Feature

Desse spela gler vi oss til i juli

Denne sommaren byter vi ut sol og bading med rollespel, skytespel, au-ikkje-slå-meg-så-hardt-spel, og mykje meir.

Flintlock, Anger Foot og Kunitsu-Gami: Path of the Goddess.
Kepler Interactive, Devolver Digital, Capcom

Sommaren er endeleg i full sving. Dei fleste har tatt ferie, og for dei som stille ber om mykje regn for å kunne spele mange spel med godt samvit, ser det ut til å bli ein OK sommar.

Bak oss ligg ein månad med mange spanande titlar. Vi fekk eit flott gjensyn med Paper Mario: The Thousand-Door, eit heilt greitt slåstespel i MultiVersus, og klaustrofobisk skrekk i Still Wakes the Deep. På toppen av pallen kom derimot ein ekspansjon. Den lenge etterlengta Elden Ring-utvidinga Shadow of the Erdtree blei endeleg lansert til stor fanfare og full pott hos oss.

No er det likevel igjen tid for å sjå framover mot kva som er i vente.

Final Fantasy XIV: Dawntrail

Nye land å utforske i Final Fantasy XIV.
Square Enix

Plattform: PlayStation 5, PlaySttaion 4, Xbox Series X/S, Windows, Mac
Ute: 2. juli

Final Fantasy XIV: Dawntrail er den femte store utvidinga til det 14 år gamle MMO-spelet som opphaveleg blei lansert i så dårleg forfatning at det var mest for ein kalkun å rekne. Korleis Square Enix snudde den skuta er ei av spelindustriens suksesshistorier, og dei ser ikkje ut til å ha nokon planar om å roe ned med det første.

Med Dawntrail får vi ei lenge etterlengta grafisk oppgradering som byr på høgre detaljrikdom og flottare utsikter for spelarar som kanskje er litt metta på 14 år gammal teknologi. Vi får òg nye eventyr i eit heilt nytt land mot vest. Med på reisa får vi to nye jobbklassar erfarne spelarar kan bryne seg på, eit høgre nivåtak, og mykje meir. Mange har òg venta på den kvinnelege Hrothgar-rasen, samt nye val for å verkeleg spjåke ut karakteren sin.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Final Fantasy XIV: Dawntrail »

Anger Foot

Anger Foot ser ut til å bli sært så det held.
Devolver Digital

Plattform: Windows
Ute: 11. juli

I Anger Foot spelar du ein skyteglad helt som skal hemne at nokon har tatt skoa hans. Det som følgjer er ei manisk jakt på alt som finnest av skotjuvar, og den sinte foten din er eit av dine viktigaste våpen. Etter kvart møter du eit solid utval minst like sinte fiendar, og får stadig nye våpen i eit spel der prøving og feiling skal bli ein del av moroa. Vi kika på spelet for eit par år sidan, og blei svært gira på å spele meir:

«Variasjonen i fiendar og våpen, samt moglegheita for å løyse utfordringar på forskjellige måtar, bidrar til å skape ei oppleving som aldri maktar å bli keisam. Du må rekne med å døy mykje, men det er moro å prøve seg fram med nye strategiar eller berre buse fram på same måte til du til slutt lukkast.»

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Anger Foot »

Flintlock: The Siege of Dawn

Kan Flintlook bli den neste høydaren for Souls-publikummet?
Kepler Interactive

Plattform: PlayStation 5, PlayStation 4, Xbox Series X/S, Xbox One, Windows
Ute: 18. juli

Flintlock: The Siege of Dawn blir av utviklarane kalla eit eksplosivt Souls-lite, og bør såleis kome på akkurat rett tid for alle dei som har rundt Elden Ring: Shadow of the Erdtree opp, ned, fram og tilbake. A44 Games har tidlegare stått bak Ashen, og har såleis god erfaring med sjangeren.

Vi tek på oss rolla som Nor Vanek, ein soldat i koalisjonshæren. Saman med Enki, ein reveliknande skapning legg dei ut på ei reise for å ta hemn over gudane. Flintlock satsar på å vere eit spel der tempo står i høgsetet, og du skal kunne danse mellom nærkamp, skytevåpen og magi. Om Flintlock: The Siege of Dawn klarar å markere seg blant alle Souls-inspirerte spel der ute finn vi snart ut.

