Då Microsoft viste fram kva vi har i vente når Xbox One blir lansert i november var Kinect Sports Rivals blant titlane. Sportsserien til dei gamle travarane i Rare har vore blant dei mest vellukka Kinect-titlane til Microsoft, og har bydd på i rekke ulike aktivitetar for aktive spelarar.
Kinect Sports Rivals vil bli ein viktig tittel for Microsoft for å demonstrere kva nye Kinect kan gjere. Den første utgåva av kameraet har slite om lysforhold og plass ikkje held topp kvalitet, medan det har vore grenser for kor nøyaktige detaljar kameraet kan lese.
Microsoft lovar derimot at Kinect 2 blir ti gongar kraftigare enn forgjengaren. Kameraet vil i følgje Microsoft kunne lese fingerrørsler, hjarterytme, om du er glad eller sur, samt kor mykje kraft du legg i armane dine.
Utsett til våren
No kan Polygon fortelje oss at vi må vente litt lengre på å få teste dette sjølv i Kinect Sports Rivals. Sportspelet har blit utsett til våren 2014 for å gi Rare meir tid til å finpusse spelet.
I Kinect Sports Rivals vil vi få seks sportsgreiner å bryne oss på, der fleire av dei er nye. Om du vil gi deg i kast med spelet kan du prøve deg på bowling, fjellklatring, jetski, tennis, fotball og skyting.
Les også: Ny heilomvending for Microsoft Les også: Xbox One-teamet skulle fått sparken