Ein kan lett tru WipEout-serien moglegvis snart bør pensjonerast. Sånn innleiingsvis er WipEout 2048 kanskje hakket for enkelt. Har du ikkje spelt serien på ei stund vil du sikkert kunne slite litt på ei og anna bane, og her og der vil dragsuget møte sin ende i kald og rimeleg hard betong, men du kjem deg raskt over kneika. Det skal ikkje mykje meir til enn ein kjapp omstart før du har oppnådd den pallplassen du så gjerne ville ha.
Grunnen til at dette vekkje litt negative kjensler i ein halvgammal skrott er ganske enkel. WipEout har – i alle fall etter mitt syn – aldri vore ein enkel serie. Den krev noko av deg. Kjenner du ikkje til dei to orda disiplin og tolmod vil du ikkje kome langt. Dette har alltid vore ein sport for dei som er villige til å gi før dei får tilbake.
Mjuk start
Ikkje no lenger! Som med WipEout-spel flest stig du etter kvart i graden, og gjennom tre sesongar får du lov til å ta del i den stadig stigande intensisteten. Det går frå heftige race i høgt tempo der det stort sett held å lette litt på gasspedalen for å kome seg gjennom ein sving, heilt til du i dei seinare sesongane møter brutale utfordringar i eit avsindig tempo der du helst bør halde gassen i bånn heile tida med du brukar luftbremser og tønnerulling (herleg ord ikkje sant?) for å kome fort fram og igjennom.
Omlag like raskt som ein undrar seg på om spelet har blitt tona ned for å appellere til eit kjipt publikum utan sans for utfordring, innser ein at kurva berre har blitt litt slakkare. Spelet byr på ei fornuftig utfordring som stig i takt med dine eigne ferdigheiter, og du skal ikkje sitje der i mange timane før du knugar Vitaen lik ein viking sikkert knuga handa til sin kjære før han la ut på eit tokt han var rimeleg sikker på han ikkje ville kome levande heim frå.
Når det heile no byggjer seg opp i eit litt meir humant tempo gjev det deg betre tid til å kjenne banene ut og inn før tempoet går heilt av skaftet. Når du møter svingen som spår sikker død må du gjerne berre finjustere på teknikken i staden for å starte heilt frå null, og dette gjev meistringskjensla eit merkbart løft.
For WipEout handlar om meistring. Det handlar om å spele ei bane til du kan den inn, ut, bak og fram slik at du veit nøyaktig kvar du må svinge for å plukke opp ekstra fart, våpen og diverse bonusar. Det er eit must å kjenne kvar bane så grundig at du kan handtere ein kvar situasjon som dukkar opp. Om eit skip skulle suse inn frå venstre veit du nøyaktig kva du må gjere for å ikkje miste farten. Utfordringa ligg i at det du veit, og det du får til er to vidt forskjellige ting, og når du omsider får til det du heile tida har prøvd på, sit gledesbrølet veldig laust.
Når alt klaffar er det litt som å gå inn i ei transe der lys, farge og intens og suggerande elektronisk musikk dundrar gjennom øyra. Du har ikkje råd til å vere distrahert om du skal kome deg nokon stad i dei seinare sesongane.
Skiten start
I motsetning til det herleg futuristiske WipEout HD på PlayStation 3 er WipEout 2048 ei ganske brun affære. Borte er dei ekstremt stilreine neonfargane, og tilbake sit vi med noko som best kan skildrast som nær framtid. Skyskraparar og meir eller mindre ordinær arkitektur stikk opp rundt deg, og dei einaste som verkeleg avslører at dette er eit WipEout-spel er dei lysande skilta som dukkar opp for å vise veg, samt dei flygande skipa sjølvsagt.
Dette går derimot ikkje utover nivådesignet på nokon måte. Det blir hakket meir jordnært, medan banene ofte byr på vide område der du har godt slingringsmonn i konkurranse med motstandarane dine. Spelet vinn først og fremst på korleis det heile tida snur ting på hovudet. I løpet av ei bane vil du køyre gjennom område som opnar seg, lukkar seg, tek brå og uventa svingar, og generelt sett er svært utspekulerte.
Slikt smittar naturlegvis over på spelaren, og når ein tek del i eit race kan ein etter kvart finne svært sleske måtar å bruke våpen på. Det kan vere noko så enkelt som å slenge ut miner i ein veldig brå sving, men når ein etter kvart kjenner banene godt kan både rakettar og plasmavåpen få enda større effekt.
