Anmeldelse

Ghostbusters: The Video Game

Gjenferd til alle

Spøkjelsesjakta er endeleg tilgjengeleg i alle format.

Gjennom eit lite sjakktrekk sikra Sony seg eksklusive rettar til Ghostbussters-spelet tidlegare i år. Dette sørgja for at spelet berre var tilgjengeleg på PlayStation 3 og PlayStation 2 då det blei lansert i juni. Det pussige med dette var ikkje at dei hadde ein eksklusivitet, men at den berre gjaldt for Europa. I USA var Ghostbusters tilgjengeleg på alle plattformer samtidig. No har omsider tida komen for at alle kan ta del i moroa i Europa.

Nå er Xbox 360-versjonen i salg i Europa.

Sidan vi allereie har sagt kva vi meiner om den herlege PlayStation 3-versjonen, skal vi ikkje gå inn i detalj på korleis spelet er. I staden sjår vi på forskjellar mellom PC- Xbox 360- og Wii-versjonane. Forskjellane er med unntak av Wii-versjonen berre kosmetiske, så om du lurer på om spelet i seg sjølv er god nok underhaldning for å ta opp kampen mot andre hausttitlar, vil eg oppmode deg om å lese vår tidlegare vurdering.

Grafisk løft

For både PC- og Xbox 360-versjonane av spelet er det berre ein forskjell å spore. Ghostbusters ser mykje betre ut på begge plattformene. Det køyrer betre, og har skarpare teksturar. Hoppet mellom PlayStation 3 og Xbox 360 er ganske slåande, og om du skulle ha begge plattformer, er Xbox 360 definitivt det beste valet om det står om grafikk.

Den penaste versjonen er likevel utan tvil PC-versjonen, sidan denne har både betre lys og skugge, samt teksturar. Diverre har den av ein eller annan grunn inga støtte for kantutjamning, noko som dreg det heile ned eit lite hakk. Ein del av detaljane, og spesielt i andleta på dei forskjellige personane, har ein lei tendens til å drukne i skarpe kantar, og dette er veldig uheldig.

Nok et spøkelse skal fanges.

Mangelen på kantutjamning gjeld alle plattformer, men sidan konsollversjonane ikkje kan køyrast i like høg oppløysing som PC-versjonen, blir det ikkje like tydeleg der.

Som nemnt om PlayStation 3-versjonen har Ghostbusters nokre svært overbevisande animasjonar. Det einaste som drog ned var at stemmene ikkje var heilt synkronisert med dialogen frå dei kjende skodespelarane. Ein skulle tru at Terminal Reality ville ha brukt litt av den tida som går gått på å fikse dette, men det har dei diverre ikkje gjort. Det er ikkje eit stort irritasjonsmoment, men det dreg ned det totale inntrykket litt.

For dei yngre

Wii-versjonen av Ghostbusters skil seg frå dei andre versjonane på fleire punkt. Umiddelbart merkar ein dette gjennom grafikken som i staden for å køyre ein tilnærma realistisk stil, heller hentar stilen sin frå dei animerte Ghostbusters-filmane. Dette er noko som passar Wii sine lågare tekniske spesifikasjonar ganske bra, og det sørgjer for at denne versjonen òg kan presentere eit grafisk appellerande spel, der gode animasjonar og solid dramaturgi får skine.

I motsetning til dei andre versjonane kan du på Wii velje om du vil vere mann eller kvinne, sjølv om dette ikkje har noko innverknad på sjølve spelet. Akkurat denne detaljen kunne dei godt ha sløyfa, sidan Ghostbusters-gjengen refererer til deg som «han» uavhengig av kjønn, og det heile såleis ikkje er heilt gjennomført.

Wii-utgaven har en annen grafisk stil.

Med eigen grafikk kjem samtidig ei rekke andre forskjellar for Wii-versjonen. Historia og dialogen er den same som for alle versjonar, men det er snudd litt på kva rekkjefølgje ting skjer i. Nokre delar er sløyfa fullstendig, medan andre er endra på slik at dei som regel tek mindre tid å gjennomføre. Resultatet blir eit kortare spel, men diverre òg eit spel som ikkje byr på like godt nivådesign. Der du i dei andre versjonane utforskar ein del før du endar opp i kamp mot hærskarar av fiendar, er det her fort berre snakk om å gå frå A til B, før du fangar nokre spøkjelse.

Ustabil kontroll

Wii-versjonen kan skilte med eit heilt eige kontrollsystem, som ikkje er heilt optimalt. Det heile er framleis eit tredjepersons-eventyr, men kontrollen kan bli ganske upresis. Du får aldri kjensla av å ha bakkekontakt med karakteren din, og det ser ut som om du spring i lufta.

Kampane mot spøkjelsa er heller ikkje heilt vellukka. Du peiker Wiimoten mot skjermen for å flytte siktet ditt rundt, men å halde det over ein fiende lenge nok er ikkje alltid like enkelt. Det rykker og nappar i markøren på skjermen, og det kan sjå ut til at utviklarane ser problematikken med dette sidan det er færre fiendar til ei kvar tid enn i dei andre versjonane.

Det som fungerer best på Wii-versjonen er korleis du fangar spøkjelsa med Proton-strålen din. Når du skal slite ut fiendane, rykkjer du berre kontrollaren i ei retning, noko som sørgjer for at fienden følgjer etter.

