, eit verkty for å bygge våre eigne kart, og ein suveren fleirspelarmodus med ein bunke flotte kart der ein finn kanskje den aller beste opplevinga, og spelet demonsterer kor velbalansert det er.»

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Songs of Conquest

Senua er rett rundt hjørnet.
Xbox Game Studios

Senua's Saga: Hellblade II

Plattform: Xbox Series S/X, Windows
Ute: 21. mai

Det er mykje som heng på skuldrane til Senua's Saga: Hellblade II. Dette er det aller første Xbox Series S/X-spelet vi fekk sjå noko frå, og med jamne mellomrom har vi fått sett nye glimt av kor lekkert dette spelet blir. Fokuset har vore på historieformidling og presentasjon der den nye reisa til Senua skal bli enda meir dramatisk enn den førre. Vi blir lova ei sterk historie i eit spel som ikkje skal vere så alt for langt, noko som bør glede dei som lengtar etter ei og anna kortare oppleving.

Det store spørsmålet er sjølvsagt om det blir god underhaldning. Reint spelmekanisk har vi sett lite frå spelet, og det gjenstår å sjå kva du faktisk vil bruke tida di på. Det vi kan vere nokon lunde sikre på er at det blir ein del action mot mannevonde beist sidan det trass alt er eit actionspel i tredjeperson.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Senua's Saga: Hellblade II

Superman og Tom i slagsmål.
Warner Bros.

MultiVersus

Plattform: PlaySttaion 4, PlayStation 5, Xbox One, Xbox Series S/X, Windows
Ute: 28. mai

Opp gjennom åra har vi sett ein og annan konkurrent som gjer eit forsøk på å dytte Smash Bros.-serien ned frå festslåssespeltrona. Siste namn ut i denne rekka er MultiVersus. I dette spelet samlar Warner Bros. fleire av sine beste kjende og kjære heltar og figurar til kamp i eit spel som har meir enn eit par likskapstrekk med Nintendo sin suverne Smash Bros.-serie. Vi tok ein kikk på det for eit par år sidan. Sjølv om vi hadde ting å pirke på såg vi absolutt potensiale i det, og vi får tru eit par år med utvikling har retta opp i alle problem:

«MultiVersus er etter alle solemerke den beste konkurrenten Super Smash har fått til dags dato, men det er likevel eit godt stykke igjen før slåstinga følest like bra som Nintendos slagkraftige maskotfest.»

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på MultiVersus

SKALD byr på retrografikk og stor utfordringar.
Raw Fury

SKALD: Beyond the Black Priory

Plattform: Windows
Ute: 30. mai

SKALD: Against the Black Priory er retro omlag så retro som ein får det. Dette norskutvikla spelet tek oss med til 80-talet då Commodere 64 var kongen, og grafikken først og fremst var eit hinder ein måtte forbi på vegen mot minneverdige opplevingar. Sjølv om spelet ser gammalt ut, kombinerer det retrografikken sin med moderne design og det som vi blir lova skal bli ei underhaldande forteljing.

I spelet får du ta kontrollen over ein gjeng tvilsame eventyrarar som må kome seg gjennom eit mylder av livsfarlege fiendar i ei verd inspirert av den grufulle fantasien til H.P. Lovecraft. Spelet lovar heftige utfordringar, moglegheita for å lage både mat og utstyr, samt eit og anna terningkast.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på SKALD: Against the Black Priory

Vampyrspelet V Rising lovar gode mengder blod.
Stunlock Studios

Vampyrar, kråker og tusenårsdører

Mai held som alle månader fram med ein solid bunke spel. Berre sjå på vampyrspelet V Rising som ser ut til å by på engasjerande vampyraction i ei opa verd. Blir det for moderne kan kanskje det snodige retrospelet Crow Country vere eit betre alternative, med mindre du vil gå enda lengre tilbake i retroparadis til ANIMAL WELL, eit snodige eventyr som er så retro at det byr på innebygde scan-linjer.

Om vi vil gjere ting litt ekstra dystre i vårsola kan kanskje Indika vere spelet for deg. Her følgjer vi ei russisk nonne, og satan, på eventyr. Den rake motsetninga til dette er Little Kitty, Big City, eit kattespel som heilt sikkert ikkje er inspirert av Stray.

Treng du deg ein tur under bøljan blå er Endless Ocean Luminous eit alternativ medan vi ventar på betre badetemperatur. Sjølv om namnet kanskje skulle tilseie noko anna er ikkje Wuthering Waves eit spel om surfing, men i staden eit actionspel frå Kina.

Until Then er noko heilt anna, og byr på eit eventyrspel der du skal takle filosofiske dilemma i staden for å fekte med sverd. Sverd får vi likevel meir av i actionspelet Morbid: The Lords of Ire som kanskje ikkje heilt uventa for eit actionspel i 2024 hentar bittelitt inspirasjon frå Souls.

Meir action, om enn av ein lystigare sort får vi i Neptunia: Sisters VS Sisters, samt actionplattformeventyret Nine Sols. Om sideskrollande moro er ditt vatn og brød får vi i World of Goo 2, før vi med F1 24 tek ein U-sving inn i andre sjangrar i form av eit nytt Formel 1-spel.

Til slutt tek vi med eit knippe spel som kjem til nye plattformer, blant anna Biomutant, Ghost of Tshushima Director's Cut, Dragon Ball Xenoverse 2 og fjorårets System Shock. Ekstra spanande er ein flunkande ny og oppdatert versjon av Paper Mario: The Thousand-Year Door.

Med det seier vi takk for no og ynskjer deg ein god spelmånad.

Siste fra forsiden