Strengt tatt var det berre eit spørsmål om tid, men no er det offisielt. Angry Birds vender tilbake til Star Wars-universet 19. september på iPhone og iPad, og lovar å by på mykje nytt for alle dei som aldri får nok av å kaste ting på andre ting. Det fortel Eurogamer.
I Angry Birds Star Wars II hamnar fokuset på den nyaste trilogien i serien. Det betyr at vi får kaste rundt på fugleversjonar av Qui-Gon Jinn, publikumsfavoritten Jar Jar Binks og Darth Maul. Rovio lovar at dei nye Star Wars-figurane vil få unike eigenskapar som byr på nytt destruksjonspotensiale.
Til dømes vil Darth Maul kome med sin doble lyssabel som kan mose veg gjennom tårn, medan Mace Windu kan kaste lyssabelen sin som ein boomerang.
Figurskanning
Den største nyhenda i Angry Birds Star Wars II er derimot at finnane hos Rovia har lete seg inspirere av suksessen Activision har gjort med Skylanders. Der kan du skanne inn ulike figurar for å få dei inn i spelet, og det same vil bli gjeldande i Angry Birds Star Wars II gjennom det dei kallar Telepods.
Ein Telepod er ein figur i plastikk som du held over kameraet på iPhone eller iPad, slik at dei vil dukke opp i spelet. Med tanke på alle Angry Birds-effektane som allereie er i omløp seier det seg vel nesten sjølv at dette vil selje som varmt brød på ein iskald dag på Hoth.
Les også: Angry Birds blir film Les også: Temple Run 2 knabber rekord fra Angry Birds Space