AMD viser fram nye skjermkort i november

Det melder selskapet på Twitter.

AMD

I kveld er det duka for pressekonferanse om Nvidia sin nye serie med skjermkort, men AMD stal ein del av merksemda då dei fyrte ut ei melding på Twitter tysdag ettermiddag.

AMD skriv at dei planlegg å vise fram RX 7000-serien, basert på RDNA 3-arkitekturen, 3. november. Dei kjem til å dele meir informasjon seinare.

AMD har tidlegare sagt at dei siktar på å betre energieffektiviteten sin med minst 50 prosent samanlikna med 6000-serien.

Det står i klar kontrast til rykteflaumen om Nvidia sine skjermkort, som ifølge rykta kjem til å kreve mykje meir straum enn dagens generasjon.

Det får me sannsynlegvis vite meir om i løpet av kvelden.

Siste fra forsiden