Som vanleg byr spelet på fleire forskjellige typar løp. Det startar naturlegvis med vanlege race der det berre handlar om å kome så høgt på pallen som mogleg medan du gjer ditt beste for å øydeleggje for motstandarane undervegs. Combat handlar om å mose så mange motstandarar som mogleg, medan Zone Events og Time Trials berre handlar om å køyre ufyseleg raskt. Samtidig er det veldig viktig å vere obs på at du heile tida låser opp nye skip. Forskjellige skip er gode på forskjellige område, og om du tek i bruk feil skip går det stort sett veldig dårleg.
Dette med fart er sannsynlegvis eit element som kan få enkelte til å fnyse, for WipEout 2048 er ikkje fullt så stabilt som tidlegare spel i serien. Bileteoppdateringa kan slite litt her og der, og dette får ein del å seie for flyten i eit spel som handlar om enorm fart. Her i tillegg eitt anna uromoment opp. I skrivande stund er lastetidene banalt lange, og det etter å ha laste ned ei oppdatering som påstår den skal gjere noko med dette. Lastetidene er kanskje litt kortare, men klokka når likevel glatt 30 sekund før du er i gong. Det held ikkje i eit spel som sender deg av garde i eit så høgt tempo at eit løp berre varer i nokre få minutt.
Sony har lova ei oppdatering som skal fikse dette, så vi får berre håpe det ikkje var den oppdateringa eg allereie har motteke.
Solid fleirspelar
Fleirspelarmodusen i WipEout 2048 skil seg litt frå einspelarmodusen ved at den handlar om å nå mål i staden for å toppe pallen på diverse baner. Før kvart løp får du sjå hovudmål og sekundære mål, og ved å nå desse stig du i gradene. Å faktisk vinne løpet blir for det meste ei separat greie. Konkurransen kan bli rimeleg intens, og det er gjerne ikkje før ein tar steget på nett at ein innser at ein slettes ikkje er ein spesielt dyktig pilot.
Å finne eit spel er ei enkel og grei affære, og spelet vil automatisk kaste deg inn i ei pulje med venene dine om nokon skulle vere pålogga. Dette kan vere lettare enn ein skulle tru, for i WipEout 2048 kan du spele mot folk på PlayStation 3 så lenge dei har WipEout HD med Fury-oppdateringa.
Spelet let deg sjølvsagt ta i bruk Vita sine spesielle eigenskapar. Du kan styre skipet ved å vippe maskina, og trykkje på skjermen for å absorbere eller fyre av våpen. Det er ikkje alt som er like meiningsfullt, og eg føretrekk definitivt presisjonen eg får frå ei stikke ovan den eg får frå eit gyroskop, men å kunne trykkje på skjermen er både kjappare og meir komfortabelt enn å bruke knappane. Alt dette er uansett valfritt, så du blir ikkje tvinga til å følgje med i tida.
Utover dette er det frykteleg lite nytt å spore. Dei nye banene er solide, men det er ikkje gjort nokre nemneverdige nyvinningar i sjølve spelet. Det er akkurat det same som før, og hadde det ikkje vore for at spelet er på Vita kunne det like så godt ha vore ei enkel ekspansjonspakke med nye baner. For ein WipEout-fantast er det ikkje sikkert dette er noko negativt, men har du eit WipEout-spel til PSP eller PlayStation 3 kan eg ikkje sjå dei heilt store grunnane til å ta steget vidare med WipEout 2048.
Konklusjon
Du får akkurat det du vil ha i WipEout 2048. Verken meir eller mindre. Kjenner du serien godt, eller om du berre har vore i kontakt med den i si lange fartstid vil du umiddelbart kjenne deg igjen. Dette er både positivt og negativt. Det er positivt sidan det er uhyre lett å forstå, sjølv om det utover i spelet blir beinhardt å meistre. Fullt så positivt er det ikkje at utviklinga ser ut til å ha stogga fullstendig opp. Der vi ser konstante justeringar og mindre endringar for å gjere andre seriar med lang fartstid enda betre, har det nesten ikkje skjedd noko her.
Spelet byr likevel på solid racing i vanvittige tempo og ingen mangel på originalitet kan legge skjul på det. Å sakte, men sikkert klatre seg oppover i både rangstige og rein kompetanse er eit saftig adrenalinkick, og slikt går aldri av moten.