Sjå bilete, les artiklar o finn beste pris på Flintlock: The Siege of Dawn »

Kunitsu-Gami: Path of the Goddess

Kunitsu-Gami: Path of the Goddess byr på japansk-inspirert action.
Capcom

Plattform: PlayStation 5, PlayStation 4, Xbox Series S/X, Xbox One, Windows: 19. juli

Kunitsu-Gami: Path of the Goddess er eit actionspel frå Capcom, inspirert av japansk historie og mytologi. I dette spelet reiser vi til Kafuku-fjellet som er herja av «The Seethe», ein korrupsjon som flommar ut av Tori-portane og fører med se vondskap og monster.

Din jobb er todelt. Om dagen må du renske vekk øydelegginga og gjere innbyggjarane på Kafuku klare for det som kjem om natta. Då opnar portalane seg og monstera kjem ut. Innbyggjarane hjelper til i kampen, men det er du som gjennom kamp som minnar om dans må gjere det meste av jobben. Kunitsu-Gami ser ut til å bli noko ganske så spesielt, men med tanke på alle kvalitetsspela Capcom har levert dei siste åra er det all grunn til å halde eit auge med dette spelet, ikkje minst fordi dette er eit actionspel som ikkje er inspirert av Souls.

Sjå bilete, les artiklar og finn betse pris på Kunitsu-Gami: Path of the Goddess »

Mykje snadder i vente

The First Descendant ser ut til å bli eit av sommarens lekrare spel.
NEXON KOREA

Ein gong i tida tydde juli månad speltørke, men den tid er over. No er det eit mylder av spel på veg, og juli ser absolutt ut til å bli ein spanande og tettpakka månad i år.

The First Descendant er eit koreansk skytespel som er gratis å spele, men byr på mange ting til sals. Til sitt forsvar har det lekker grafikk. Dette er ikkje det einaste koreanske gratisspelet vi får tilgang på i juli. Once Human er eit spel der du må overleve i ei rar post-apokalyptisk framtid.

Fleire spel frå Asia er på veg. Frå selskapet bak det massivt populære Genshin Impact kjem actionrollespelet Zenless Zone Zero. Frå landet litt lengre mot aust kjemenda eit nytt kapittel i The Legend of Heroes-serien; Trails Through Daybreak.

Over til noko heilt anna. Cyber Citizen Shockman Zero er eit sideskrollande plattformactioneventyr som ser ut til å hente ei ørlita dose inspirasjon frå klassiske Mega Man. Cataclismo er på si side eit spel der du skal bygge borger før du forsvarar dei mot svermar av fiendar. Fiendar får vi ein del av i Conscript òg. Dette er eit spel som handlar om å overleve, men i motsetning til mange andre spel i denne sjangeren ser du det heile ovanfrå i eit piksellert spel inspirert av 90-talet.

CONSCRIPT køyrer full retro.
Catchweight Studio

Bo: Path of the Teal Lotus er eit sideskrollande plattformactionspel, medan vi i Nintendo World Championships: NES Edition kanskje kan finne ut kven som raskast kan kome seg gjennom spel frå NES-katalogen. Om slike kjappe refleksar ikkje heilt er di greie, kan kanskje F1 Manager 2024 vere noko for deg.

The Star Named EOS er noko heilt anna. I dette historierike eventyret skal vi springe rundt med fotoapparat for å ta bilete av ting som kan hjelpe oss med å løyse eit mysterium.

Ein haug med spel av litt eldre dato er på veg til nye konsollar denn månader. Naheulbeyk's Dungeon Master kjem til konsoll, Ace Combat 7: Skies Unknown Deluxe Edition er på veg til Switch, medan Darkest Dungeon II er på veg til både PlayStation og Switch.

Det litt sære måneekspedisjonsspelet Lifeless Moon kjem til konsoll denne månaden, og det gjer sanneleg Souls-inspirerte Bleak Faith: Forsaken òg.

Zombiespelet Undying der du spelar ei zombiesmitta mor som må lære ungen sin å overleve før det er for seint kjem til Switch denne månaden, og det gjer dei japanske actionrollespela Tokyo Xanadu eX+ og One Piece Odyssey òg.

Det var alt for juli, sjåast om ein månad.

Siste fra forsiden