Nye konsollar betyr som regel at det meste av gammalt utstyr raskt mistar nytteverdien sin. Ekstra sårt er slikt for slåssespelentusiastar som gjerne bruke solide summar på å kjøpe seg gode slåssestikker.
Blant slåssespelpublikummet har mange såleis naturlegvis vore spente på om dei ville får bruke sine gamle stikker når Ultra Street Fighter IV lanserast på PlayStation 4 neste veke. I ei fersk oppdatering på PlayStation-bloggen har Sony gode nyhende til dei som ventar på nye basketak med gamle heltar.
Får full FightStick-støtte
I tillegg til full støtte for PlayStation 4-slåssestikkene i FightStick-serien, vil Ultra Street Fighter IV få full støtte for FightStick-kontrollarar laga for PlayStation 3. Dette har blitt gjort mogleg ved at Capcom har inkludert Fightstick-driverar utvikla av Skullgirls-studioet Lab Zero.
Ultra Street Fighter IV vil ikkje by på mykje nytt når det lanserast på PlayStation 4 26. mai, men det vil servere slåssespelet på eit 1080p-fat dandert med 60 bilete i sekundet. I tillegg byr Capcom på ein smakfull dessert beståande av alt av DLC som er lansert til no.
Ved sidan av Ultra Street Fighter IV har Capcom meir slåssing i vente for PlayStation 4-publikummet. I fjor avslørte dei at Street Fighter V er under utvikling eksklusivt for PC og PlayStation 4.