No er det snart jul igjen! Enda ein lang, tung og mørk haust er ved vegs ende, vinteren er her og juleferien ventar. Kanskje kan du nytte denne tida til å kose deg med nokre av perlene frå i år fordi du for ein gongs skuld ikkje må tidleg opp i morgon. Om du treng tips kan du ta ein kikk på det nesten 30 år gamle rollespelet Dragon Quest III som nett kom ut i ny drakt, eller du kan kike på Stalker 2: Heart of Chernobyl om du meiner jula blir hakket for koseleg.
Kva du no enn vel å bruke dei siste vekene av året ditt på, håpar eg det blir spelglede, i staden for spelvrede.
Med det tek vi ein kikk på dei potensielle perlene som ventar i årets siste månad.
Fantasian Neo Dimension
Plattform: PlayStation 4, PlayStation 5, Xbox Series S/X, Nintendo Switch, Windows
Ute: 5. desember
Den legendariske Final Fantasy-duoen Hironobu Sakaguchi og Nobuo Uematsu er tilbake med eit flunkande nytt rollespel denne månaden. Heilt nytt er det kanskje ikkje, då det opphaveleg blei lansert på Apple Arcade for nokre år tilbake, men no er det tilbake i ei ny, forbetra og utvida utgåve for det meste som finnest av plattformer.
Fantasian Neo Dimension er eit klassiske japansk rollespel med turbaserte kampar og utforsking av spanande område. Det som gjer dette spelet ekstra spesielt er at utviklarane ikkje gjorde som utviklarar flest, og bygde heile spelet digitalt. I staden blei alle område bygde som miniatyrdiorama som blei fotograferte før digitale element blei lagt til i etterkant. Dette blir garantert ei unik oppleving, og truleg det siste spelet der Nobuo Uematsu står for all musikk.
Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Fantasian Neo Dimension
Skydance's Behemoth
Plattform: PlayStation 5, Windows
Ute: 5. desember
Skydance's Behemoth er godt mogleg ørlite grann inspirert av PlayStation-klassikaren Shadow of the Colossus. I dette spelet tek vi på oss rolla som ein krigar som prøvar å gjere slutt på ei forbanning som heng over både han og landsbyen hans. Denne misjonen sender han ut på ei reise der han møter enorme beist som må nedkjempast både på bakken, i lufta og frå skyene.
Spelet krev eit VR-headset og satsar på å bli akkurat passe brutalt. Her spring vi rundt i førsteperson og høgg ned fiendane våre på så brutalt vis at kroppsdelar raskt kan dele seg i to. Spelet vil ta oss med til ei rekke ulike landskap og miljø, som alle vil introdusere oss for nye folk, monster og massive behemotar som du aleine får ansvaret for å nedkjempe.
Sjå bilete, les artiklar og sjå bilete frå Skydance's Behemoth
Infinity Nikki
Plattform: PlayStation 5, Windows, Android, iPad, iPhone
Ute: 5. desember
Infinity Nikki er eit kostymespel som allereie før lansering har rukke å bli veldig populært. Det hadde til dømes den mest populære videoen etter ein PlayStation Showcase tidlegare i år som inneheldt Monster Hunter Wilds. Dette er på ingen måte det første spelet i Nikki-serien, men det er det mest påkosta, og det byr på ei diger, vakker og opa verd der du kan springe rundt, utforske og samle ingrediensar slik at du kan lage nye kostymer.
I motsetning til mange andre spel som legg vekt på at du skal overleve og drepe ting i ei potensielt øydelagd verd, går Infinity Nikki ein heilt annan veg. Her er fokuset på kos og hygge når du i rolla som Nikki reiser rundt i eit spel der du kan bryne deg på ulike avslappande aktivitetar som å stelle dyr, fange insekt og samle inn ting for å lage nye klede.
Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Infinity Nikki
Indiana Jones and the Great Circle
Plattform: Xbox Series S/X, Windows
Ute: 9. desember
Etter mange, lange år er det endeleg tid for eit nytt Indiana Jones-spel. Dei tre filmane om arkeologen som reiser ut på eventyr er for mange klassiske kulturminne, og det same kan seiast om gamle spel som Indiana Jones and the Fate of Atlantis. Dette spelet har derimot lite til felles med gamle peik-og-klikk-eventyr, og kjem til oss frå Machine Games, som tidlegare har laga fleire Wolfenstein-spel.
Her møter vi Indiana i storform som må ut på eit omfattande og krevjande eventyr kort tid før andre verdskrig. Det vil by på både sniking, action og ei rekke gåter, samt ei forteljing som igjen set arkeologen opp mot alltid like fæle nazistar og andre skrukar. Spelet er eit av årets største frå Microsoft, og kjem som alle andre førstepartspel til Game Pass på dag ein.
Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Indiana Jones and the Great Circle
Legacy of Kain Sould Reaver 1&2 Remastered
Plattform: PlayStation 4, PlayStation 5, Xbox One, Xbox Series S/X, Windows
Ute: 10. desember
Om det er ein ting spelverda er full av er det kultklassikarar. Perler som mange hugsar, men kanskje like mange har heilt gløymt. Spel som minner deg om barndom, og gjerne spelindustriens vanvittige utvikling i ein periode der ein på få år kunne gå frå todimensjonal pikselgrafikk til overveldande imponerande 3D-grafikk.
To spel som smett seg lett inn under denne paraplyen er Soul Reaver 1 og 2. Desse spela er oppfølgjarar til det todminensjonale vampyrspelet Legacy of Kain, og sette oss inn i rolla som vampyren Raziel i ei verd der menneska er jaga av vampyrar som no er på toppen av næringskjeden. Spela er actioneventyr med gode doser kamp blanda med utforsking og opning av nye vegar. Begge spela kom rundt årtusenskiftet, og får seg no ei etterlengta nylansering i ei visuelt oppgradert drakt.
Sjå bilete, les artiklar og finn betse pris på Legacy of Kain Sould Reaver 1&2 Remastered
Noko ekstra før jul
Desember er som vanleg ikkje årets travlaste månad, men noko får vi å kose oss med. For dei som treng litt intens retromoro kan moglegvis Antonblast vere spelet å sjekke ut. Her spelar vi som Dynamite Anton som øydelegg alt i hans veg.
Botany Manor er den rake motsetning, for her skal du spele ein botaniker på 1800-talet som må lære seg å dyrke sjeldne planter. Spelet kom til PlayStation 4 og PlayStation 5, etter tidlegare lansering på andre plattformer.
Monument Valley 3 og Fairy Tail 2 er som namna tilseier oppfølgjarar i sine respektive seriar.
Om du ikkje fekk med deg The Thaumaturge då det blei lansert på PC i vår, får du ein sjanse når det no lanserast på PlayStation 5 og Xbox Series S/X.
For dei som enno ikkje har funne noko som passar for dei denne månaden, kan kanskje litt krig og kamp mellom superheltar i Marvel Rivals vere akkurat det som skal til.
Med det seier vi takk for i år. God jul, og godt nytt år.