Final Fantasy IV til mobil

Rollespel-klassikaren kjem til enda fleire format.

Final Fantasy IV dukka for første gong opp på Super Nintendo i 1991, og introduserte oss for eit fargerikt persongalleri der den mørke riddaren Cecil stod i sentrum. Sidan den tid har spelet sett sitt preg på det meste som kan krype og gå av portable konsollar.

Ved sidan av i nylansering for den original PlayStation-maskina i Japan i 1997, og seinare i Europa i 2002, har spelet dukka opp på GameBoy Advance, og den japanske maskina WonderSwan Color. Desse versjonane av spelet var rimeleg tru mot originalversjonen, og gav trauste fans ein meir eller mindre god grunn til å kjøpe spelet på ny.

Fleire grunnar fekk vi i 2008 då Final Fantasy IV dukka opp på Nintendo DS i ei gjenforteljing med 3D-grafikk og fleire små endringar på både kontrollar og mekanikkar. I fjor kom enda ein ny versjon til PSP, sjølv om denne sløyfa 3D-grafikken til fordel for høgre oppløysing og betre grafikk enn kva dei originale utgåvene kunne skilte med. Utover dette kan du òg få tak i spelet på Wii gjennom Virtual Console.

No er det på tide med atter eit gjensyn med Cecil og kompani. Square Enix har via den europeiske bloggen sin i dag kunngjort at Final Fantasy IV kjem til iOS. Denne versjonen blir basert på DS-versjonen, men vil la deg velje kva vanskegrad som passar deg best.

Nokon eksakt dato utover at det kjem snart går ikkje Square Enix ut med, men nokre brukarar på nettforumet NeoGAF har grava fram at spelet dukkar opp 20. desember. Der kjem det òg fram at spelet er på veg til Android neste år, sjølv om den europeiske Square Enix-bloggen ikkje seier noko om dette.

Les også: Ukens podcast: final Fantasy-spill på Super Nintendo Les også: Tilbakeblikk: Chrono Trigger

Ledige stillinger

Kommentarer (6)

Logg inn for å delta i diskusjonen.
Tråd
Slai
12 år siden

Håper de slipper til WP8 også rundt samme tid som de andre :) .

Oly
12 år siden

Og jeg som sterkt vurderte en PS Vita bare på grunn av PSP versjonen av FFIV (jeg takler ikke PSPens ghosting).

 

Dette kan bli den ultimate versjonen; jeg har rundet DS utgaven, som etter min mening hadde en irriterende høy vanskelighetsgrad. Bare det blir likt som på PSP utgaven når det gjelder in-game soundtracket; dvs at man kan velge mellom SNES utgaven eller den remastra utgaven (selv foretrekker jeg SNES utgaven av musikken).

 

Dette kjøpes på dagen det er å finne i Play Store på min Android-telefon.

 

 

(Det er Cecil i FFIV som jeg har som avatarbilde her for de som lurte ;) )

Lykketrolling
12 år siden

Først FF3, så FF4? Jeg våger nesten å håpe FF5 kommer til iOS etterhvert. Må bare bli ferdig med Baldur's Gate på iPad først. :)

bjornhelge
12 år siden

til mobil??... som angry birds... hahahaha!..

Lykketrolling
12 år siden

Failtroll fails... again. :p iOS = iPad og mobil. iPad. Den store, firkanta greia fra Apple. Du har kanskje hørt om den?

Siste fra forsiden