Den travle gjengen hos Telltale Games har avslørt enda eit komande prosjekt. Denne gong har dei slått seg saman med Marvel Entertainment. Det bør ikkje vere vanskeleg å tenkje seg fram til kva dette betyr. Marvel Entertainment gjennom ei årrekke vore leverandørar av teikneseriar om superheltar, og har dei siste åra hatt enorm suksess med ei rekke filmar basert på fleire av desse heltane.
Ingen detaljar om Telltale Games sitt prosjekt er kjende enno, bortsett frå at det som vanleg vil bli eit episodisk spel, og at det skal lanserast i 2017.
Korleis Telltale Games sitt fokus på historier og dialog vil passe inn i Marvels overdådige actionsekvensar gjenstår å sjå.
Travle eventyrskaparar
Telltale Games har ei lang liste spel under produksjon for tida. Nye sesongar av The Walking Dead og The Wolf Among Us ventast i framtida, og akkurat no er vi midtvegs i Game of Thrones og Tales From the Borderlands.
Ved sidan av desse spelseriane har Telltale i tillegg avslørt at dei skal lage spel basert på Minecraft. Nyleg blei det òg kjent at Telltale Games har alliert seg med Lionsgate Films for å både produsere originale kreasjonar, samt spel basert på Lionsgates eigendomar, og kanskje skal Lionsgate stå for filmar basert på Telltale-spel.