Kroken på døra for Kickstarter-spel

Bransjeveteranane bak Wizardry gir opp folkefinansiering.

Sjølv om Obsidian har slått jackpot med sin Kickstarter-kampanje for rollespelet Project Eternity, har det ikkje gått like bra for alle som har prøvd ut folkefinansiering. To av dei er bransjeveteranane Brenda Brathwaite and Tom Hall. For to veker sidan lanserte dei ein Kickstarter-kampanje for rollespelet Shaker.

Dette skulle etter planen vere eit rollespel i førsteperson. Utgangspunktet for spelet var Shaker-teknologien. Denne let deg sjå 100 år fram i tida, og langt tilbake i tid. Teknologien i spelet ville bli brukt for å finne potensielle problem i framtida, for å rette dei opp før dei utspelar seg.

Sjølv om utgangspunktet for spelet var interessant, har det ikkje vore nok til å vekke den heilt store entusiasmen blant folk. Etter 15 dagar har Brathwaite og Hall berre samla inn 250 000 dollar av den millionen ville ha, og på grunn av dette har dei no bestemte seg for å avslutte kampanjen, får vi vite via VG247. Mykje av skulda legg dei på seg sjølv, og i ei oppdatering på Kickstarter-sida si har dei blant anna følgjande å seie:

«Når alt kom til alt var ikkje ideen sterk nok til å byggje opp det momentumet vi trengde. Vi kunne sikkert ha laga det, og vi kunne kanskje ha kjempa oss til ein vellukka slutt. Etter å ha lest feedbacken dykkar og diskutert det internt, har vi derimot bestemt oss for å avlive Shaker og kome tilbake med noko sterkare.»

Det blir ingen Manse Macabre med det første.

Skrekkspel i limbo

Eit anna spel som har møtt veggen er Haunts: The Manse Macabre. Dette turbaserte skrekkspelet nådde målet sitt på 25 000 dollar tidlegare i år, men sidan utviklarane har støtt på ei lang rekke med uoverkommelege utfordringar har dei bestemt seg for å leggje det heile på is, fortel VG 247.

Det hovudsaklege problemet deira er at dei ikkje har ein einaste programmerer igjen. Alle har blitt opptekne med andre jobbar. Alle systema er på plass, men sidan ingen har evnene til å luke ut alle feila, har utviklarane sett seg nøydde til å skrinleggje prosjektet inntil vidare.

Alt håp er ikkje ute. Rick Dakan, sjefen for prosjektet, seier spelet vil bli ferdig ein gong, men sidan han ikkje kan love noko om når, vil han refundere alle som har lagt ut pengar.

Det store spørsmålet no er om dette berre er dei første teikna på baksida ved Kickstarter-bølgja. Enormt mange utviklarar har tydd til tenesta for å få finansiert sine draumeprosjekt, men sjølv om du skulle støtte utviklinga med lommeboka di finnest det ingen garanti for at du får noko igjen for dei.

Kva trur du? Er dette berre nokre små skår i gleda, eller er det den mørke skya som heng over Kickstarter?

Les også: Bayonette-skaper vurderer Kickstarter Les også: Klart for Beneath a Steel Sky 2

Ledige stillinger
Automasjon commission Engineers / Teknikere
Søknadsfrist:
Løpende
Head of Workshop
Søknadsfrist:
Løpende
Selger (22%)
Søknadsfrist:
Løpende
Prosjektleder
Søknadsfrist:
Løpende
Bruktbilselger
Søknadsfrist:
Løpende
Forsikringsrådgiver
Søknadsfrist:
Løpende
Lead Mainframe Specialist – zHardware Systems (HMC/HCD)
Søknadsfrist:
Løpende
Forsikringsrådgiver
Søknadsfrist:
Løpende
BPA assistent
Søknadsfrist:
20.03.2025
DevOps Engineer
Søknadsfrist:
Løpende
Selger (30-70%)
Søknadsfrist:
Løpende
Systems Consultant – Virtualization
Søknadsfrist:
Løpende
Erfarne utviklere
Søknadsfrist:
Løpende
Restaurantmedarbeidere
Søknadsfrist:
Løpende
Erfarne Data Engineers
Søknadsfrist:
Løpende
Produktingeniør
Søknadsfrist:
Løpende
Produksjonsmedarbeider / Tekniker
Søknadsfrist:
Løpende
BPA assistent
Søknadsfrist:
Løpende
Funksjonsassistent
Søknadsfrist:
Løpende
Bilmekaniker
Søknadsfrist:
Løpende
Data Platform Developer
Søknadsfrist:
Løpende
Tekniker på Livredningsutstyr
Søknadsfrist:
Løpende
Salgskonsulent
Søknadsfrist:
Løpende
BPA assistent
Søknadsfrist:
Løpende
Bilselger
Søknadsfrist:
Løpende
Nybilselger
Søknadsfrist:
Løpende
Servicerådgiver
Søknadsfrist:
Løpende
Automasjon commission Engineers / Teknikere
Søknadsfrist:
Løpende
Head of Workshop
Søknadsfrist:
Løpende
Selger (22%)
Søknadsfrist:
Løpende
Prosjektleder
Søknadsfrist:
Løpende
Bruktbilselger
Søknadsfrist:
Løpende
Forsikringsrådgiver
Søknadsfrist:
Løpende
Lead Mainframe Specialist – zHardware Systems (HMC/HCD)
Søknadsfrist:
Løpende
Forsikringsrådgiver
Søknadsfrist:
Løpende

Kommentarer (11)

Logg inn for å delta i diskusjonen.
Tråd
radiohodet
12 år siden

Kva trur du? Er dette berre nokre små skår i gleda, eller er det den mørke skya som heng over Kickstarter?

 

I det første tilfellet får jo alle pengene tilbake, siden de ikke nådde målet sitt. I det andre tilfellet, så er det jo litt av risikoen med å støtte folk uten en CV å vise til. Nå høres det jo ut som de allikevel får pengene tilbake da, og det er jo ganske flott om det stemmer. Tror de fleste som bruker Kickstarter er klar over risikoen.

 

Dette er nok bare små skår i gleden. De to andre store Kickstarterene nå, Hero-U (Quest for glory) og Star Citizen (Wing Commander) har i alle fall begynt veldig bra, så det legger nok ingen demper på givervilligheten til folk så lenge de tror på prosjektet.

cowboy bob
12 år siden

Ser ikke noe problem med dette egentlig, av de prosjektene jeg har backet som har nådd målet sitt (Wasteland 2, The Banner Saga, Kinetic Void, Legends of Eisenwald, Dead State, Knock-Knock og Project Eternity) virker det som om alle går fremover uten problemer. Kommer helt an på hvem man gir penger til rett og slett.

Shruggie
12 år siden

Caveat Backer ;)

Tangeter
12 år siden

Har selv troa på Obsidian. Skal større andre prosjekter så snart pengesekken kommer inn.

 

Godsaker
12 år siden

Ikke rart Shaker måtte gi opp når de må konkurrere med Grimoire på IndieGogo! :p

Siste fra forsiden