Anmeldelse

Crash Team Racing: Nitro-fueled

Dette blir vanvittig bra, ein gong

Kartracingspelet som har alt, bortsett frå ein vesentleg ting.

Eg skal ikkje påstå eg ligg i verdsklassen når det kjem til kart-racing, slik perfeksjonering av ferdigheiter har eg ikkje tid til, men eg er god nok. God nok til å stort sett hevde meg ganske bra i møte med andre spelarar som er, vel, gode nok.

Du kan seie det slik at Crash Team Racing: Nitro-Fueled tvang meg til å møte meg sjølv i døra. Kart-sjangeren som for det aller meste med god grunn har vore dominert av Mario Kart-serien, er jamt over meir tilgjengeleg enn andre sjangrar. Køyr med denne knappen, sving med spaken, skrens med denne knappen, og bruk gjenstandar med denne. Ferdig snakka. Det er slik det stort sett er med alle liknande spel, og kanskje difor blir det òg litt vanskeleg å lage noko som stikk seg ut. Det blir vel likt, og ingenting klarar liksom heilt å måle seg med den perfeksjonerte tilgjengelegheita i Mario Kart.

Godt mogleg var ikkje dette noko Naughty Dog gav mykje tanke då dei lanserte Crash Team Racing i 1999. Det var ei anna tid. Det å bli tilgjengeleg var ikkje noko som hadde blitt veldig viktig enno, og fokuset på å lage spanande system låg litt høgre oppe på prioriteringslista.

Crash Team Racing enda åke som opp med å bli eit spel som både likna fælt på andre Kart-racingspel, men og stakk seg solid ut med mekanikkar tilpassa den hakket meir avanserte spelaren.

LES ANMELDELSE:Team Sonic Racing er eit solid kartspel »

Ein ny morgon

Skru opp vanskegrada litt, og motstandarane ligg i rumpa di gjennom heile løpet.
Øystein Furevik/Gamer.no
Vis mer

Når vi no sit her 20 år seinare med ein oppussa versjon av Crash Team Racing, samt spela som kom i tida etter, er det med ei kjensle av at noko har gått tapt i tida som har gått. Alt skal vere så enkelt no for tida. Ingen skal lure på noko. Sidan vi aldri lenger får sjå snurten av ein manual av meining, kan ikkje utviklarane lage vanskeleg system du må ty til ei lefse for å forstå.

Misforstå meg riktig, eg ville ikkje ha forandra Mario Kart-formelen for alt i verda. Eg kan spele det med nevøane mine utan å måtte forklare dei for mykje, og det set eg pris på. Men det er litt kjekt å kunne spele ting som Crash Team Racing òg. Spel eg tvilar sterkt på at nevøane mine som har vakse opp i utolmodigheitas tidsalder villa ha orka å bruke mykje tid på.

Crash Team Racing er eit spel som verkeleg oppfyller alle kriteria til utsagnet «lett å lære, vanskeleg å meistre». Det er lett å kome i gong. Køyr med denne knappen, skrens med denne, skyt med denne, osb. Det fungerer fint som juling ei lita stund, men så brått møter du veggen. Frå enkle og oversiktlege baner som krev lite av føraren går vi raskt over til skarpe svingar, dødelege hinder, og motstandarar som på magisk vis alltid ligg i ryggen på deg med ei bombe på lager.

Dette er ikkje eit spel der du kan bere køyre og skrense gjennom alle svingar. Du kan både skrense og dra i handbrekken, avhengig av kor knapp svingen er, og riktig val her kan avgjere eit løp. Skrensinga skil seg samstundes sterkt frå den vi finn i andre spel. Ikkje berre legg bilane seg meir på tvers av køyrebana slik at konroll blir ei større utfordring, men du må samtidig pumpe opp turboen du får av ein skrens ved å trykkje inn ein annan knapp. Dette er ikje berre berre heller, om muskelminnet ditt ikkje har memorisert intervallane enno, må du følgje med på dårlege kommuniserte visuelle hint på skjermen for når turboen skal pumpast. Det er ikkje så lett alltid.

