Førre veke kom meldinga om at Sony hadde selt studioet bak spel som EverQuest, Planetside og det ferske zombiespelet H1Z1. Selskapet som tidlegare heitte Sony Online Entertainment blei kjøpt opp av investorfirmaet Columbus Nova, og skifta namn til Daybreak Game Company.
Sjølv enkelte i studioet ytra glede over å få større fridom, og ikkje minst sjansen til å lage spel for andre plattformer, er nok ikkje alle like glade for endringa.
Strammar inn for ny kvardag
Onsdag kveld kom meldinga om at oppseiingar er i gong hos Daybreak, og sjølv om omfanget ikkje er kjent heilt enno, har to profilerte personar hatt sin siste dag på jobb. Desse er Linda Carlson og David Georgeson som begge har vore ansikt utad for selskapet.
Til Kotaku fortel Daybreak at oppseiingane kjem for å gjere selskapet betre rusta for å takle kvardagen som eit uavhenging studio. Stillingar ved både San Diego- og Austion-avdelingane vil forsvinne, men oppseiingane skal ikkje få konsekvensar for nokon av spela deira.
Daybreak Game Companys ferskaste spel H1Z1 blei lansert på Steam Early Access i midten av januar, men møtte raskt negative reaksjonar frå spelarane. Utviklarane hadde lova at spelet ikkje ville by på «pay 2 win»-funksjonar. Etter at spelarane fann moglegheita for å kjøpe luftleveransar med til dømes våpen og ammunisjon, følte fleire spelarar at dei hadde blitt ført bak lyset.