Datoar klare for nye gamingskjermkort

Nvidia og AMD slipar knivane for konkurranse.

Nvidia har vist RTX 5070 Ti med eit Founder's Edition-design, men det kjem visstnok berre tredjepartskort, melder Videocardz.com.
Nvidia
Vis mer

Lanseringa av Nvidia sin 50-serie har så langt blitt møtt med kritikk og frustrasjon. Mange reagerer på marknadsføringa til Nvidia, og i kjend stil er butikkane skåltomme for skjermkorta.

Det er flaggskipet RTX 5090 og entusiastkortet RTX 5080 som har leia an. No avslører Nvidia datoane for RTX 5070 Ti og RTX 5070.

Nvidia-toppsjefen samanlikna ytinga til sistnemnde med RTX 4090 under sin CES-konferanse. Det var med både KI-oppskalering og fleirbildegenerering, og har blitt latterleggjort på sosiale medium.

RTX 5070 Ti blir lansert 20. februar, mens RTX 5070 kjem 5. mars.

Ifølgje Nvidia får RTX 5070 ein startpris på 7969 kroner. RTX 5070 Ti kostar frå 10 859 kroner. Det er ei auke frå 40-serien.

Det er ikkje godt å seie kva butikkane faktisk kjem til å ta for korta.

Gamer.no ventar enno i spenning på at vårt RTX 5090 skal kome frå Nvidia, som av uforståelege grunnar har ein sperrefrist i slutten av neste veke.

AMD kjem også med sine første skjermkort i 90-serien. Dei gjekk ut med nokre få detaljar om AMD RX 9070 XT og RX 9070 under CES, men skal ha ein eigen lanseringskonferanse 28. februar.

Skjermkorta er forventa i butikkane i starten av mars, skriv AMD-representant David McAfee på X.

Kommentarer (13)

Logg inn for å delta i diskusjonen.
Tråd
Pop
2 måneder siden

Ikke hold pusten...

Donkey Kong
2 måneder siden
Sitat

Ifølgje den norske nettstaden får RTX 5070 ein startpris på 7969 kroner.

Hvilken norsk nettside?

iR' BR34K
2 måneder siden
Donkey Kong skrev:
Sitat

Ifølgje den norske nettstaden får RTX 5070 ein startpris på 7969 kroner.

Hvilken norsk nettside?

Det blei ei litt rar formuleringa, ja. Meinte Nvidia sine norske nettsider, har endra det no.
Gamebino
2 måneder siden

Med de fra prisene kommer jo 5070ti til å koste det samme som 5080..... Helt latterlige lanseringspriser, men alt er likevel utsolgt.

Om 9070/xt er i samme gate som 5070/ti på ytelse så kommer de sikkert til å prise dem ca likt. De har jo ingen grunn til å prise lavere når alt blir solgt uansett. Så liten grunn til å vente.

Tåka
2 måneder siden
Så at 5090 kommer på ca 26 000 kr så er sikker bare løp å kjøp!

Siste fra forsiden