Det er lett å bli frustrert når ein er vand med at alt er lett å få taket på, men sakte sig det inn ei ny kjensle som dyttar ut frustrasjonen som pregar livet i byrjinga. Meistring. Kjensla av å bli god i noko som er litt vanskeleg å bli skikkeleg god i. Den er god den.

Balansekunst

Boosting blir ei kunstform i Crash Team Racing.
Øystein Furevik/Gamer.no

Vanskelegare blir det likevel igjen av at spelet er temmeleg dårleg balansert. Det naturlege startpunkter for ein kvar som skal spele Crash Team Racing er Adventure Mode, ein liten arena der du køyrer rundt på eit lite kart for å fnne portalar som tek deg til ulike løp. Skal eg vere heilt erleg er heile Adventure Mode bortkasta tid, så det er synd du må spele den for å låse opp ein del figurar og kjerrer. Tanken bak å låse opp baner i fornuftig tempo set eg pris på, men det er ikkje det som er poenget her. Alle banene er tilgjengeleg frå start uansett, så kva du gjer i Adventure Mode spelar lita rolle. Det handlar berre om å køyre nokre race, få informasjon du allereie har funne ut av på eiga hand frå ei irriterande snakkande maske, og irritere deg over den patetiske vanskegrada.

Igjen slit vi med eit racingspel som anten er for lett eller for enkel. Medium vanskegrad er tidvis provoserande vanskeleg, og ikkje på måten som fortel deg at du er dårleg, men i staden på måten som fortel deg at heile greia er rigga til fingerspissane. Kjem du deg fram i tet kan eg garantere deg at nokon vil liggje i rumpa på deg heile vegen fordi alle motstandarane køyrer perfekt, og det virkar nesten forutbestemt kven som skal vinne. I nokre ekstra vanskelege løp fann eg etter kvart ut at dei same fire motstandarane blei liggjande framfor meg i den same rekkefølgja kvar gong, gong etter gong. Noko pussig om eg skal få seie det sjølv.

Det er frykteleg synd at spelet er rigga på denne måten, for det øydelegg mykje av moroa. Å spele på lett blir så lett at utfordringa forsvinn, og då er mykje av moroa borte uansett. Det kan bli vanskeleg å sjå kor mykje bra dette spelet har å by på. Vi får over 30 baner, og kvaliteten på dei er svimlande høg. Vi finn nokre av dei beste banene i bransjen i dette spelet, og det er ganske imponerande med tanke på at mykje av det vi får er temmeleg naturtro gjenskapingar av 20 år gammalt design.

Forskjellen er naturlegvis at vi får det heile presentert i ei moderne innpakning som osar av sjarme og kjærleik til kjeldematerialet. Crash Team Racing: Nitro-Fueled er tidvis svimlande vakkert, og det er ofte som å køyre gjennom ein Pixar-film. Det er utan tvil den lekraste Kart-raceren på marknaden, men det er ikkje berre grafiske musklar som får spelet til å skine. Det er det fargerike og kreative designet som dannar ein arena der eit solid knippe artige og ulike figurar kan køyre rundt i skranglete kjerrer. Alt du møter i spelet er svært godt kommunisert, frå kva ein gjenstand du plukkar opp er, til kva mogegheiter ei bane byr på.

Det einaste som trekk ned den visuelle presentasjonen er ein standard kameravinkel som er så nær kjærra du køyrer at føraren din av og til kjem så mykje i vegen for køyrebana at du ikkje ser vegen. Du kan skifte kameravinkel, men må gjere det på ny kvar gong, noko som er litt surt.

Banene er varierte og fulle av detaljar.
Øystein Furevik/Gamer

Nettet, den heilage gral

Det spelar som regel lita rolle kva eit spel som dette let deg gjere aleine. Det er på nettet, eller i lag med vener det skjer. Det er dette som er sjølve livsgrunnlaget, for ein blir lei av å spele mot maskina, i alle fall når den heilt klart er ganske urettferdig og praktisk talt juksar.

Synd er det då at Crash Team Racing: Nitro-Fueld grensar til å vere ei heilt øydelagd nettoppleving. Du får spelt saman med folk, det får du, og er du heldig får du deg nokre gode økter, men etter å ha hatt dette spelet i godt over ei veke, der fleire av dagane har vore etter både lansering og ei oppdatering til spelet, er det eit bedrøveleg bilete som etter kvart viser seg.

