Feature

Desse spela gler vi oss til i januar

Det blir masseslakt, sniking og enorme beist i årets første månad.

Koei Tecmo, Rebellion, Teku Studios (Montasje: Gamer.no)

Enda eit år er ved vegs ende, og vi håpar de alle har hatt det frykteleg moro på spelfronten i 2024. Vi har kåra våre favorittar, lesarane sine favorittar, og ikkje minst Gamer.no-skribentane sine personlege favorittar for å oppsummere året som har gått.

Vi har lagt bak oss eit år fullt av oppturar og nedturar, men som vanleg er det ikkje fortida vi bryr oss mykje om i denne artikkelserien. Vi ser allereie framover mot eit nytt år, nye moglegheiter, og nye spel.

Ut med det gamle og inn med det nye, vi er klare for 2025.

Fiendane flyr i Dynasty Warriors: Origins.
Koei Tecmo

Dynasty Warriors: Origins

Plattform: PlayStation 5, Xbox Series S/X, Windows
Ute: 17. januar

Dynasty Warriors-serien har lang fartstid, men det byrjar å bli ei stund sidan vi fekk eit skikkeleg minneverdig spel i serien. Det kan det sjå ut til at Koei Tecmo har tatt konsekvensen av, for dette blir den største revitaliseringa serien har sett på ei stund.

Den gamle historia om dei tre kongedøma står framleis i sentrum, men denne gongen tek du på deg rolla som ein namnlaus helt som originalt nok har mista alle minna sine. Dette gjer dog at du kan forme han som du sjølv vil. Gjennom bruk av ulike typar våpen kan du lære deg ulike måtar å kjempe, der du dundrar fram som ei einmannshær. Heilt aleine er du likevel ikkje, sidan du kan ha med deg kompanjongar du kan skifte til for å prøve ut noko heilt anna.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Dynasty Warriors: Origins

Eternal Strands inviterer til kamp mot massive beist.
Yellow Brick Games

Eternal Strands

Plattform: PlayStation 5, Xbox Series S/X, Windows
Ute: 28. januar

Eternal Strands er det første spelet frå Yellow Brick Games, det nye studioet til tidlegare Dragon Age-sjef Mike Laidlaw. Dette blir eit actioneventyr der du tek på deg rolla som magikaren Brynn, som må ut på eventyr i eit spel som hentar inspirasjon frå blant anna Dragon's Dogma og Shadow of the Colossus.

Yellow Brick Games prøvar likevel å gjere ting på sin eigen måte. Som magikar kan Brynn bruke både områda rundt seg, samt temperatur som våpen. Eld brer om seg, kulde frys ting, og du kan rive laus til dømes steinformasjonar for å hive dei mot fiendane som våpen. Døde fiendar byr i tillegg på ressursar du kan bruke for å mekke nytt og betre utstyr som passar din spesielle stil.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Eternal Strands

The Stone of Madness byr på sniking i sanntid.
Teku Studios

The Stone of Madness

Plattform: PlayStation 5, Xbox Series S/X, Nintendo Switch, Windows
Ute: 28. januar

The Stone of Madness er eit taktisk snikespel i sanntid utvikla av teamet bak Blasphemous-spela. Lokasjonen er eit spansk kloster på 1700-talet, og i demoen startar vi i rolla som ein prest som må snike seg ut av fengsel, og finne andre som kan vere med på å gjere det same. På ferda må du både kjappe deg, snike deg sakte forbi vakter, snakke med folk og manipulere gjenstandar i nærområdet for å finne ein veg vidare.

Ein interessant detalj er at alle spelarfigurane har ei psyikisk liding, og om dei blir utsette for den, vil det skade dei mentalt. Ein av dei toler ikkje å sjå døde kroppar, og ein annan har vore bura inne i mørkret så lenge at han får panikk utan ei lyskjelde. Det er tunge tema på utstilling her, og det blir spanande å sjå kor godt dei blir handterte i det fulle spelet.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på The Stone of Madness

Det er på tide med litt meir masseslakt av orkar.
Robot Entertainment

Orcs Must Die! Deathtrap

Plattform: Xbox One, Xbox Series S/X, Windows
Ute: 29. januar

Gode, gamle Orcs Must Die! er tilbake for femte gong denne månaden. Med Orcs Must Die! Deathtrap tek utviklarane det heile til nye høgder. Spelet vil framleis handle om å drepe orkar og andre beist, helst med feller, men spelet får eit utvida fokus samanlikna med forgjengarane.

Vi skal no langt utanfor dei klamme borgene vi har kjempa i tidlegare, og får drepe orkar i mykje større område. For å fylle denne plassen byr spelet på samarbeid for opp til fire spelarar som kan herje vilt saman. Vi blir lova djupare system for å utvikle figurane, bygging i roguelite-stil, samt ein heil haug med brutale feller som vil gjere sitt beste for å makluere fiendane i kjend stil.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Orcs Must Die! Deathtrap

Nye snikskyttareventyr ventar.
Rebellion

Sniper Elite: Resistance

Plattform: PlayStation 4, PlayStation 5, Xbox One, Xbox Series S/X, Windows
Ute: 30. januar

Sniper Elite, som vi har saknar deg og dine røntgenavrettingar. I Sniper Elite: Resistance møter vi Harry Hawker som finn ut at tyskarane jobbar med noko så hinsides at det vil vinne dei krigen. Saman med den franske motstandsrørsla må han djupt inn i hjartet av det okkuperte Frankrike for å snikskyte seg veg mot tysk nederlag.

Vi blir lova ein mektig ny kampanje du kan spele gjennom aleine, eller saman med ein ven. Utviklarane fortel om eit spel som skal gje enormt med fridom i korleis du kan gå fram for å løyse objektiva dine. Våpenarsenalet vil by på kjende favorittar, samt nye, autentiske våpen frå andre verdskrig. Sjølvsagt er også røntgenkameraet tilbake i ein ny og opprusta versjon, slik at du kan sjå dine offer bli demonterte i all den groteske detalj du kan tenkje deg.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Sniper Elite: Resistance

Ender Magnolia: Bloom in the Mist lovar stemningsfull metroidvania.
Binary Haze Interactive

Litt nytt, litt gammalt

Naturlegvis er det nokre fleire spel som skal ut denne månaden. Til dømes finn vil oppfølgjaren til det stemningsfulle metroidvania-spelet Ender Lilies: Quietus of the Knights; Ender Magnolia: Bloom in the Mist. Her kan vi vente oss fleire utfordringar i ei melankolsk og vakker verd.

Hakket mindre melankolsk blir det i Phantom Brave: The Lost Hero, eit japansk strategirollespel som lovar meir fridom enn serien har prøvd på tidlegare. Meir rollespel blir det i Citizen Sleeper 2: Starward Vector, der vi tek på oss rolla som ein litt øydelagd androide.

Vidare i januar finn vi nokre eldre spel til nyare plattformer. Actionspelet Freedom Wars Remastered byr på heftig action mot ein heil raus med monster, medan Donkey Kong Country Returns HD gir Donkey Kong-moro til dei som ikkje har opplevd det enno.

For dei som vil ta turen langt bak i tid er Star Wars Episode I: Jedi Power Battles tilbake for dei som skulle ynskje litt sideskrollande lyssabelaction.

Til slutt tek vi med eit par temmeleg nye spel som tek turen frå PlayStation 5 til PC denne månaden. Først ute er Final Fantasy VII Rebirth, før Marvel's Spider-Man 2 følgjer etter omlag ei veke seinare.

Det var alt for no. Godt nytt år og spel med måte.

Siste fra forsiden