Her er studioet som tar over Killer Instinct

Etter Amazons oppkjøp av Double Helix har Microsoft funne ein ny partner for slåssespelet sitt.

I februar fekk vi høyre at den massive nettbutikken Amazon i ei uventa vending hadde kjøpt opp Double Helix. Dette utviklarstudioet har tidlegare laga spel som Silent Hill: Homecoming og Front Misson Evolved, og i nyare tid Killer instinct for Microsoft, samt Strider for Capcom.

Oppkjøpet betydde at Double Helix måtte avslutte si tid med slåssespelet Killer Instinct. Dette Xbox One-spelet føyer seg inn i rekka av spel som byr på «gratismodellen» der du får laste ned grunnspelet gratis, men må betale for utvidingar. I Killer Instinct får du ein figur gratis, medan alle andre må kjøpast.

Frå Street Fighter til Killer Instinct

Vakt deg for hunden.

Killer Instinct har blitt bygd opp etter ein sesongmodell der nye figurar blir gjort tilgjengelege med jamne mellomrom. Akkurat no er Double Helix i full sving med å gjere seg ferdige med sesong ein. For å halde Killer Instinct i live måtte Microsoft etter Amazons oppkjøp av Double Helix finne ein ny utgjevar, noko dei no har gjort.

Via Polygon får vi vite at det nye studioet som tek over framtida til Killer Instinct er Iron Galaxy Studios. Denne gjengen er på ingen måte nykomarar innan slåssespelsjangeren. Dei har tidlegare gjort fleire jobbar for Capcom med å pusse opp eldre slåssespel for eit nytt publikum. På CV-en sin har dei spel som Street Fighter 3: 3rd Strike Online Edition, Marvel vs. Capcom Origins, og Darkstalkers Ressurection.

Dei har i tillegg produsert nokre originale idear i form av det Angry Birds-inspirerte Kinect-spelet Wreckateer, og det tilgjengelege slåssespelet Divekick.

Iron Galaxy Studios vil i følgje Polygon ikkje gå drastisk til verks når dei tek over Killer Instinct, men vil i staden halde seg trufaste mot det fundamentet Double Helix har bygd når dei no går i gong med å skape den andre sesongen av Killer Instinct-innhald.

Sjølv om det på ingen måte er umogleg å oppdrive ein Xbox One-konsoll i landet vårt, har konsollen framleis ikkje fått offisiell lansering i Noreg. Den skjer ikkje før i september.

Ledige stillinger
Selger (30-70%)
Søknadsfrist:
Løpende
Erfarne Data Engineers
Søknadsfrist:
Løpende
Selger (22%)
Søknadsfrist:
Løpende
Head of Workshop
Søknadsfrist:
Løpende
Produksjonsmedarbeider / Tekniker
Søknadsfrist:
Løpende
Forsikringsrådgiver
Søknadsfrist:
Løpende
Funksjonsassistent
Søknadsfrist:
Løpende
Tekniker på Livredningsutstyr
Søknadsfrist:
Løpende
Bruktbilselger
Søknadsfrist:
Løpende
Prosjektleder
Søknadsfrist:
Løpende
Automasjon commission Engineers / Teknikere
Søknadsfrist:
Løpende
Forsikringsrådgiver
Søknadsfrist:
Løpende
Erfarne utviklere
Søknadsfrist:
Løpende
BPA assistent
Søknadsfrist:
Løpende
Data Platform Developer
Søknadsfrist:
Løpende
Servicerådgiver
Søknadsfrist:
Løpende
DevOps Engineer
Søknadsfrist:
Løpende
Restaurantmedarbeidere
Søknadsfrist:
Løpende
Produktingeniør
Søknadsfrist:
Løpende
Bilmekaniker
Søknadsfrist:
Løpende
Salgskonsulent
Søknadsfrist:
Løpende
BPA assistent
Søknadsfrist:
Løpende
Bilselger
Søknadsfrist:
Løpende
BPA assistent
Søknadsfrist:
20.03.2025
Nybilselger
Søknadsfrist:
Løpende
Systems Consultant – Virtualization
Søknadsfrist:
Løpende
Lead Mainframe Specialist – zHardware Systems (HMC/HCD)
Søknadsfrist:
Løpende
Selger (30-70%)
Søknadsfrist:
Løpende
Erfarne Data Engineers
Søknadsfrist:
Løpende
Selger (22%)
Søknadsfrist:
Løpende
Head of Workshop
Søknadsfrist:
Løpende
Produksjonsmedarbeider / Tekniker
Søknadsfrist:
Løpende
Forsikringsrådgiver
Søknadsfrist:
Løpende
Funksjonsassistent
Søknadsfrist:
Løpende
Tekniker på Livredningsutstyr
Søknadsfrist:
Løpende

Kommentarer (1)

Logg inn for å delta i diskusjonen.
Tråd
CommanderKeen
11 år siden

Dave Lang og Iron Galaxy kommer til å ta over hele verden.

Siste fra forsiden