Ikkje ein einaste gong har alle dei åtte ledige plassane fylt seg opp. Nesten kvar gong eg skal finne nokon å spele med tek det fleire minutt. Som regel finn eg berre tre eller fire personar å spele med, og om eg hoppar ut for å søke på ny, er det gjerne dei same folka eg nettopp blei kopla til som dukkar opp. Det er ikkje mangel på folk som er problemet, eit kjapt søk på nettet vil vise deg at svært mange slit med å finne nokon å spele med. Det er rikeleg med folk som spelar dette spelet, men nettkoden er så dårleg at det er frykteleg vanskeleg å finne dei.

Det blir meiningslaust. Du brukar fleire minutt på å finne ei handfull folk å spele med, og ofte blir tilkoplinga broten på ein eller annan kant før du får spelt. Sleng på svært lange laste- og ventetider, og du har ei oppleving som ikkje er særleg optimal. Det er kjipt. Ekstremt kjipt, og legg ein solid dempar på eit spel som har knakande gode mekanikkar, så lenge du får brukt dei mot og saman med andre verkelege spelarar som veit å bruke dei sjølve. Å spele mot maskina er til samanlikning ei hul oplleving.

LES ANMELDELSE: Det beste Mario Kart-spillet på 14 år har blitt enda bedre »

Konklusjon

Venting må du berre bli vand med.
Øystein Furevik/Gamer.no

Crash Team Racing: Nitro-Fueled er to polar som møtast og skapar enorme gnissingar. På den eine sida finn vi fantastiske baner, og utfordrande men glimrande mekanikkar som tvingar deg til å bli god for å kome nokon veg. På den andre sida finn vi dårleg balanert AI som øydelegg ved å enten vere urettferdig vanskeleg, eller pinleg enkel. Dette skal ikkje bety noko så lenge du kan finne moroa di i kampen mot andre folk over nettet, men når nettkoden er så treg og ustabil som den er her, blir ikkje det ei redning.

I staden endar vi opp med eit spel i alle fall eg kjem til å leggje frå meg ganske snart. Eg gidd ikkje sitje i ventekø på nettet. Eg har betre ting å ta meg til. Det er synd, men slik er det. Med litt tid kan dette spelet bli kanonbra. Det er allereie suverent om du er heldig og alt klaffar. Alt ligg til rette for det, men akkurat no er det ikkje moro. Dei fleste av desse tinga burde ha vore fiksa i god tid før lansering, men det heile luktar av eit stramt tidsskjema og ei «vi fiksar det med ei oppdatering»-haldning som eg ikkje finn meg i.

Crash Team Racing: Nitro-Fueld er godt mogleg ein innertiar om ein månad eller to, men i så fall burde Activision og Beenox ha utsett lanseringa.

7
/10
Crash Team Racing Nitro-Fueled
Crash Team Racing: Nitro-Fueld er godt mogleg ein innertiar om ein månad eller to.
Ledige stillinger
Data Platform Developer
Søknadsfrist:
Løpende
Tekniker på Livredningsutstyr
Søknadsfrist:
Løpende
BPA assistent
Søknadsfrist:
Løpende
BPA assistent
Søknadsfrist:
Løpende
Selger i Face2face Creatives
Søknadsfrist:
Løpende
Produksjonsmedarbeider / Tekniker
Søknadsfrist:
Løpende
Reisende salgskonsulent
Søknadsfrist:
Løpende
Automasjon commission Engineers / Teknikere
Søknadsfrist:
Løpende
Head of Workshop
Søknadsfrist:
Løpende
Bilselger
Søknadsfrist:
Løpende
Selger (30-70%)
Søknadsfrist:
Løpende
Salgskonsulent
Søknadsfrist:
Løpende
Erfarne Data Engineers
Søknadsfrist:
Løpende
Systems Consultant – Virtualization
Søknadsfrist:
Løpende
Forsikringsrådgiver
Søknadsfrist:
Løpende
Nybilselger
Søknadsfrist:
Løpende
Bruktbilselger
Søknadsfrist:
Løpende
Servicerådgiver
Søknadsfrist:
Løpende
Funksjonsassistent
Søknadsfrist:
Løpende
Erfarne utviklere
Søknadsfrist:
Løpende
Selger (22%)
Søknadsfrist:
Løpende
Prosjektleder
Søknadsfrist:
Løpende
Lead Mainframe Specialist – zHardware Systems (HMC/HCD)
Søknadsfrist:
Løpende
Bilmekaniker
Søknadsfrist:
Løpende
Restaurantmedarbeidere
Søknadsfrist:
Løpende
Produktingeniør
Søknadsfrist:
Løpende
Forsikringsrådgiver
Søknadsfrist:
Løpende
DevOps Engineer
Søknadsfrist:
Løpende
Data Platform Developer
Søknadsfrist:
Løpende
Tekniker på Livredningsutstyr
Søknadsfrist:
Løpende
BPA assistent
Søknadsfrist:
Løpende
BPA assistent
Søknadsfrist:
Løpende
Selger i Face2face Creatives
Søknadsfrist:
Løpende
Produksjonsmedarbeider / Tekniker
Søknadsfrist:
Løpende
Reisende salgskonsulent
Søknadsfrist:
Løpende
Automasjon commission Engineers / Teknikere
Søknadsfrist:
Løpende

