Etter ti år hos Uncharted- og The Last of Us-studioet Naughty Dog slutta Amy Hennig i jobben sin for omlag ein månad sidan. I løpet av karriæra hos Naughty Dog har ho hatt ein svært viktig posisjon som både forfattar og regissør for både Jak & Daxter-serien og Uncharted-spela. Før Naughty Dog jobba ho med Legacy of Kain-serien hos Crystal Dynamics.
Ryktebørsen fekk blod på tann etter at Hennig slutta hos Naughty Dog, og det blei fremja påstandar om at ho hadde blitt pressa ut av kollegaer. Dette blei blankt avvist av Sony.
Ein galakse langt borte
Uavhengig av kva omstendene var rundt Hennigs avskjed har ho no funne seg ein ny jobb. Via EAs nettsider fortel Visceral Games-sjef Steve Papoutsis at Amy Hennig no har fått ny jobb hos Visceral Games, der ho skal leie utviklinga av eit nytt spel i Star Wars-universet.
Visceral Games er best kjende for Dead Space-serien, men laga òg for nokre år sidan actionspelet Dante's Inferno som sende oss til helvete på ein noko makaber tur. Før studioet fekk namnet Visceral Games har dei utvikla både Ringenes Herre- og James Bond-spel.
Akkurat no veit vi ingenting om Hennings Star Wars-spel. Hennig uttrykkjer sjølv stor glede over sin nye jobb på Twitter, der ho fortel om kor viktig Star Wars har vore for henne.
Det har vore fleire endringar ho Naughty Dog og andre Sony-studio den siste tida. God of War-studioet Santa Monica Studio kutta nyleg i staben, og Uncharted-regissør Justin Richmond er ein annan Uncharted-veteran som har slutta hos Naughty Dog for å søkje lukka hos League of Legends-studioet Riot Games.