Det har ikkje gått heilt den rette vegen for BioWare den siste tida. Dragon Age II fekk hard kritikk for å vere for forenkla, slutten på Mass Effect 3 førte til store protestar, og The Old Republic har på ingen måte blitt den suksessen verken EA eller BioWare hadde håpa på. Det heile toppa seg med at fleire av utviklarane som hadde jobba med The Old Republic måtte sjå seg rundt etter ny jobb.
No er det to andre som leitar etter nye beite, og det er ingen ringare enn grunnleggjarane av det velkjende selskapet. Både Ray Muzyka og Greg Zeschuck har i dag fortalt at dei sluttar i selskapet. Begge to er fulle av lovord om BioWare, EA og si tid i dei to selskapa, men føler seg likevel ferdige med spelindustrien.
Dei har begge skrive brev til fanskarane sine, og viser til ulike grunnar for å kvifor dei no vel å forlate BioWare. Muzyka vil til dømes drive med meir veldedig arbeid:
– Etter nesten to tiår med spel har eg bestemt meg for å prøve heilt nye utfordringar. Dette har vore ei utruleg vanskeleg avgjersle å ta. Etter å ha tenkt på det i mange månader, bestemde eg meg for å trekke meg tilbake frå spel i April 2012. På det tidspunktet gav eg seks månaders oppseiingstid til EA, for å hjelpe til med ein god overgang for teama mine hos BioWare.
– Det er vanskeleg å forklare kvifor eg forlet industrien, men eg føler mykje av det same som etter å ha studert medisin, og jobba på akutten, og skjøna at spel var mitt neste kapittel. To fantastiske tiår med å jobbe hos BioWare og EA var eit resultat av den avgjersla. Det er ikkje ofte du kan seie du har gått etter, og fått draumejobben. Eg veit kor heldig eg er som kan seie det no i starten av 40-åra.
– Eg vil bruke tid på å bli meir involvert i veldedig arbeid i forhold til utdanning, helse og dyrevern. Område der eg og kona mi tidlegare har fokusert på donasjonar. Eg brukar i tillegg meir tid på å lære om arbeidet som blir gjort for å forsvare menneskerettar og fridom rundt omkring i verda.
Zeschuck viser på si side til heilt andre grunnar for å gje opp spelkarriera si:
– Etter nesten tjue år hos BioWare har eg bestemt at tida er inne for å prøve noko nytt. Dette er ikkje ei avgjersle eg gjer utan smerte og anger, men det er noko eg må gjere. For meg og familien min. Eg har nådd det uventa punktet i livet der eg ikkje lenger har lidenskapen eg ein gong hadde for selskapet, for spela, og for utfordringane med å skape.
– Vi har vore velsigna med stor suksess gjennom åra hos BioWare, og grunnen til det er så enkel som at mange folk har gjort ein bra jobb. Suksessrike folk og selskap må innrømme at flaks òg spelar ei rolle, og det var definitivt tilfelle for oss. Nokre gongar opp gjennom åra laga vi det riktige spelet på riktig tidspunkt, og suksess blei resultatet.
– Nokre av dykk er nok nysgjerrige på kva eg vil gjere no, og eg kan stadfeste at eg ikkje kjem til å jobbe med spel på ei stund. Sjansen er stor for at eg aldri kjem tilbake. Etter avgangen min vil eg bruke mykje tid med familie og vener, i tillegg til å bruke tid på nokre lidenskapelege prosjekt relatert til ølbrygging. Hovudprosjektet mitt blir det nettbaserte showet The Beer Diaries der eg vil intervjue merkbare bryggjarar og vise fram ølen deira. Om alt går bra vil eg jobbe med andre ølshow, appar og prosjekt. Om ikkje, vil eg ha drukke mykje god øl, og kjem kanskje tilbake til spel, eller finn på noko heilt anna. Tida vil vise.
Ein epoke er med andre ord over for BioWare, selskapet som i tillegg til nyare suksessar som Mass Effect- og Dragon Age-seriane har stått bak tidlause klassikarar som Baldur's Gate, Neverwinter Nights, og Star Wars: Knights of the Old Republic.
Vi kan ikkje gjere anna enn å ynskje Muzyka lukke til med det veldedige arbeidet, og håpe ølen til Zeschuk smakar godt.
Les også: Dragon Age III: Inquisition kunngjort Les også: EA og BioWare Mythic annonserer Ultima Forever