Enda eit år er i full sving, og vi har så langt tatt det ganske med ro. Januar har ikkje vore den heilt store månaden sett frå ein spelentusiast sitt standpunkt, men nokre høgdepunkt fekk vi. Spesielt imponerte det nydelege og utfordrande taktiske rollespelet The Banner Saga oss. I denne historia om vikingar og kjemper fekk vi utfordra både dei små grå og moralen til stor suksess.
Vi fekk òg bryne oss på noko heilt anna. Den første delen av Tim Schafers Kickstarter-prosjekt Broken Age blei endeleg tilgjengeleg, og vi lot oss sjarmere. Heilt overbeviste var vi likevel ikkje. Mangelen på utfordrande gåter og eit litt dårleg kontrollsystem sette ein liten dempar på eit elles flott eventyr.
Skulle du vere av den sorten som gjerne tek eit avbrekk frå skjermar, tastatur og ulike kontrollflater hadde vi ein godbit til deg i form av ein test av brettspelet Stone Age.
No er det derimot atter ein gong på tide å sjå framover, og februar ser utan å overdrive ut til å bli ein av dei verkeleg store månadane i 2014. Lista med lovande spel er like lang som eit vondt (eventuelt godt, om du er masochist) år, og vi kan knapt vente.
Lightning Returns: Final Fantasy XIII
Plattform: PlayStation 3, Xbox 360
Ute: 14. februar
Omsider har vi nådd slutten på Final Fantasy XIII-historia. I dette spelet er det slutten på verda som står for tur. Lightning har fått den utakksame oppgåva å redde sjelene til menneska i løpet av dei 13 dagane som er igjen før alt går under. Spelet byr på eit vidareutvikla og actionfokusert kampsystem der vi utelukkande tek styringa over Lightning i kampen mot eit mylder av mannevonde beist. Vi likte det vi såg då vi prøvde det:
– Dei første inntrykka frå spelet har vore positive. Lightning verkar litt meir som seg sjølv denne gongen, og ho har ein aggressivitet i dialogen som er kjærkome etter dei noko pompøse strofene hennar i Final Fantasy XIII-2. Om Square Enix styrer skuta inn på røtt kjøl, kan dette kan bli riktig så solide greier.
Sjå skjermbilete, artiklar og finn beste pris på Lightning Returns: Final Fantasy XIII
Earth Defense Force 2025
Plattform: PlayStation 3, Xbox 360
Ute: 21. februar
Hatar du insekt? I så fall blir februar månaden for deg. I Earth Defense Force 2025 står verda ovanfor ein ny insektinvasjon og det betyr at du må plukke opp våpna og plaffe ned dei massiv krypa atter ein gong. I spelet får du velje mellom fire forskjellige klassar som alle har sine spesialitetar. Om du vil vere tung og farleg eller rask og lett er opp til deg.
Som tidlegare spel i serien vil du møte forvaksne beist og robotar i infernalske kampar. Alt kan jamnast med jorda, og eit skot med ein rakettkastar kan få massive skyskraparar til å ramle ned. Nye våpen blir tilgjengeleg etter kvart som du drep fiendar, og om du treng ekstra sterk skyts byr spelet på fleire ulike køyrety. Samarbeid er framleis viktig, og opp til fire spelarar kan samarbeide på nett om å smadre krapyla.
Sjå skjermbilete, artiklar og finn beste pris på Earth Defense Force 2025
Donkey Kong Country: Tropical Freeze
Plattform: Wii U
Ute: 21. februar
Kven kan vel seie nei takk til litt moro med Donkey Kong? Dette plattformspelet utvikla av Metroid Prime-veteranane hos Retro Studios held fram det sideskrollande gameplayet vi kjenner frå Supet Ninteno-eraen. Vi møter Donkey Kong og fleire andre kjende ansikt som Diddy Kong, Dixie Kong og Cranky Kong. Alle gorillaene har ulike eigenskapar som hjelper deg vidare på ferda. Dixie kan gli gjennom lufta, Cranky kan hoppe på stokken sin, og Diddy har ein praktisk liten jetmotor på ryggen.
Til glede for gamle spelarar står David Wise for musikken i Tropical Freeze. Om du ikkje dreg kjensel på dette namnet var det han som komponerte musikken i Donkey Kong Country-klassikarane frå Rare på Super Nintendo. Det er nok best å hamstre bananene allereie no.
