Etter at THQ gjekk konkurs tidlegare i år blei eigedomane deira spreidde for alle vindar. Ein av kjøparane var Gearbox som snappa opp rettane til Homeworld-serien til Relic Software.
Under PAX Australia i helga kunngjorde Borderlands-studioet omsider kva som er første stopp for strategiserien der du fartar rundt i rommet.
Gearbox er i full sving med å pusse opp Homeworld og Homeworld 2 for lansering på Steam og andre digitale plattformer, fortel GameSpot. Spela vil få betre grafikk og støtte høgare oppløysing, men utover dette har ikkje Gearbox sagt noko om fleire eventuelle endringar. Om du berre vil spele originalversjonane vil du tilsynelatande få dei med på kjøpet.
Nokon dato for når spela dukkar opp blei ikkje gitt.
Nytt innhald for Borderlands 2
Ved sidan av å kunngjere at Homeworld kjem til digitale plattformer kunne Gearbox under panelet sitt på PAX Australia fortelje at meir innhald er på veg til Borderlands 2. Ultimate Vault Hunter Upgrade Pack 2 vil la deg klatre opp ytterlegare elleve erfaringsnivå, samt skru opp utfordringa om du tykkjer spelet er for lett. Denne utvidinga vil bli tilgjengeleg i løpet av oktober.
Før den tid vil ei gratis oppdatering dukke opp som vil gje spelarane meir plass i inventaret, samt la dei bere med seg meir ammunisjon. Ved sidan av dette lova Gearbox at meir innhald er på veg i framtida, inkludert T.K Baha’s Bloody Harvest der du får kjempe mot eit sint graskar.
Les også: Full konflikt mellom Duke Nukem Forever-utviklerne Les også: Saksøker partene bak svake Aliens: Colonial Marines