Kommentarer (13)

Logg inn for å delta i diskusjonen.
Tråd
Schreiber
6 år siden
Nå er jeg ikke en som bryr seg om reviewscore, men seriøst? Du kødder nå? Veldig rask oppsummering:

 

Crash Team Racing

 

Adventure mode er helt meningsløst, veldig mange av folkene må låses opp, vanskelighetsgraden er rævkjørt, og det er så godt som umulig å spille på nettet. Konklusjon:

 

"I staden endar vi opp med eit spel i alle fall eg kjem til å leggje frå meg ganske snart. Eg gidd ikkje sitje i ventekø på nettet. Eg har betre ting å ta meg til. "

 

Karakter: 7/10

 

Team Sonic Racing:

 

Litt tvilsom historiemodus, og kanskje litt for få folk å spille med. Men til gjengjeld påvirker modifisering av go-karten faktiske stats, og team-mekanikken gjør spillet mye mer interessant. Konklusjon?

 

"Team Sonic Racing er eit solid kartspel, men det framstår som litt identitetslaust. Det har mykje positivt å by på, blant anna ei rekke artige banar, og ein ny lagmekanikk eg har lett for å sjå andre vil la seg inspirere av."

 

Karakter: 6/10

 

Hvordan kan du sitte her og si Sonic er et mye bedre kartspill på alle måter, og likevel gi det lavere karakter enn Crash Team Racing, som du sier rett ut at du vil legge fra deg rimelig kjapt? Skjønner ikke helt tankegangen her. Det er for øvrig samme anmelder på begge to. Jeg gir blaffen i selve score, men skjønner bare ikke hvorfor et spill som får en gjennomført negativ anmeldelse likevel er bedre enn et spill du likte?

Øystein.F.
6 år siden

Nå er jeg ikke en som bryr seg om reviewscore, men seriøst? Du kødder nå? Veldig rask oppsummering:

 

Crash Team Racing

 

Adventure mode er helt meningsløst, veldig mange av folkene må låses opp, vanskelighetsgraden er rævkjørt, og det er så godt som umulig å spille på nettet. Konklusjon:

 

"I staden endar vi opp med eit spel i alle fall eg kjem til å leggje frå meg ganske snart. Eg gidd ikkje sitje i ventekø på nettet. Eg har betre ting å ta meg til. "

 

Karakter: 7/10

 

Team Sonic Racing:

 

Litt tvilsom historiemodus, og kanskje litt for få folk å spille med. Men til gjengjeld påvirker modifisering av go-karten faktiske stats, og team-mekanikken gjør spillet mye mer interessant. Konklusjon?

 

"Team Sonic Racing er eit solid kartspel, men det framstår som litt identitetslaust. Det har mykje positivt å by på, blant anna ei rekke artige banar, og ein ny lagmekanikk eg har lett for å sjå andre vil la seg inspirere av."

