Førre haust blei det lansert ikkje berre eitt, men to spel i Assassin's Creed-serien til Ubisoft. Det eine var den problemrike storproduksjonen Assassin's Creed Unity, som kom til PC, Xbox One og PlayStation 4, og tok oss med til den franske revolusjonen. Det andre spelet, Assassin's Creed Rogue, blei produsert for å sørgje for at dei som framleis ikkje har tatt steget inn i den nye konsollgenerasjonen hadde noko å hyggje seg med i haustmørkret.
Klart for PC
No har Ubisoft kunngjort at Assassin's Creed Rogue har fått PC-dato den 10. mars. I dette eventyret vil du i motsetning til dei andre Assassin's Creed-spela ikkje spele leigemordar, men vil i staden setje deg inn i rolla som ein avhoppar som no jaktar leigemordarar.
Det kanskje mest oppsiktsvekkjande med PC-versjonen av Assassin's Creed Rogue er den nye teknologien Ubisoft vil la deg leike med. Utviklarane har i samarbeid med Tobii Tech integrert augesporing i spelet. Det vil seie at om du er ein av dei som har SteelSeries Sentry, vil du kunne justere på kameravinkelen berre ved å flytte på auga.
Sjølv om Assassin's Creed-serien framleis haustar stor popularitet, og sel mange kopiar kvart år, har det ikkje berre vore fryd og gammen dei siste månadane. Lanseringa av Assassin's Creed-unity var plaga av ei lang liste tekniske feil.
Reparasjonsarbeidet blei etter kvart så omfattane at Ubisoft bestemde seg for å kansellere sesongpasset til spelet, og gav i staden spelarar gratis spel og DLC som plaster på såret.