Feature

Desse spela gler vi oss til i juli

Sjølv årets store sommarmånad kan fyllast med spel.

No er vi midtvegs. Halve 2012 ligg bak oss, og den mest intense halvdelen står igjen. Det har vore eit godt år så langt, og det passar eigentleg veldig godt med litt sommar, sol og ferie akkurat no. Juni har vore ein intens månad. Ikkje nødvendigvis sidan det har vore mange lanseringar, men etter en heftig E3-veke tek det alltid litt tid for mang ein spelentusiast å akklimatisere seg.

Vi fekk ingen nye konsollkunngjeringar i år, men endeleg kunne eg prøve Nintendo si nye maskin Wii U. Ved sidan av dette nye plastvidunderet fekk eg, Marius og Audun testa mange nye og lovande spel, noko du kan lese mykje meir om i vår E3-seksjon.

Det kan vere lett å gløyme at det har blitt lansert nokre spel denne månaden òg. Det flotte og tradisjonelle eventyrspelet Resonance imponerte Joachim tidlegare i månaden, medan Jens blei litt småforelska i det fargerike tyggegummizombiespelet Lollipop Chainsaw.

Ved sidan av dette har vi fått litt solid hjernetrim i Quantum Conundrum, og ei glimrande utviding til Civilization V med ekspansjonpakka Gods & Kings. Men no er det tid for å sjå framover mot dei yttarst få nemneverdige spela som kjem i juli. Ta det ikkje for hard kritikk frå meg, men juli betyr speltørke, noko som gjer lista med interessante temmeleg kort.

Er du klar til å møte dine verste mareritt?

The Secret World

Plattform: PC Ute: 3. juli

Sjølv om det er speltørke i juli treng ikkje det vere noko problem når eit massivt onlinespel stårt klart til å ta over livet ditt. The Secret World frå norske Funcom vel eit noko anna utgangspunkt enn dei fleste andre nettbaserte rollespel. Her skal du verken hive deg inn i ei romdrakt eller dra på deg alveøyra. Fantasy og science fiction tek eit baksete til fordel for skrekk, gru og den eine konspirasjonen etter den andre. Eg vil tru Nyhetsspeilet vil finne mykje inspirasjon til nye artiklar her.

Ved sidan av den konspiratoriske settinga gjer som vanleg Funcom eit forsøk på å fornye sjangeren. Der dei introduserte eit innovativt kampsystem i Age of Conan har dei no valt å droppe klassar og nivå fullstendig. Du står heilt fri til å bygge figuren din nøyaktig slik det passar deg. Er du klar for å tilbringe årets lysaste månad i mørkret?

Les meir om The Secret World

I Endless Space blir du sjefen for ein heil sivilisasjon. Vis mer

Endless Space

Plattform: PC, Mac Ute: 4. juli

Endless Space er eit spel av den gode, gamle sorten. Her skal du ta med deg ein heil sivilisasjon ut i rommet, og gjerne møte eit par andre på vegen. Om du er av den fredelege typen kan du drive fram diverse avtaler gjennom diplomati, eller du kan vere ein dritsekk og berre gå til krig. Det er opp til deg. Universet på si side byr på mange restar etter gamle og utdøydde sivilisasjonar. Som med arkelogiske funn på vår eiga jord kan slik gjenstandar vere av uhyre stor verdi.

Les også
Anmeldelse:

Spelet byr på åtte forskjellige rasar du kan velje mellom, men de mest kreative kan lage sin eigen. Er du stolt over produktet ditt kan du dele rasane dine med venene dine slik at dei kan få dei inn i sitt spel.

Les meir om Endless Space

Sær gravitasjon i Inversion.

Inversion

Plattform: PC, PlayStation 3, Xbox 360 Ute: 12. juli

I dette Gears of War-inspirerte skytespelet følgjer du ikkje uventa ein liten gjeng sinte menn med store våpen. Som ein kan forvente kjem dei til å slengje seg bak både det eine og det andre for å halde seg trygge for kulene medan dei no og då stikk hovudet fram for å plassere nokre kuler. Det som gjer Inversion spanande er den spenstige gravitasjonen. Ved å springe gjennom diverse blå portalar kan du regelrett snu opp ned på ting.

Veggar blir til golv, og golv blir til tak i det heile verda snur seg rundt og vrir seg i takt med kampane mot ei framand makt. Om du treng ei solid dose skyting for det store kulesleppet til hausten, veit du kvar du skal gå.

Les meir om Inversion

Ein moogle gjer alt betre.

Kingdom Hearts 3D: Dream Drop Distance

Plattform: Nintendo 3DS Ute: 20. juli

Etter det herlege Kingdom Hearts: Birth by Sleep er det ikkje rart ein gledar seg til Dream Drop Distance. Square Enix har kanskje ikkje blitt noko flinkare til å gje spela sine fornuftige namn sidan sist, men atter ein gong kan vi nok vente oss eit actionfylt spel med mange kjende og kjære Disneyfigurar. Nye ansikt denne gong kjem frå turar til Disney-versjonen av De Tre Musketerer, samt Square Enix sitt eige spel The World Ends With You.

I Dream Drop Distance må Sora og Riku tre inn i draumeverda for å bli skikkelege nøkkelmeistrar. Det høyrest kanskje litt paradoksalt ut sidan historiene i dei fleste Kingdom Hearts-spela er omlag like lette å følgje som ein draum, men vi kan jo håpe ting har blitt enklare med åra.

