Etter lanseringa 11. november strauma folk til for å spele Halo: The Master Chief Collection på nett. Det viste seg raskt å bli ein veldig vanskeleg prosess for dei aller fleste. Heilt sidan lanseringa har kampsøk tatt svært lang tid, og mange har gitt opp å spele noko anna enn dei fire kampanjane samlepakka byr på.
Tilegare i veka fekk vi beskjed om at ei oppdatering som skal fikse desse problema skulle kome i går, onsdag 19. november, men den blei raskt utsett til seinare i veka. I dag viser det seg heldigvis at det ikkje blir ei lang utsetjing, sidan Microsoft på Halo Waypoint har fortalt at oppdateringa kjem seinare i dag. Etter planen vil den bli tilgjengeleg i løpet av ettermiddagen amerikansk tid, og noko som kan bety det vil bli sein kveld før vi får sjå om fleirspelarmodusen er fiksa.
Oppdateringa kjem med ei lang liste forbetringar, og på Halo Waypoint kan du få full oversikt. Dei viktigaste endringane kjem i søket etter kampar og spelarar, men dei individuelle spela har og fått ei rekke forbetringar.
Suveren samlepakke
Då vi testa Halo: The Master Chief Collection var vi heldige og slapp unna problema spelarar rundt om i verda har støtt på. Vi hadde ei fantastisk reise gjennom Master Chiefs historie, og klinka til med full pott:
«Microsoft og 343 Industries set med Halo: The Master Chief Collection ein ny standard for korleis ei HD-utgåve av tidlegare spel skal gjerast. Alt er tilrettelagt så lettvindt som det kan gjerast, og pakka byr på nok innhald til å halde deg gåande i svært lang tid. Dette er ikkje berre ei samling med fire flott spel, det er ei kjærleikserklæring til fansen, og ein hyllast til alt serien har vore gjennom sidan starten i 2001.»
Forhåpentlegvis vil den nye oppdateringa sørgje for at alle andre får ei like knirkefri oppleving. Halo-fans er diverre ikkje dei einaste som har møtt på lanseringsproblem i haust. Assassin's Creed Unity har hatt ei rekke tekniske problem, og denne veka har PlayStation 4- og Xbox One-versjonane av Grand Theft Auto V bydd på irritasjonar for enkelte spelarar.