Eit av fjorårets mest spanande Kickstarter-prosjekt var The Stomping Land. Dette spelet tek lett inspirasjon frå suksessar som DayZ, men i staden for zombier møter du dinosaurar i alle tenkjelege storleikar. Kickstarter-kampanjen gjekk over all forventning, og i løpet av det siste året har utviklarane brukt tida på å få dei viktigaste mekanikkane på plass, samt sørgje for at dinosaurane vil gjere dinosaurelskarar glade.
I ei fersk oppdatering på Kickstarter-sida fortel utviklarane hos SuperCrit at spelet snart er klart for lansering på Steam Early Access. Som med andre Early Access-spel er spelet langt frå ferdig, men det er fyldig nok til at spelarane kan få springe rundt i verda og jakte på dinosaurar. Lanseringa for dei som har støtta spelet via Kickstarter vil bli 23. mai, medan alle andre vil få tilgang 30. mai.
Kampen for tilværet
I The Stomping Land tek du på deg rolla som ein jegar. For å overleve må du jakte mindre dinosaurar for å skaffe mat, medan du kan temje fleire dinosaurar for å til dømes bruke dei som ridedyr. Dei fleste dinosaurane kan drepast, men enkelte dinosaurar er så store og mektige at du ikkje har noko å stille opp med.
Dei store dinosaurane vil derimot angripe kvarandre, og ved å følgje spora deira kan du finne slike kampar, og sanke kjøt når den er over. For å finne fram må du ta naturen til hjelp. Du må finne spor på bakken, finne posisjonen din via stjernene, samt lytte etter lydar i det fjerne.
Samarbeid blir ein viktig del av spelet, og jegerane kan slå seg saman i stammar. Dei ulike stammane kan raskt ende opp i kamp mot kvarandre for å sikre seg ressursar. Det er altså ikkje berre dinosaurane som byr på utfordringar i The Stomping Land.
For å feire den nært føreståande Steam Early Access-lanseringa har utviklarane lagt ut ein fersk trailer som viser deg kva du har i vente. Den kan du sjå nedanfor.
The Stomping Land er ikkje det einaste dinosaurspelet under utvikling akkurat no. Ein historiebasert oppfølgjar til fleirspelarspelet Primal Carnage er på veg til PlayStation 4.