Deus Ex-serien har vore ein av dei større suksessane til Square Enix etter at dei kjøpte opp Eidos i 2009. Deus Ex: Human Revolution møtte jamt over gode kritikkar, og fekk i fjor ei forbetra utgåve i form av Deus Ex: Human Revolution: Director's Cut.
Serien fekk og eit heilt nytt kapittel i fjor i form av mobilspelet Deus Ex: The Fall. Her møtte vi ein ny hovudperson, og fekk bryne oss på sniking og valets kvaler i ei heilt ny form.
Snart Steam-lansering
I dag fortel Eurogamer at Deus Ex: The Fall er på veg til PC. Den nye versjonen av spelet vil få eit nytt kontrollsystem, og du kan velje å bruke både mus og tastatur, eller handkontroll. I tillegg vil opplæringsbiten av spelet få seg ei endring.
Mobilversjonen av spelet bydde på mikrotransaksjonar, men desse blir fjerna i Steam-versjonen av spelet. Spelet kjem i sal 25 mars, og om du er tidleg ute vil du få med Deus Ex – Game of the Year Edition på kjøpet.
Deus Ex-serien blir utvikla av Eidos Montreal. Dei har nett gjort seg ferdige med snikespelet Thief som vi nyleg tok ein kikk på. Dei har samtidig har store planar for framtida til Deus Ex-serien. Under det dei kallar Deus Ex: Universe vil dei utvikle Deus Ex-relaterte produkt både til PC, konsoll, nettbrett og smarttelefonar. Dei er allereie i gong med å skru saman eit Deus Ex-spel for PC, Xbox One og PlayStation 4.