12 Minutes
Sjanger: Gåteløysing, eventyr
System: PC, Xbox One, Xbox Series X/S
Utviklar: Luis Antonio
Kjem: 2021
12 Minutes kan kanskje kallast ein eksperimentell gåteløysar, som går ut på å spela seg gjennom dei same tolv minutta igjen og igjen, for slik å finna ut av mysteriet som heile spelet, og dei tolv minutta, dreier seg om. Spelet føregår i den relativt trange leilegheita til eit ungt ektepar, og eg er veldig spent på kva grep utviklar Luis Antonio har tatt for å unngå at spelet skal bli einsformig og frustrerande når ein potensielt skal gjennom dei same handlingane og romma igjen og igjen.
Antonio har tidlegare jobba for Rockstar og Ubisoft, men viktigare for meg er det at spelet blir utgitt av Annapurna Interactive, som nesten utelukkande gir ut spel som eg elskar. 12 Minutes skal vera inspirert av filmar som Hitchcock-klassikaren Rear Window og Groundhog Day med Bill Murray, noko som iallfall ikkje gjer meg mindre interessert. Det gjer heller ikkje den stjernespekka lista med stemmeskodespelarar, som inkluderer Daisy Ridley og Willem Dafoe.
Horizon Forbidden West
Sjanger: Action-eventyr
System: PlayStation 4, PlayStation 5
Utviklar: Guerilla Games
Kjem: 3. eller 4. kvartal
Me lir ikkje akkurat av nokon mangel på actioneventyr med rollespelelement i opne verder for tida, men eg er veldig svak for slike spel, så det er heilt greitt for meg. Personleg synst eg kanskje ikkje Horizon Zero Dawn hadde den mest spennande verda å utforska, sjølv om geografien var både dramatisk og vakker. Det spelet derimot hadde, var ei fengslande og velutvikla historie, samt våpen som var ekstremt tilfredsstillande å bruka.
Nå skal altså Aloy ut mot havet for å jobba vidare med å stoppa robotdinosaurane, og eg er spent på så mangt: Kor blir historia tatt vidare? Kva slags nye våpen får me å rutta med? Og ikkje minst, iallfall for dei av oss som nerdar litt på spelgeografi, på kva måter vil kysten og havet påverka spelopplevinga vår? Vel, same kva svaret er på alt dette, er det éin detalj eg gler meg litt ekstra til: å høyra lyden av ein tearblast-pil som flerrar rustninga av ein robotdinosaur. Ah, for ein vakker lyd!
Stray
Sjanger: Eventyr
System: PC, PlayStation 5
Utviklar: BlueTwelve Studio
Kjem: 2021
Ok, la meg sjå om eg har forstått dette rett: Eit spel der du er ein katt som snik seg rundt i ei futuristisk verd bebudd av robotar, og som er gitt ut av Annapurna? Ja? Vel, som det heiter i det etter kvart ganske forslitte Futurama-memet: Shut up and take my money!
Me veit strengt tatt ikkje så mykje meir om spelet enn det ovannemnde, men på spelet si nettside får me nokre vage hint frå dei franske utviklarane i BlueTwelve Studio. Det later til at katten me speler som, saman med den flygande dronen B12, skal prøva å finna vegen ut av ein robotby i forfall, gjennom å snika, plaga og klovna seg til – litt som ein gjennomsnittleg katt, der altså. Uansett kva dette endar opp med å bli, så er eg så seld som eg kan bli på Kyberkattesimulator 2021. Eg vil ha det nå!
Dying Light 2
Sjanger: Action
System: PC, PlayStation 4, PlayStation 5, Xbox One, Xbox Series X/S
Utviklar: Techland
Kjem: 2021
Dying Light er eit av desse spela der eg synst ideen var hakket betre enn gjennomføringa. Det var eit bra spel, som var gøy å spela ei stund, men for meg blei det litt for einsformig, litt for lite motiverande og litt for lite interessant å utforska områda eg parkour-hoppa og -svingte meg rundt i. Eg gjekk rett og slett litt lei før eg eigentleg var særleg nære å runda spelet. Men potensialet i premissen er fantastisk, og håpet er naturlegvis at Dying Light 2 leverer der forgjengaren snubla litt.
Gi meg eit meir velutvikla persongalleri, ei større kjensle av påverknad på verda, og omgjevnader som er givande og spennande å utforska, så er mykje gjort for min del. Viss eg i tillegg får lov å snika og snoka litt rundt i forlatne hus og utforska ruinane av den verda som eksisterte før, så har Techland-gjengen fort funne mitt spelkryptonitt.
Chasing Static
Sjanger: Grøssar
System: PC
Utviklar: Sick Chicken Studios
Kjem: 2021
Me avsluttar med ein liten indie-luring, som eg kom over litt tilfeldig mens eg prøvde å skaffa meg ei oversikt over spelåret som står føre oss. Chasing Static blir utvikla av Bristol-baserte Sick Chicken Studios, og skal vera ein overnaturleg psykologisk grøssar som byr på nydeleg PS2-æra-grafikk og ei stemning tjukk som graut. Spelet finn stad i Wales, der hovudpersonen Chris søker tilflukt på ein vegkro for å sleppa unna ein valdsam storm. Når han høyrer desperate rop utanfor, begir han seg ut i skogen for å sjå kva som skjer. Det skal visa seg å ikkje vera berre berre å finna ut av.
Eg simpelthen elskar retrografikkstilen ein del indiegrøssarar har lagt seg på dei siste pra, og her tydar traileren på at musikk og stemmeskodespel òg drar i same retning. Det er rett nok ikkje alltid at slike små indiespel leverer på det førsteinntrykket dei gir, men det er noko med denne traileren som verkeleg gir meg trua på at denne blir ein innartiar i mi bok.