Samarbeid på Wii.

Ei anna drastisk endring for Wii-versjonen er korleis du leiter etter paranormal aktivitet med PK-metret ditt. I dei andre versjonane gjer du dette gjennom ein førstepersonmodus som gir deg god oversikt over kva du ser på, medan dette skjer i tredjeperson på Wii. Resultatet av dette er at du ikkje alltid ser kva veg du skal gå godt nok. Når du skal skanne noko, er det i tillegg ikkje nok å berre trykkje inn riktig knapp til riktig tid, du må i staden halde inne A-knappen til eit meter fyller seg opp. Dette er ikkje ei smart løysing, sidan raske spøkjelse og litt upresis kontroll kan gjere dette til ei lita utfordring.

Det største plusset for Wii-versjonen er at det er den einaste versjonen som let to spelarar samarbeide om å spele gjennom historia på same skjerm. Sjølv om spelet teknisk sett kunne ha vore mykje betre, aukar denne biten underhaldningsfaktoren nokre hakk. I dei andre versjonane skjer all fleirspelar-aktivitet over nett.

Konklusjon

Det har teke si tid for folk utan PlayStation 3 eller 2 å få spele Ghostbusters. Dei gode nyheitene er at både PC- og Xbox 360-versjonane av spelet byr på nøyaktig det same spelet. Eit fabelaktig eventyr fylt med humor, sjarm og intense kampar mot spøkjelse i alle former og fasongar. Spelet ser i tillegg nokre hakk betre ut i begge desse utgåvene, sjølv om mangelen på kantutjamning er litt skuffande, spesielt i PC-versjonen som burde gi deg valet.

Wii-versjonen på si side er både karismatisk og innbydande med sine artige grafikk, men sjølv om spelet i essensen er det same, gjer endringar i nivådesign, samt upresise kontrollar dette til den definitivt dårlegaste versjonen.

Ledige stillinger
Tekniker på Livredningsutstyr
Søknadsfrist:
Løpende
DevOps Engineer
Søknadsfrist:
Løpende
Bilselger
Søknadsfrist:
Løpende
Nybilselger
Søknadsfrist:
Løpende
Salgskonsulent
Søknadsfrist:
Løpende
Lead Mainframe Specialist – zHardware Systems (HMC/HCD)
Søknadsfrist:
Løpende
Funksjonsassistent
Søknadsfrist:
Løpende
Automasjon commission Engineers / Teknikere
Søknadsfrist:
Løpende
Servicerådgiver
Søknadsfrist:
Løpende
BPA assistent
Søknadsfrist:
Løpende
Systems Consultant – Virtualization
Søknadsfrist:
Løpende
Data Platform Developer
Søknadsfrist:
Løpende
Forsikringsrådgiver
Søknadsfrist:
Løpende
Erfarne utviklere
Søknadsfrist:
Løpende
Reisende salgskonsulent
Søknadsfrist:
Løpende
Selger i Face2face Creatives
Søknadsfrist:
Løpende
Forsikringsrådgiver
Søknadsfrist:
Løpende
Selger (30-70%)
Søknadsfrist:
Løpende
BPA assistent
Søknadsfrist:
Løpende
Selger (22%)
Søknadsfrist:
Løpende
Erfarne Data Engineers
Søknadsfrist:
Løpende
Produksjonsmedarbeider / Tekniker
Søknadsfrist:
Løpende
Restaurantmedarbeidere
Søknadsfrist:
Løpende
Produktingeniør
Søknadsfrist:
Løpende
Bilmekaniker
Søknadsfrist:
Løpende
Prosjektleder
Søknadsfrist:
Løpende
Head of Workshop
Søknadsfrist:
Løpende
Bruktbilselger
Søknadsfrist:
Løpende
Tekniker på Livredningsutstyr
Søknadsfrist:
Løpende
DevOps Engineer
Søknadsfrist:
Løpende
Bilselger
Søknadsfrist:
Løpende
Nybilselger
Søknadsfrist:
Løpende
Salgskonsulent
Søknadsfrist:
Løpende
Lead Mainframe Specialist – zHardware Systems (HMC/HCD)
Søknadsfrist:
Løpende
Funksjonsassistent
Søknadsfrist:
Løpende
Automasjon commission Engineers / Teknikere
Søknadsfrist:
Løpende

Kommentarer (6)

Logg inn for å delta i diskusjonen.
Tråd
melbye
15 år siden

Har ikke hatt noe problemer med Wii-kontrollen i det hele tatt, og det at man kan sikte har jeg opplevd som en stor forbedring fra PS3-versjonen. Foretrekker Wii-versjonen pga det

Fenixen_InnleggNO
15 år siden

har de fikset problemet med pc kontrollen? Det var jo helt umulig å spille med mus, både med og uten autoaim.

 

har du testet spillet på pc?

Sirius Cobra
15 år siden

Var det slik at PC versjonen ikke har co-op mode?

ATWindsor
15 år siden

Jeg skjønner ikke helt hvorfor mangel på FSAA er et større problem på høyere oppløsning, enn lavere? Min oppfatning er kanskje heller det motsatte.

 

AtW

Nielsen75
15 år siden

Ok, nå skal det sies at man ikke skal skue hunden på hårene, og helst holde tåta om ting man ikke har prøvd selv, men Wii versjonen så da direkte stygg ut?!? :huh:

Siste fra forsiden