Lanseringsdatoen til PlayStation 4 er klar

Sony satsar på å kapre mange juletre i år.

På sin pressekonferanse i Köln i kveld fortalte Sony at kraftpakken PlayStation 4 kommer i salg 29. november i Norge. Dermed vil konsollen garantert kome høgt på mange ønskelister før jul. Konsollen blir lansert i 32 land i motsetning til dei 13 Microsoft har nedjustert til. Lanseringa i USA blir 15. november.

Heilt sidan Sony avslørte PlayStation 4 på ein pressekonferanse i februar, har det vært mange spørsmål om pris og lanseringstidspunkt. Sony lova at maskina vil bli tilgjengeleg før jul, og overraska mange då dei kunngjorde at prisen blir berre 3490 norske kroner. Dette er 500 kroner billegare enn Xbox One frå konkurrenten Microsoft, og eit solid steg under dei 6000 kronene PlayStation 3 kosta då den blei lansert.

Alt klart for lansering.

Solid spelutval

19 spel vil bli tilgjengelege på lanseringsdagen, i tillegg vil Playroom kome installert på alle maskiner. I tillegg har Sony eit tilbod til dei som skulle kjøpe Call of Duty: Ghosts, Assassin's Creed IV: Black Flag og Watch Dogs til PlayStation 3. Innanfor eit ikkje spesifisert tidsrom vil alle som har kjøpt spela kunne kjøpe PlayStation 4-versjonane til ein sterkt redusert pris. Så langt har Activision, EA, Ubisoft og Warner Bros. blitt med på initiativet.

Pressekonferansen starta med at Sony-president Shuhei Yoshida tok ein liten gjennomgang av korleis brukargrensesnittet på PlayStation 4 vil sjå ut. Vi fekk ikkje veldig mange detaljar, men det ser ut til at Sony har lagt stor vekt på å gjere det svært lett å kome seg frå ein stad til ein anna, samt hoppe inn i spel på eit blunk.

Den nye konsollen køyrer på ein 64-bits åttekjernes x86-prosessor, noko som er eit kvantesprang vekk fra PlayStation 3-konsollens komplekse Cell-prosessor. I tillegg har Sony stappa eit «svært avansert grafikkort» inn i boksen som skal kunne handtere 2 teraflop/s. Sist, men ikkje minst, kroner 8GB GDDR5 RAM verket.

Desse PlayStation 4-spela er tilgjengelege frå lanseringsdagen:

Lekre Killzone Shadow Fall.
Snodige Knack.
  • Assassin's Creed IV: Black Flag
  • Battlefield 4
  • Call of Duty: Ghosts
  • DC Universe Online
  • DriveClub
  • FIFA 14
  • Just Dance 2014
  • Killzone Shadow Fall
  • Knack
  • LEGO Marvel Super Heroes
  • Madden NFL 25
  • Minecraft
  • NBA 2K14
  • NBA Live 14
  • Skylanders: Swap Force
  • Tiny Brains
  • Warframe
  • War Thunder
  • Watch Dogs

Vil du få beskjed om når PlayStation 4 kjem på lager i norske butikkar? Abboner på varsling gjennom vår prisguide.

Om du ikkje fekk med deg pressekonferansen kan du sjå den i opptak nedanfor.

Kommentarer (52)

Logg inn for å delta i diskusjonen.
Tråd
Bruker-104685
12 år siden

Alle tiders!

Tipper vi i Norge er en av disse 31 landene!

Da får jeg heldigvis enda en next-gen maskin til dette året allikevel.

Synes konferansen var som forventet, fokusert og bra gjennomført.

Boss-Znakemaster
12 år siden

Lanseringsdato Countdownklokke:

 

http://www.timeanddate.com/countdown/generic?p0=187&iso=20131129T12&year=2013&month=11&day=29&hour=12&min=0&sec=0&msg=Playstation%204%20lanseringsdato

Mr. Smartphone
12 år siden

Har forhåndsbestilt den så dette var bra. Men hvorfor kommer alt til the U.S før oss?

jihn
12 år siden

Hadde igrunnen forventet noe større ekslusive titler i dag, så er noe skuffet. Avbestiller ikke PS4, men kunne nesten like greit skaffa Xbox om den ble sluppet før.

fiskfisk
12 år siden

Har forhåndsbestilt den så dette var bra. Men hvorfor kommer alt til the U.S før oss?

 

Fordi USA er et større og mer homogent marked.

Siste fra forsiden