I desse tider gjer dei fleste store utviklarstudioa seg klare til å lansere sine første spel for dei komande konsollane PlayStation 4 og Xbox One. Blant dei finn vi Ubisoft med det ambisiøse sandkassespelet Watch Dogs. I dette spelet tek du på deg rolla som hackaren Aiden, og du vil kunne bruke alt frå rå makt, til list og hacking av mobiltelefonar for å løyse oppdraga i spelet.
Etter planen skulle Watch Dogs dukke opp i butikkhyllene 21. november til Windows og PlayStation 4, så vel som PlayStation 3, Xbox 360 og Wii U. Ein Xbox One-versjon vil dukke opp her til lands når den konsollen lanserast til våren.
Treng meir tid
I ei pressemelding skriv Ubisoft at det ikkje berre blir Xbox One-versjonen som først dukkar opp til våren. Sidan utviklarane har innsett at dei treng litt meir tid på å finpusse spelet har dei valt å utsetje spelet til våren, utan å spesifisere nokon ny dato.
Ubisoft forklarar tanken bak utsetjinga på denne måten:
«Frå starten av har ambisjonane våre vore å lage noko som verkeleg viser kva vi vil sjå i spel for neste generasjon. Med dette i tankane har vi tatt det vanskelege valet å utsetje spelet til våren 2014.»
«Mange spør seg sjølv sikkert kvifor dette skjer no, og det var ei vanskeleg avgjersle for oss. Vi bestemde oss tidleg for at vi ikkje ville inngå kvalitetsmessige kompromiss med Watch Dogs.. Etter kvart som lanseringsdagen kom nærare, og alle bitane kom på plass, innsåg vi at vi treng litt meir tid for å finjustere alle detaljane.»
Les også: Du må ikke være en drapsmaskin for å fullføre Watch Dogs
Les også: – Snowden-avsløringene viser hvor relevant Watch Dogs er