Sju ulike skjermar malar ansiktet til 34-åringen i eit kvitt lys i den gulbrune kjellaren.
Nokre gamle, slitne gardiner over eit smalt vindauge stenger dagslyset ute.
Her har Mathias Losnegaard brukt store delar av barndomen sin. Veggane rommar både gode og smertefulle minne.
Mathias vaks opp i skuggen av den åtte år eldre storebroren, Morten.
Han hugsar broren som ein blid og triveleg gut, og ser tilbake på korleis dei sat med stjerne i augo framfor det siste spelet dei hadde fått leige på den lokale videosjappa, i kvart sitt hjørne av sofaen.
Og han hugsar korleis broren gradvis forsvann inn i seg sjølv og narkotikaen, til dagar der han kunne kome på besøk hos foreldra og vere så rusa at han seig ned i middagstallerken.
Morten var alt for Mathias.
Berre det å sjå to brør som har det kjekt saman, kan gi han følelsen av å bli riven i to.
Det var Morten som introduserte Mathias til ein Gameboy. Den grå lakken hadde flassa av, men handkonsollen opna ei dør til eit nytt univers for tre år gamle Mathias.
Det starta med The Legend of Zelda: Link's Awakening.
Mathias kunne ikkje engelsk enno, og kom ikkje lenger enn andre nivå. Men han spelte dei to nivåa om og om og om igjen.
– Det var noko med den 8-bit-musikken som fyrte meg opp. Det var litt rart, men òg nydeleg, for det var så annleis frå all anna musikk eg hadde høyrt.
Då Super Nintendo Entertainment System kom i hus, visste Mathias at han kom til å vere ein gamer resten av livet.
I det japanske Nintendo-rollespelet Secret of Mana (1994) fekk dei spele kvar sin figur på likt.
Storebroren irriterte seg over kor dårleg Mathias var i spelet, og sneik seg til å dra ut kontrollaren hans – utan at Mathias merka så mykje til det.
Likevel elska dei tida saman framfor TV-skjermen. Det var noko med kombinasjonen av fargane, lydane, figurane og historia, som trollbatt dei fullstendig.
Det var spelmagi.
Håra reiser seg på armane til Mathias når han fortel om dette.
– Eg speler ofte Secret of Mana i vaksen alder. Det drar meg tilbake og lar meg gjenoppleve augeblikka me hadde saman.
Morten var vanskeleg for både lærarane og foreldra. Han var bråkete, skulle alltid tøffe seg og vere den kulaste i gjengen.
Det var alltid noko som skulle skje. Men han var også veldig kjærleg overfor dei yngre i familien.
Han sto opp for dei.
Morten blei Mathias sine auge ute i verda, som fortalde om alt han opplevde med ungdomsgjengen og lét Mathias fantasere om korleis det var å vere med dei.
Mathias såg alltid opp til han, sjølv om Morten var eit uføreseieleg nærvær i oppveksten hans.
Ei stund etter at dei starta på Secret of Mana, hadde Morten gitt vekk både spelkonsollen og spelet til nokre kompisar.
– Eg gråt som om nokon betalte meg for å gjere det. I dagevis.
Nokre månadar seinare kom Morten frå The Gathering med ein drøss av CD-ar til datamaskinen, blant anna med ein piratkopi av Secret of Mana.
Gledestårene rann nedover kinna til Mathias då han såg Secret of Mana-logoen dukke opp på skjermen.
Det var strategispelet Warcraft 3, og etter kvart rollespelet World of Warcraft (WoW), dei skulle bruke mest tid saman i.
Mathias brukte konfirmasjonspengane på ein spel-PC. Han kunne vakne midt på natta av høg musikk, og såg at storebroren sat og spelte på datamaskinen hans på soverommet.
– «Oi, vekte eg deg?» blei som eit slagord for han, når lyden sto på altfor høgt og han logga på spelet. Men det var også ein tryggleik i å vite at han var der. Å høyre den låge musikken i bakgrunnen, museklikka og tastetrykka. Eg følte meg trygg og avslappa.
Etter kvart blei oppførselen til broren meir og meir ustabil. Han kunne seie dei raraste ting og dukke opp med synlege skadar.
Det var vanskeleg å vite kva Mathias skulle forvente av broren, men Morten var framleis det store forbildet.
Då broren skulle flytte ut, fekk Mathias kome på overnatting.
Storebroren låg i sofaen, røyka marihuana og diskuterte sal av narkotika med ein kjenning, mens Mathias sat på golvet og spelte.
Mora deira kom innom for å levere tannbørsten til Mathias, og det gjekk omtrent som ein kunne forvente.
Livet til Morten var i ferd med å rakne.
