Resident Evil: Revelations til nye format

Capcom har kunngjort ein oppussa versjon av 3DS-spelet.

Rykta har gått si runde ei stund no, men no er det offisielt. 3DS-spelet Resident Evil: Revelations kjem til nye format til våren. Tidlegare har det vore spekulert i om spelet kanskje ville dukke opp til PlayStation 3 og Xbox 360, men Capcom har bestemt seg for å gjere spelet tilgjengeleg på enda fleire plattformer.

24. mai dukkar spelet opp på PC, PlayStation 3, Xbox 360 og Wii U. Det vil bli tilgjengeleg både i butikk og for nedlasting, har Capcom kunngjort i ei pressemelding. Det er derimot berre PC- og PlayStation 3-spelarane som får laste det ned på lanseringsdagen. Om du vil ha spelet på Xbox 360 eller Wii U må du vente til ein seinare dato som så langt ikkje er kjend.

Mykje mutert godis å bite tenna i her.

Sidan alle desse maskinene har litt meir kraft å by på enn ein liten 3DS får vi naturlegvis ei grafisk oppgradering, samt forbetra lyd fortel pressemeldinga. Samtidig får vi nokre fleire nye tillegg utover det originalspelet bydde på.

Vi møter blant anna ein heilt ny fiende, i tillegg til at vi får bryne oss på høgre vanskegrader. Raid-modusen har òg fått seg eit løft. I denne kan du spele aleine eller saman med andre mot bølgjer av fiendar. I denne får vi tilgang på nye våpen og eigenskapar. Om du vil kan du prøve deg på å spele som det muterte Hunk-beistet.

Om du lurer på om dette er noko du bør vente på, kan du ta ein kikk på vår omtale av 3DS-versjonen. Trass eit noko tungvindt kontrollsystem fekk det ein solid sjuar:

«Den episodebaserte måten forteljinga leggjast fram på, gjer ei høyst ordinær spenningshistorie til ei betydeleg meir interessant affære. Historia er rett og slett meisterleg fortalt, og spelet er svært vanskeleg å leggje frå seg. Det er riktig nok eit lite skår i gleda at Capcom insisterer på å overdrive bruken av oppsummerande filmsnuttar.»

Les også: Anmeldelse: Resident Evil 6 Les også: Anmeldelse: Resident Evil: Operation Raccoon City

Kommentarer (4)

Logg inn for å delta i diskusjonen.
Tråd
Bruker-104685
12 år siden

Dumt jeg kjøpte det på 3DS, var så grøtete og dårlig styring der

Kjøpes på tilbud enten til PC eller PS3 :)

JoseCuervo
12 år siden

Har dette på 3DS og spilte det med denne circle pad dingsen. Konge spill.

Kjøper dette glatt igjen på Xbox 360.

bjornhelge
12 år siden

denne gen beste resident evil spill blir det sakt på div fora, dette får mann sjekke ut når det kommer til ps3 :)

lardvader
12 år siden

Har dette på 3DS og spilte det med denne circle pad dingsen. Konge spill. Kjøper dette glatt igjen på Xbox 360.

 

Funker utmerket med Circle Pad Pro! Også et spill jeg kjøper til andre systemer når det dukker opp :)

Siste fra forsiden