Dei siste åra har sesongpass blitt ein nesten sjølvsagt del av nye spel av større storleik. I staden for å kjøpe alt ekstrainnhald separat, kan du kjøpe eit slikt pass for å få alt nytt innhald levert automatisk.
No har Bethesda i ei pressemelding avslørt at dei vil tilby eit slikt sesongpass for dei som kjøper Fallout 4. I pressemeldinga fortel Bethesda at dei strengt tatt ikkje anar kva passet vil by på, men dei lovar likevel at det vil by på mykje innhald, og passet vil dekke alle utvidingar som vil kome til spelet. Produksjonen av ekstrainnhald og utvidingar vil starte så snart grunnspelet er ferdig.
Passet vil i statane få standardprisen på 30 dollar. Bethesda seier at basert på kor mykje ekstrainnhald dei har produsert til Fallout 3 og Skyrim, vil verdien på dette passet vere verdt minst 40 dollar.
Bethesda har absolutt vore flinke til å halde liv i spela sine etter lansering, men det er likevel noko pussig å selje noko utan å seie eit ord om kva du vil få.
Konsollstøtte for modifikasjonar
Nokre planar om framtida til Fallout 4 har likevel Bethesda spikra fast. Spelet vil få ei rekke gratis oppdateringar i tida etter lansering, og viser til Skyrim der dei blant anna introduserte kamp på hesterygg og visuelle forbetringar.
I tillegg vil Bethesda tidleg neste år lansere Fallout 4 Construction Kit, som er det same verktyet Bethesda har brukt for å byggje opp spelet. Bethesda har sidan Morrowind gjort det mogleg for kreative folk å enkelt lage nytt innhald til spela sine, men med Fallout 4 vil brukarmodifikasjonar for første gong bli tilgjengeleg på konsoll. I første omgang vil slikt ekstrainnhald kome til Xbox One, og seinare på PlayStation 4.
Vi tok ein kikk på Fallout 4 under årets GamesCom-messe, og hadde blant dette å seie om våre inntrykk:
«Fallout 4 ser ut til å bli gjenkjenneleg for dei fleste som har spelt nokre av dei føregående to spela, utan at det seier så mykje. Den store forandringa, i tillegg til det tidlegare annonserte systemet for bygging og busetjingar, er skytemekanikkane som har fått seg ei real overhaling. Vent deg eit djupare førstepersonsskytespel, meir responsive kontrollar, moglegheit for å bruke siktemidlane på våpna, og betydeleg mindre loking i V.A.T.S.»
Fallout 4 lanserast på PlayStation 4, Xbox One og Windows 10. november.