Han flytta heim igjen, og då 16 år gamle Mathias tok seg stadig oftare i å lukke igjen døra og rømme inn i WoW for å kome unna kranglinga mellom Morten og foreldra.
– Eg var ramma av kor avhengigheitsskapande WoW kan vere. Men eg hadde også eit behov, noko eg håper ingen andre får oppleve, om å flykte heilt frå mi eiga verd – om så berre for nokre timar.
Han logga på WoW og låste verkelegheita ute.
Ein gong blei kranglinga så høglydt at Mathias gjekk frå tastaturet, og opna døra si inn til stova.
Der sto Morten, rasande, mora, i tårer, og Mathias skjønte kva som hadde skjedd.
Det hadde aldri slått han å stå opp mot broren før, men begeret rant over, fossa over, og han brølte til broren om å kome seg ut, stemma brast, han brølte igjen, igjen, og Morten sine rasande auge smelta om til ei slags tristheit, røysta hans svak og lågmælt:
– Eg drar, Mathias, sa han og gjekk.
Mathias og mora klemte og knakk saman i armane til kvarandre.
Ein sommardag etter Mathias hadde sett Simpsons: The Movie på kino med nokre kompisar, kom foreldra inn til Mathias.
Få dagar før hadde ein smilande Morten sprinta inn døra med ein fyldig bunke kontantar, og sagt at han skulle møte ein kompis i Oslo for å shoppe.
Mathias veit ikkje kvar pengane kom frå, men han veit kva dei gjekk til.
Foreldra hans kikka ned i golvet og gjekk bort til Mathias.
– Bror din er død, sa far.
Morten gjekk bort i 2007 etter ein heroinoverdose.
Glansbildet Mathias hadde av broren sin, var svartna. Men han var ikkje mindre glad i han, såg ikkje mindre opp til han.
Dødsfallet sende Mathias over kanten. Fantasiverda i WoW blei verkelegheita hans.
Spelinga som hadde vore moro og glede då han var liten, blei like nødvendig for han som luft. Der kunne han legge sorga på gangen og lukke døra hardt igjen.
Ein psykolog anbefalte foreldra til å la Mathias vere oppe til utover nettene, for han følte seg meir kreativ og energisk seinare på dagen.
Men det gjekk altfor langt.
– Eg spelte 18 timar i døgnet. Det er drygt å tenke på.
Det var halvannan time med buss inn til den vidaregåande skulen hans, og desse turane var gjerne den einaste søvnen Mathias fekk.
Utover skuledagen mista han fokus, og skulka ofte for å kome seg tilbake til datamaskinen igjen.
Alt handla om å spele.
Mathias ville ha minst mogleg med verkelege menneske å gjere.
Det var dataverda han levde i.
– Det blei sjeldan meir enn tre timar søvn. Eg blei fullstendig øydelagd som person, og hadde ingen sosiale antenner. Eg fungerte ikkje, seier han.
Mathias begynte å trøystespise. Samtidig gjekk karaktersnittet fullstendig i kjellaren.
– Eg hadde fått frie taumar til å vere vaken så lenge eg ville, men dei taumane burde sjølvsagt vore der. Eg blei fortapt.
Tida gjekk.
Han drog på skulen og sov på bussen, var med på det han kunne og drog heim for å spele.
Det første året etter dødsfallet forsvann i ei slags tåke. Han gjorde det han skulle, verken meir eller mindre, for å få spele mest mogleg.
Spelinga blei ei forsterking av dei sjølvdestruktive kreftene i livet hans.
Det var mykje fokus på spelavhengigheit i media i denne tida, og Mathias såg reportasjane på TV om unge som fortalde om sin avhengigheit i WoW, men tenkte at dette, dette er ikkje meg.
Slik er ikkje eg.
I World of Warcraft hadde Mathias konstruert eit slags persona, bygd på løgn.
Han levde ut ein draum om kven han syns han burde vere. Figuren hans blei vove inn i eit stadig tjukkare, stadig meir klissete nett av løgn, som det blei vanskelegare og vanskelegare å kome ut av.
– Om nokon kom tett på meg, var det ikkje meg dei møtte. Det var heller ein person eg hadde dikta opp.
Det tok to år før han innsåg kva han heldt på med.
Nettet rakna.
– Eg fekk ei nyttig livslekse gjennom WoW. Eg forstod kor viktig det er å vere ærleg, og det var ein utruleg frigjerande følelse. Det var som å kunne puste igjen. Det lærte meg at ting er ofte betre enn dei verkar, og at livet går seg til om ein tar det med ro.
Han snakkar også om dei positive sidene av spelinga, før han mista kontrollen.
