Mange tenkjer på Doom eller Wolfenstein når dei høyrer ordet «motorsag». Desse for si tid groteske spela var derimot berre blåkopiar av noko mykje verre. I 1987 lanserte minityrspelkongane Games Workshop brettspelet Chainsaw Warrior, der du eine og aleine skulle kome deg gjennom eit hav av zombier og mutantar.
I rolla som Chainsaw Warrior var det di oppgåve å reise til New York for å sage opp krypa som hadde teke over byen, og jage ut den store fienden som var årsak til kaoset. I spelet kjempa du mot tida, og det kunne vere brutalt vanskeleg.
Ny versjon
I ei pressemelding vi har fått tilsendt i dag fortel Games Workshop at dei har slått seg saman med indiestudioet Auroch Digital for å lage ein ny versjon av spelet, denne gong til mobile einingar, Windows og Mac.
Den nye versjonen av Chainsaw Warrior vil i følgje pressemeldinga halde seg tru mot røtene sine. Det vil bil eit spel du spelar heilt aleine, og det vil bli særs utfordrande. Pressemeldinga går så langt som å hevde at Chainsaw Warrior var den tids Dark Souls.
Om du saknar å få fotsolane dine smekka med ein spansk stokk kan dette altså heilt sikkert vere midt i blinken for deg.
Chainsaw Warrior kjem i sal for Android og iOS mot slutten av sommaren, Windows- og Mac-versjonane kjem seinare.
Les også: Brettspillet Talisman til PC og mobil Les også: Namco sikrer seg Warhmmer-lisens