Eit spel kjem som regel på eitt språk. Det kan bli oversett til ulike regionar i verda, men avhengig av kva språk du skulle velje vil alle snakke slik at du forstår kva som blir sagt. Det finnest naturlegvis unntak, men då er det ofte snakk om oppdikta språk med undertekstar.
CD Project RED vurderer å gjere noko heilt anna med sitt komande rollespel Cyberpunk 2077. For å auke opplevinga av at du reiser inn i ei multikulturell verd ser studioet på moglegheita for å la alle dei ulike personane i spelet snakke på morsmålet sitt, fortel Sebastian Stepien frå CD Project RED til dubscore.pl via VG247:
«Tanken er å spele inn alt på originalspråket. Om vi til dømes har mexicanarar i spelet vil dei snakke med dialekt, og dialogen vil verte spelt inn av mexicanske skodespelarar. Spelaren kan då prøve å bruke eit implantat for å oversetje kva som blir sagt. Avhengig av kor bra implantatet er, kan oversetjinga bli betre eller verre.»
Om dette blir ein ein del av spelet er ikkje avgjort enno. Skulle dette bli ein realitet kan det gjere svært mykje for å få verda i Cyberpunk 2077 til å framstå som ei truverdig og multikulturell verd.
Kva trur du noko slikt kan ha å seie for innlevinga i eit spel?
Les også: Ambisiøs Cyberpunk fra The Witcher-studioet Les også: Utsetjing for Shadowrun Returns