278 millionar i minus

Oslo-selskapet fortset tapa inn mot Dune: Awakening, men har styrka eigenkapitalen med over 700 millionar kroner.

Rui Casais er administrerande direktør i Funcom.
Funcom

Funcom jobbar frenetisk med å lande siste finpuss på Dune: Awakening, som dei har investert hundrevis av millionar kroner i.

Selskapet utgjer ein betydeleg del av omsetninga til den norske spelbransjen. No er tala for 2023 klare.

Årsrekneskapen til Funcom Oslo viser eit underskott på 278,5 millionar kroner. Funcom er inne i ein investeringsfase, og det er slik sett ikkje overraskande.

Omsetninga hamna på 344 millionar kroner. I 2022 fekk dei inn 398,5 millionar. Kostnadane er også reduserte, frå 554,5 millionar i 2022 til 519 millionar i 2023.

Funcom trur dei vil fortsette å blø pengar fram til lanseringa av Dune: Awakening.

Dei store inntektene kjem først rundt eit halvt år etter lansering, har toppsjef Rui Casais tidlegare uttalt til Gamer.no.

– Me er framleis i ein fase med tung investering, og det er difor tala ser slik ut. Denne fasen held fram ut neste år, så må det snu rundt. Det kjem litt an på tidslinja rundt lanseringa av spel og når pengane kjem inn, sa Casais til Gamer.no i november.

Ein del av strategien for å halde skuta gåande har vore å redusere lånegraden.

Gjelda er redusert frå 700 millionar i 2022 til 436 millionar i 2023, mens eigenkapitalen auka frå 152 millionar til 871 millionar.

Dette blei gjort ved å konvertere 940 millionar frå gjeld til eigenkapital, frå morselskapet Funcom SE.

LES OGSÅ: Funcom-sjefen måtte seie opp bestevenen: – Tungt

LES OGSÅ: Dette tente norske spelutviklarselskap i 2022

Kommentarer (12)

Logg inn for å delta i diskusjonen.
Tråd
Medlem-544648
9 måneder siden

For Guds skyld Funcom, la Dune spillet være bra. Please please please. Hvis ikke... Bye bye og Nav neste på dere.

Aiven
9 måneder siden

"Dette blei gjort ved å konvertere 940 millionar frå gjeld til eigenkapital, frå morselskapet Funcom SE."

Det er godt mulig denne setningen gir mening, men noen som kan dekryptere for oss lekmenn?

Brother Ursus
9 måneder siden
12 minutes ago, Aiven said:

"Dette blei gjort ved å konvertere 940 millionar frå gjeld til eigenkapital, frå morselskapet Funcom SE."

Det er godt mulig denne setningen gir mening, men noen som kan dekryptere for oss lekmenn?


Jeg vil anta at det betyr at man har tatt opp "kontantlån".

Hvordan man kan gjøre det og bedre kredittratingen forstår jeg imidlertid ikke, med mindre man har noe i pant.

Mag ne
9 måneder siden
Aiven skrev (40 minutter siden):

"Dette blei gjort ved å konvertere 940 millionar frå gjeld til eigenkapital, frå morselskapet Funcom SE."

Det er godt mulig denne setningen gir mening, men noen som kan dekryptere for oss lekmenn?

I stedet for å betale lånet tilbake så betaler de  med aksjer, altså eierandeler, i selskapet.

Kombucha
9 måneder siden
Aiven skrev (4 timer siden):

"Dette blei gjort ved å konvertere 940 millionar frå gjeld til eigenkapital, frå morselskapet Funcom SE."

Det er godt mulig denne setningen gir mening, men noen som kan dekryptere for oss lekmenn?

Det høres nok litt kryptisk ut, men skal prøve å forklare jeg også. Forstår det slik at «moderselskapet» Funcom SE har overført midler til Funcom Norge (enten ved å foreta aksjekjøp til dette eller tilsvarende) for at Oslo-avdelingen så kunne nedbetale på lånene sine. Nøkkelen er at de tilbakebetalte på lånene sine og dermed reduserte lånebelastningen og ser bedre ut når egenkapital/gjeld-raten ser nå fordøyelig ut. Noen måtte rett å slett gi dem penger på sett og vis (som ville gi en tilsvarende økning i egenkapitalen).

Og en liten presisering om moderselskapet: på engelsk wiki står det vel at Tencent er moderselskapet mens Funcom SE er en søsteravdeling , så det måtte i så fall være «mammaen» som måtte ha beordret søstera til å hjelpe søskenet sitt med å bedre passiva-sammensetningen.

Siste fra forsiden