Sjå skjermbilete, artiklar og finn beste pris på Donkey Kong Country: Tropical Freeze
Castlevania: Lords of Shadow 2
Plattform: PlayStation, Xbox 360, Windows
Ute: 28. februar
Som vanleg står vampyrar og andre uhyggjelege skapningar for tur når eit Castlevania-spel skal lanserast. Etter sitt heroiske tokt i det første Lords of Shadow, har det gått nedover med stakkars Gabriel Belmont. Frå å ein gong vere ein helt, har han no blitt Dracula, og handlinga har skote fleire hundre år fram i tid. Vi kan vente oss atter eit utfordrande actionspel med eit solid kampsystem, men langt fleire utfordringar å bryne oss på enn i det første spelet. Vår ferske sniktitt var særs positiv:
– Spelet imponerer også stort med spanande figurar, og god bruk av mytologi og fargar – ein rekk aldri å gløyme at ein er i et digert, møkkete slott, men personlegheitene ein får møte rundt omkring lyser opp langt på veg.
Sjå skjermbilete, artiklar og finn beste pris på Castlevania: Lords of Shadow 2
Thief
Plattform: PlayStation 3, PlayStation 4, Xbox 360, Xbox One, Windows
Ute: 28. februar
Etter mange stille år er omsider Thief-serien tilbake. Her blir det fokus på å halde seg i det skjulte medan ein klatrar opp veggar, glir langs hustak og forsvinn inn i ei busk så snart ei vakt kjem i sikte. Garrett er på ingen måte ein actionhelt, og i staden ligg mykje av fokuset på å unngå eller ta ut lyskjelder, og å sørgje for at ein ruslar svært stille i gangane. Vi har sett på spelet eit par gongar, og våre ferskaste inntrykk var positive:
– Garrett driv med klassiske tjuveriaktivitetar, og ein føler seg verkeleg som ein tjuv når ein spelar Thief – ein meistertjuv som sådan. Moglegheita til å velje kva som skal visast på skjermen til ei kvar tid hjelper langt på veg, og her kan kvar og ein vere så uavhengig som dei vil av diverse visuelle hjelpemidlar. Thief tilbyr mykje fridom til spelaren, og dette kan umogleg vere ein dårlig ting.
Sjå skjermbilete, artiklar og finn beste pris på Thief
Ta deg ei friveke
Februar er i år ein ganske brutal månad for alle med lommebok og ei inntekt som er godt under seks siffer i månaden. Det heile startar med eit gjensyn med Xbox-klassikaren Fable. I denne oppussa versjonen har Lionhead Studios fiksa på småting, og pynta stort på grafikken.
Eit anna gjensyn får vi i Far Cry: The Wild Expedition som gjev oss alle tre Far Cry-spela i ei pakke. Som om det ikkje var nok med desse gjensyna dukkar ei fersk utgåve av herlege Resident Evil 4 opp på PC.
Om det er heilt uaktuelt å leve litt i fortida har månaden likevel mykje nytt å by på. Plants vs. Zombies serien tek turen til Xbox 360 og dei som skulle ha ein Xbox One i form av Plants vs. Zombies: Garden Warfare. Her blir det intense kampar med livsfarlege planter ein stein, stokk dumme vandøde.
Godt inspirert av nettopp Plants vs. Zombies-serien serverer nordmenna i Megapop oss tårnforsvarspelet Troll mot Vikinger, medan du i strategispelet Horizon skal leie menneskeheita ut i verdsrommet.
Meir strategi får vi i byplanleggingsspelet Banished. Her tek du styringa over ein gjeng bannlyste individ som treng ein stad å bu. Om du ikkje er heilt i humør for strategi, men er klar for litt rollespel, kan du ta turen til ein cyberpunk-versjon av Berlin i Shadowrun: Dragonfall. Enda meir rollespelmoro får vi i fullversjonen av Divinity: Original Sin, eit spel som allereie er tilgjengeleg vi Steam Early Access.
Det er ikkje å overdrive om eg påstår det er mykje alvor å spore i spela denne månaden. Difor passar det godt at fargesprakande og fornøyelege Rayman Legends dukkar opp på PlayStation 4 og Xbox One. På toppen av det heile får vi spelkomedia Jazzpunk, eit spel som hentar inspirasjon frå sterke samfunnsdrama som Airplane! og Naked Gun.
Det var det for februar. God speling!