Mars kan på ingen måte seiast å ha vore ein travel månad. I den nokon lunde vesle samlinga med spel vi har fått servert, var det ikkje så alt for mykje å bite tak i. Nokre godbitar var det likevel å spore opp. Ubisofts store skytespel The Division fekk god mottaking hos oss, og om eg skal tru jungeltelegrafen er det fleire der ute som har svidd av ei imponerande mengde timar på spelet allereie.
Vi fekk i tillegg eit gjensyn med vår alles kjære helt Link, i nyversjonen av The Legend of Zelda: Twilight Princess HD. Vår mann meinte det ikkje framstod like friskt og nytt som det gjorde ved Wii-lanseringa i 2006, men det skal vel godt gjerast for et ti år gammalt spel.
No er det derimot atter ein gong tid for å sjå framover, og april i år bør by på noko stort og deileg for kvar ein smak.
Quantum Break
Plattform: Xbox One, Windows
Ute: 5. april
Finske Remedy har blitt eit respektert namn i spelverda av ein enkel grunn; del lagar særs gode spel. Difor er det all grunn til å sjå fram til deira ferskaste samarbeid med Microsoft; det tidsherjande skytespelet Quantum Break. Her får vi ei rekke heftige tidsbaserte krefter som hovudpersonen Jack Joyce kan bruke for å få mest mogleg ut av kulene sine. Samstundes blir historia fortalt både medan du spelar, samt gjennom ekte filmsekvensar. Vi tok ein kikk på det førre månad:
«Når alt kjem til, alt vil alt stå og falle på om Remedy klarar å skape nok variasjon og engasjement gjennom heile spelet. At eg etter ei to-tre-timars økt gjerne ville spele meir er eit godt utgangspunkt for det som – etter lengda på første akt å døme – vil fortone seg som eit rimeleg lineært spel på om lag 10-12 timer.»
Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Quantum Break
Dark Souls III
Plattform: PlayStation 4, Xbox One, Windows
Ute: 12. april
From Software traff gull med sin «aleine mot overmakta»-formel, og er no klare med sitt femte spel etter den uventa suksessen dei hadde med Demon's Souls. Vi kan garantert vente oss fleire beinharde utfordringar mot alle tenkjelege monster og villdyr. Utviklarane har naturlegvis eit mål om å lage det beste spelet i serien, og vi finn snart ut om dei har klart det. Vi ville i alle fall berre spele meir etter at vi prøvde det:
«Etter mi meining er det den heilskaplege opplevinga som definerer Souls-spela. Historia, dialogen, monstra, musikken og alt anna kjem saman for å skape eit knippe uforgløymelege spel. Det er ingen av enkeltelementa som stikk seg noko særleg ut, men når dei setjast saman, blir resultatet rimeleg spektakulært. Ein ting er i det minste heilt sikkert – eg gler meg noko heilt vanvittig til april.»
Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Dark Souls III
The Banner Saga 2
Plattform: Windows, Mac
Ute: 19. april
The Banner Saga tok oss med storm då det blei lansert for nokre år sidan, og vi har sett fram til oppfølgjaren heilt sidan den tid. Det vikinginspirerte spelet blandar taktiske og turbaserte kampar med ansvaret for å halde eit massivt reisefølgje i live. Dine val både gjennom spelet og dialogar kan få fatale konsekvensar, og både heltar og sivile vil leve eller døy basert på kva du gjer.
I The Banner Saga 2 lovar utviklarane enda fleire vanskelege val, nye taktiske moglegheiter, og meir av den fascinerande visuelle stilen det første spelet blei kjent for. The Banner Saga 2 vil introdusere ei rekke nye heltar og fiendar, samt ein ny rase og eit mylder av nye måtar å vinne – eller tape – spelets mange utfordringar på.
Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på The Banner Saga 2
Ratchet & Clank
Plattform: PlayStation 4
Ute: 20. april
Opp gjennom historia har vi fått mange spel basert på filmar, vi har endå med fått filmar basert på spel. Eit spel basert på ein film basert på eit spel, må vi moglegvis tilbake til det illeluktande Street Fighter: The Movie-spelet for å finne. Ratchet & Clank lanserast i tandem med den komande filmen om duen Ratchet og Clank. Spelet vil bli ei nytolking av det aller første spelet i serien, og skal introdusere plattformuniverset for eit nytt publikum.
I stor grad kan vi vente oss det same spelet som introduserte radarparet i 2003, men sjølvsagt med flunkande ny og vakker grafikk. I tillegg har utviklarane modernisert og endra mekanikkane for å samsvare med endringane serien har sett opp gjennom åra. På toppen av dette blir vi lova nytt innhald, blant anna nye fiendar og nye elleville våpen.
Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Ratchet & Clank
Star Fox Zero
Plattform: Wii U
Ute: 22. april
Kven har vel ikkje gleda seg til eit nytt Star Fox-spel? Dei ulike dyreheltane i desse romskipspela har sidan Super Nintendo-dagane vore lett gjenkjennelege blant alle Nintendo sine maskottar. Det har gått alt for mange år sidan førre spel i denne serien, og det er på høg tid med eit gjensyn.
Star Fox Zero er likevel eit av desse spela vil gler oss til sjølv om vi kanskje burde vite betre. Vi hadde svært lite godt å seie om spelet etter vår testrunde i fjor. Spelet tvingar deg inn i ein noko uvant kontrollmodus der du må sjå på ein skjerm for å styre eit romskip, og ein anna for å sikte med våpna dine. Vi fekk det ikkje heilt til å fungere då vi testa det, men vi satsar på at utviklarane har brukt tida godt sidan då på å polere opplevinga.
Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Star Fox Zero
Gammalt nytt?
Det er ikkje så frykteleg mykje «nytt» å spore om vi ser nærare på kalenderen for april. Vi finn til dømes konsollanseringar for rallyspelet DiRT Rally, rollespelet Lichdom: Battlemage, samt grottebyggjaren Dungeons 2.
Vidare finn vi derimot nokre spanande nye titlar. Fleire ventar kanskje på skytespelet Alienation til PlayStation 4. Denne stikkeskytaren kjem frå studioet bak festelege spel som Resogun og Super Stardust, noko som burde leggje lista ganske høgt.
I ei noko liknande gate finn vi Enter the Gungeon. I dette spelet skal ein ganske så lovlaus gjeng skyte seg veg gjennom den eine grotta etter den andre. Målet er å finne det ultimate våpenet; ein pistol som kan skyte bort fortida. Lovar bra.
Nights of Azure er på si side eit fargerikt rollespel frå utviklarane av Atelier-serien. I dette spelet kjempar heltane side om side med demoniske leigesoldatar.
Til slutt tek vi med det lekre actionrollespelet Stories: The Path of Destinies. Her skal du spele ein lur rev som eigentleg ikkje er så lur. Vi blir lova solide doser action, val og konsekvensar.
Det var det for denne gong. Kos deg.