Sidan starten i 1995 har det blitt lansert rundt omkring 20 Worms-spel. Opp gjennom åra har dei britiske utviklarane hos Team 17 prøvd seg på litt av kvart innanfor serien, deriblant Golf, Pinball og nokre spell i tredjeperson, men det er med dei todimensjonale røtene dei har gjort størst suksess.
Med så mange spel under beltet var det berre eit spørsmål om tid før Team 17 kunngjorde Worms 3 (!). Det har Team 17 no gjort, får vit vite i ei pressemelding.
Worms 3 blir utvikla utelukkande for mobile plattformer, og i første omgang betyr det iPad, iPhone og iPod Touch.
Nye element
Som seg hør og bør når ein kjend serie får ein nummerert oppfølgjar kjem Worms 3 med ein del endringar til formelen. Viktigast av dei ser ut til å bli at spelet no byr på eit klassesystem der du kan velje meitemarkar innanfor kategoriane Heavy, Scientist, Scout og den vanlege soldaten. Desse markane kan utøve vald mot kvarandre med nye våpen som Nora's Virus og Black Hole Bomb.
Spelet vil by på fleirspelarmoro for opp mot fire spelarar, samt ein einspelardel som byr på 27 ulike nivå. Ein ny kortmodus vil la deg samle inn 41 forskjellige kort som kan brukast for å oppnå strategiske fordelar i kampane.
Worms 3 kjem i sal for diverse iOS-platformer i løpet av tredje kvartal.
Les også: Anmeldelse: Worms: Revolution Les også: Slik skapte de Worms