Spela gav han eit heilt anna ordforråd, og lærte han korleis han kunne forhalde seg til andre menneske.
Treng du nokon å snakke med?
- Mental helse hjelpetelefon: 116 123
- Kirkens SOS hjelpetelefon: 22 40 00 40
- Røde Kors: 800 33 321
- Ungdomstelefonen: 400 00 777
- Hjelpelina for spelavhengige: 800 80 040
- Helsenorge.no
Holmestrand er ikkje verdas navle, seier han, og spela var hans måte å utvide horisonten utover den grå kvardagen.
– Eg lærte mykje om korleis verda heng saman gjennom WoW. Det å kunne gøyme seg vekk i ei fantasiverd, der ein kunne vere kven som helst og gjere kva som helst, var avgjerande for meg. Eg hadde ikkje vore meg i dag, om det ikkje var for det.
Etter eit år i militæret hoppa Mathias over på elektronikklinja, og møtte ein lærar som han opna seg for.
Men det var først då han kom ut i jobb at han forstod at han måtte avgrense spelinga.
– Eg skjønte at eg måtte ta grep.
Mathias ville ikkje lenger skyve vekk sorga si, men prøvde å prosessere det han hadde vore gjennom.
Han lærte seg kva som var viktigast i livet. Spelinga blei ikkje lenger eit verktøy for å fylle tomrommet inni han, men meir ein hobby.
Han gjekk på jobb, fekk seg vener, åt regelmessige måltid og fekk seg nok søvn.
Spelavhengigheit
Problematisk speling og spelavhengigheit er kjenneteikna av at spelinga går negativt utover andre aspekt av livet ditt. Ofte heng det saman med angst eller depresjon.
Mistenker du at du eller andre du kjenner er ramma? Les meir på Helsenorge.no.
Gjennom 20-åra har Mathias hatt fleire ulike jobbar, og hoppa på eit nytt studieløp innan IT-administrasjon. I haust gjekk han i gang med ein bachelor i datatryggleik i Wales.
Kanskje blir det ein mastergrad etter nokre år til.
Det er no 17 år sidan broren døydde.
Speling er ein sentral del av livet til Mathias. Det er blitt pauseknappen det eigentleg skal vere, både som eit pusterom frå jobb, ei kjelde til underhaldning og ein sosial arena.
– Men det er ein skjør balanse. Eg har tatt meg i at det kan skeie ut, og må avgrense spelinga. Eg drikk også ein del alkohol. Ein gong i halvåret kan eg drikke meg fullstendig sanselaus når minna presser på, og vaknar opp fin dagen etter. Sunt er det ikkje, men det har funka for meg.
Han er takksam for kva han har opplevd.
– Det er ikkje noko fin historie eg har, men men det er den eg har. Det har gjort meg til den eg er i dag.
Han håper at forteljinga kan bli ei hjelp for andre i liknande situasjonar.
– Trass alle odds trur eg at eg har blitt ein oppegåande og reflektert person til slutt. Og eg har det bra.
– Eg skulle berre så inderleg ønske at Morten var her.
Døyr du i eit spel, kan du laste inn ei tidlegare lagringsfil og starte om att.
Verkelegheita er ikkje så enkel.
Mathias brukar likevel spela frå barndomen til å hugse og heidre broren på sitt vis.
Skrur han på Secret of Mana og høyrer den karakteristiske musikken, drar det han tilbake på sofaen med kontrollaren i hendene og det trygge nærværet av broren ved sida.
Men snur han seg bort frå skjermen, sit det ingen der.
– I dag forstår eg at Morten var ein mann som falt mellom sprekkene i samfunnet. Han fekk ikkje hjelpa han trong.
Mathias har framleis tilgang til Morten sin figur i World of Warcraft, ein sjaman.
Lageret hans er fullt av fyrverkeri. Morten likte å sende dei opp og sjå alle dei fine fargane.
Av og til loggar Mathias seg på kontoen, tar seg eit glas og ser skjermen eksplodere i raudt, gult, grønt og blått.
Og slik lever minnet etter Morten vidare.
Eit fyrverkeri i natta.
Kort og strålande.
Denne artikkelen er laga med støtte frå Fritt Ord, og er del av ein artikkelserie som ser på bruk av spel som støtte i vanskelege periodar.
Les også artiklane våre om Rune som lever med kroniske smerter, Nikolai som sleit med sjølvmordstankar, Michelle og Espen som mista barnet sitt, Kamilla som heidrar far gjennom videoane sine,Kai som mista faren og Mia som kjempa seg ut av rusavhengigheit.
Foreldra til Mathias er kjend med innhaldet i artikkelen.