Les meir om Kingdom Hearts 3D: Dream Drop Distance

Spelet for deg som likar å øydeleggje ting.

Wreckateer

Plattform: Xbox 360 Ute: 25. juli

I Wreckateer skal du omlag på same måte som i Angry Birds kaste kanonkuler på eit slott. Heile poenget er å få mest mogleg av slottet til å rase saman, og dette gjer du ved hjelp av Kinect. For å velje kvar kule skal gå, og hjelpe den litt på veg midtvegs i lufta brukar du kroppen din til å vifte med henda, fly som ein fugl, eller lene deg frå side til side.

Det høyrest kanskje banalt og simpelt ut, men det er ofte dei banale og simple ting som fungerer best. Eg fekk tatt ei solid prøverunde med spelet på E3 og må innrømme eg storkosa meg. Dette er kanskje ikkje eit spel for heile familien, men om du er av typen som heng deg fast i praktiske problem og klare dei, er dette definitivt eit spel du bør sjekke ut.

Les meir om Wreckateer

Som du ser er ikkje lista over spel i juli den heilt store, men det ser definitivt ut til å vere nokre godbitar her. Litt får vi derimot, og blant anna sparkar Microsoft i gong Summer of Arcade denne månaden med HD-utgåva av Tony Hawk's Pro Scater.

Utover dette dukkar omsider det flotte Prototype 2opp på PC. Test Drive: Ferrari vil forhåpentlegvis tilfredsstille racingkløa, medan Orcs Must Die! 2 bør by på litt spinnvill orkeslakt. Det vakre Rainbow Moon bør på si side kunne slukke eventyrtørsten.

Kva skal du gjere i juli? Slikke sol og kaste badeball eller ta opp kampen mot eldgamle konspirasjonar?

Ledige stillinger
Forsikringsrådgiver
Søknadsfrist:
Løpende
Funksjonsassistent
Søknadsfrist:
Løpende
Bilselger
Søknadsfrist:
Løpende
BPA assistent
Søknadsfrist:
Løpende
Restaurantmedarbeidere
Søknadsfrist:
Løpende
Selger (30-70%)
Søknadsfrist:
Løpende
Erfarne utviklere
Søknadsfrist:
Løpende
Data Platform Developer
Søknadsfrist:
Løpende
Salgskonsulent
Søknadsfrist:
Løpende
Produksjonsmedarbeider / Tekniker
Søknadsfrist:
Løpende
Tekniker på Livredningsutstyr
Søknadsfrist:
Løpende
Bruktbilselger
Søknadsfrist:
Løpende
Erfarne Data Engineers
Søknadsfrist:
Løpende
Servicerådgiver
Søknadsfrist:
Løpende
Bilmekaniker
Søknadsfrist:
Løpende
Prosjektleder
Søknadsfrist:
Løpende
Selger (22%)
Søknadsfrist:
Løpende
Forsikringsrådgiver
Søknadsfrist:
Løpende
DevOps Engineer
Søknadsfrist:
Løpende
Automasjon commission Engineers / Teknikere
Søknadsfrist:
Løpende
Produktingeniør
Søknadsfrist:
Løpende
Lead Mainframe Specialist – zHardware Systems (HMC/HCD)
Søknadsfrist:
Løpende
BPA assistent
Søknadsfrist:
Løpende
Systems Consultant – Virtualization
Søknadsfrist:
Løpende
BPA assistent
Søknadsfrist:
20.03.2025
Head of Workshop
Søknadsfrist:
Løpende
Nybilselger
Søknadsfrist:
Løpende
Forsikringsrådgiver
Søknadsfrist:
Løpende
Funksjonsassistent
Søknadsfrist:
Løpende
Bilselger
Søknadsfrist:
Løpende
BPA assistent
Søknadsfrist:
Løpende
Restaurantmedarbeidere
Søknadsfrist:
Løpende
Selger (30-70%)
Søknadsfrist:
Løpende
Erfarne utviklere
Søknadsfrist:
Løpende
Data Platform Developer
Søknadsfrist:
Løpende

Kommentarer (18)

Logg inn for å delta i diskusjonen.
Tråd
Dubious
13 år siden

Secret world flopper..

Stive måneds abb er ute for lenge siden..

Først kjøpe spillet også betale for det månedlig

Nei, skal være enten eller...

 

Selv så håper jeg PS2 Beta vil komme snarest..

BonBattery
13 år siden

koser meg med secret world så langt , faktisk bedre objetive(og liker gåte oppdragene) selv om litt krunglete system ;)

B1GP7
13 år siden

Først kjøpe spillet også betale for det månedligNei, skal være enten eller...

 

Ja fordi det er jo ingen som har klart å overleve på markedet med månedlig betaling?

Stifi
13 år siden

Secret world flopper..

 

Kan du begrunne det uten å blande AoC inn i bildet? Skjønner ikke hvordan du kan si det, når spillet har bare vært ute i noen dager. Imo, meningsløst kommentar.

Santar
13 år siden

Hva med Spelunky som kommer på xbla på onsdag?

Tilfeldig generert litt roguelike platformspill.

Originalen til pc er kjempebra så er spent på dette her

919776-12-1341181433981.jpg

Trailer:

Siste fra forsiden