 

Karakter: 6/10

 

Hvordan kan du sitte her og si Sonic er et mye bedre kartspill på alle måter, og likevel gi det lavere karakter enn Crash Team Racing, som du sier rett ut at du vil legge fra deg rimelig kjapt? Skjønner ikke helt tankegangen her. Det er for øvrig samme anmelder på begge to. Jeg gir blaffen i selve score, men skjønner bare ikke hvorfor et spill som får en gjennomført negativ anmeldelse likevel er bedre enn et spill du likte?

 

Gameplaymekanikkane og banedesignet i Crash knuser Sonic, så enkelt. Som du kanskje fekk med deg om du tok deg bryet med å lese begge omtalene, har Sonic og problem med balansen. Team-mekanikken er kul, men den gjer på ingen måte spelet meir interessant enn mekanikkane i Crash.

 

Det blir heilt meiningslaust å svare meir inngåande når du selsktivt siler ut enkeltståande setningar og ignorerer konteksten rundt.

Schreiber
6 år siden

Gameplaymekanikkane og banedesignet i Crash knuser Sonic, så enkelt. Som du kanskje fekk med deg om du tok deg bryet med å lese begge omtalene, har Sonic og problem med balansen. Team-mekanikken er kul, men den gjer på ingen måte spelet meir interessant enn mekanikkane i Crash.

 

Det blir heilt meiningslaust å svare meir inngåande når du selsktivt siler ut enkeltståande setningar og ignorerer konteksten rundt.

 

Ro deg ned, mann. Jeg har lest begge, og siterte konklusjonen, fordi jeg synes det er mest relevant. Det blir meningsløst å sitere hver eneste linje for linje. Crash fikk gjennomført negativ anmeldelse, Sonic fikk stort sett bra anmeldelse. Du sier rett ut at du likte Sonic, og vil legge Crash på hylle rimelig kjapt. Likevel får Crash bedre score enn Sonic? Jeg fatter bare ikke hvorfor. Karakterene virker bare å ha vært tatt ut av løse luften, uten noe basis i selve anmeldelsene. Nå sier jeg ikke at Sonic er et bedre spill, bare at jeg ikke skjønner karakterene spillene fikk. Det blir helt feil å skryte av mekanikken i ett spill, og kritisere det andre for nøyaktig samme mekanikk.

Øystein.F.
6 år siden

 

Ro deg ned, mann. Jeg har lest begge, og siterte konklusjonen, fordi jeg synes det er mest relevant. Det blir meningsløst å sitere hver eneste linje for linje. Crash fikk gjennomført negativ anmeldelse, Sonic fikk stort sett bra anmeldelse. Du sier rett ut at du likte Sonic, og vil legge Crash på hylle rimelig kjapt. Likevel får Crash bedre score enn Sonic? Jeg fatter bare ikke hvorfor. Karakterene virker bare å ha vært tatt ut av løse luften, uten noe basis i selve anmeldelsene. Nå sier jeg ikke at Sonic er et bedre spill, bare at jeg ikke skjønner karakterene spillene fikk. Det blir helt feil å skryte av mekanikken i ett spill, og kritisere det andre for nøyaktig samme mekanikk.

 

Eg er roleg, men takk for omtanken. Ingen ber deg om å sitere linje for linje, men om å sitere ting som er relevant ovanfor kvarandre. Det gjer du ikkje.

 

Det blir på ingen måte feil å kritisere mekanikken i eit spel, og rose mekanikkane i eit anna når dei er heilt forskjellige.

 

Å setje ein karakter kan ofte vere vanskeleg, spesielt i ein slik situasjon der vi på den eine sida har eit spel som er jamt over ok, men ikkje stort meir enn det, og på den andre eit veldig bra spel som har nokre ting som øydelegg.

 

Crash er eit betre spel, hadde det hatt ein betre balanse og nettkode kunne det raskt fått mykje betre karakter. Det er ikkje som om Crash ikkje har fått svi på karakteren for manglane.

Tesgah
6 år siden

Har hatt det mye moro med dette spillet i løpet av helga som gikk. Ser at spesielt pit stopen burde vært bedre, men gameplaymessig er dette topp. Anbefales

Siste fra forsiden